< 2 Kings 7 >
1 Elisha said, “Hear the LORD’s word. The LORD says, ‘Tomorrow about this time a seah of fine flour will be sold for a shekel, and two seahs of barley for a shekel, in the gate of Samaria.’”
Elisa svara: «Høyr Herrens ord! So segjer Herren: «I morgon dette bil skal dei på torget i Samaria få tvo settungar fint mjøl for ein dalar og fire settungar bygg for ein dalar.»»
2 Then the captain on whose hand the king leaned answered the man of God, and said, “Behold, if the LORD made windows in heaven, could this thing be?” He said, “Behold, you will see it with your eyes, but will not eat of it.”
Då tok hermannen som kongen studde seg på til ords og svara gudsmannen: «Um so Herren laga lukor på himmelen, so vilde sovore vera ugjerande!» Han svara: «Du skal få sjå det med eigne augo, men du fær eta av det.»
3 Now there were four leprous men at the entrance of the gate. They said to one another, “Why do we sit here until we die?
Utanfor byporten heldt seg fire spillsjuke menner. Dei sagde med kvarandre: «Kvifor skal me sitja her til me døyr?
4 If we say, ‘We will enter into the city,’ then the famine is in the city, and we will die there. If we sit still here, we also die. Now therefore come, and let’s surrender to the army of the Syrians. If they save us alive, we will live; and if they kill us, we will only die.”
Tek me den rådi å ganga inn i byen, so er det svolt i byen, og so døyr me der. Og vert me sitjande her, so døyr me og. Kom, lat oss heller ganga ut og gjeva oss yver til syrarlægret; let dei oss liva, so liver me; drep dei oss, so døyr me.»
5 They rose up in the twilight to go to the camp of the Syrians. When they had come to the outermost part of the camp of the Syrians, behold, no man was there.
Dei gav seg på veg i skumingi ut til i syrarlægret. Då dei kom til utkanten av lægret, fekk dei sjå det var ingen der.
6 For the Lord had made the army of the Syrians to hear the sound of chariots and the sound of horses, even the noise of a great army; and they said to one another, “Behold, the king of Israel has hired against us the kings of the Hittites and the kings of the Egyptians to attack us.”
Herren hadde late syrarlægret høyra ljod av vogner og hestar og ein stor her. Dei hadde sagt med kvarandre: «Å, Israels-kongen hev leigt hetitarkongarne og egyptarkongarne til å taka på oss!»
7 Therefore they arose and fled in the twilight, and left their tents, their horses, and their donkeys, even the camp as it was, and fled for their life.
Og dei hadde teke flugti i skumingi og rømt frå tjeldi sine og hestarne og asni sine og frå lægret slik som det stod; dei hadde rømt på harde livet.
8 When these lepers came to the outermost part of the camp, they went into one tent, and ate and drank, then carried away silver, gold, and clothing and went and hid it. Then they came back, and entered into another tent and carried things from there also, and went and hid them.
Då desse spillsjuke kom til utkanten av lægret, gjekk dei inn i eit tjeld og åt og drakk, og tok der sylv og gull og klæde, som dei gjekk av og gøymde. Sidan kom dei att og gjekk inn i eitt anna tjeld og tok det som der var og gjekk av gøymde det.
9 Then they said to one another, “We are not doing right. Today is a day of good news, and we keep silent. If we wait until the morning light, punishment will overtake us. Now therefore come, let’s go and tell the king’s household.”
Men so sagde dei med kvarandre: «Det er ikkje rett soleis som me fer åt. I dag kann me bera fram fagnadbod; me dreg skuld på oss um me tegjer og drygjer til morgons til det dagast. Kom, lat oss fortelja det i kongsgarden!»
10 So they came and called to the city gatekeepers; and they told them, “We came to the camp of the Syrians, and, behold, there was no man there, not even a man’s voice, but the horses tied, and the donkeys tied, and the tents as they were.”
Dei gjekk då og ropa til portvakti og fortalde: «Me kom ut i syrarlægret; det fanst inkje menneskje å sjå der; og ingi mannsrøyst var å høyra der; men hestarne og asni stod tjora, og tjeldi stod som dei plar standa.»
11 Then the gatekeepers called out and told it to the king’s household within.
Portvakti ropa tidendi ut, og ho vart fortald heilt inn i kongsgarden.
12 The king arose in the night, and said to his servants, “I will now show you what the Syrians have done to us. They know that we are hungry. Therefore they have gone out of the camp to hide themselves in the field, saying, ‘When they come out of the city, we shall take them alive, and get into the city.’”
Kongen reis då upp nattetid og sagde med mennerne sine: «Eg skal segja dykk kva syrarane hev i emning mot oss: Dei veit me svelt; so hev dei fare frå lægret og løynt seg uti marki; dei tenkjer me vil ganga ut or byen, so dei fangar oss livande og gjeng inn i byen.»
13 One of his servants answered, “Please let some people take five of the horses that remain, which are left in the city. Behold, they are like all the multitude of Israel who are left in it. Behold, they are like all the multitude of Israel who are consumed. Let’s send and see.”
Då svara ein av mennerne hans: «Lat oss taka fem av dei hestarne me hev att her inne - det kann ikkje ganga deim verre enn heile hopen av israelitar som er att her, eller verre enn heile hopen av israelitar som alt hev sett livet til - lat oss so senda bod av stad og sjå etter!»
14 Therefore they took two chariots with horses; and the king sent them out to the Syrian army, saying, “Go and see.”
So tok dei tvo vogner med hestar fyre. Kongen sende deim ut etter syrarheren. «Far av stad og sjå!» sagde han.
15 They went after them to the Jordan; and behold, all the path was full of garments and equipment which the Syrians had cast away in their haste. The messengers returned and told the king.
Dei for etter deim alt til Jordan, og fekk sjå heile vegen strådd med klæde og våpn som syrarane hadde kasta frå seg i hurten og sturten. Sendebodi kom att og melde det til kongen.
16 The people went out and plundered the camp of the Syrians. So a seah of fine flour was sold for a shekel, and two measures of barley for a shekel, according to the LORD’s word.
Folket gjekk då ut og plundra syrarlægret. Og soleis kom tvo settungar fint mjøl til å kosta ein dalar, og fire settungar bygg ein dalar, som Herren hadde sagt.
17 The king had appointed the captain on whose hand he leaned to be in charge of the gate; and the people trampled over him in the gate, and he died as the man of God had said, who spoke when the king came down to him.
Kongen sette den hermannen som han studde seg på, til å halda orden på torget. Men folket tråkka honom ned der på torget, og han døydde, soleis som gudsmannen hadde sagt, som han sagde då kongen kom ned til honom.
18 It happened as the man of God had spoken to the king, saying, “Two seahs of barley for a shekel, and a seah of fine flour for a shekel, shall be tomorrow about this time in the gate of Samaria;”
Og det gjekk so som gudsmannen hadde sagt med kongen: «Fire settungar bygg skal dei få for ein dalar, og tvo settungar fint mjøl for ein dalar, på torget i Samaria i morgon dette bilet.»
19 and that captain answered the man of God, and said, “Now, behold, if the LORD made windows in heaven, might such a thing be?” and he said, “Behold, you will see it with your eyes, but will not eat of it.”
Det var då hermannen svara gudsmannen: «Um so Herren laga lukor på himmelen, vilde sovore vera ugjerande.» Og han svara: «Du skal få sjå det med eigne augo, men du fær ikkje eta av det!»
20 It happened like that to him, for the people trampled over him in the gate, and he died.
Det gjekk honom so; folket trakka honom ned på torget, og det vart banen hans.