< 1 Samuel 15 >

1 Samuel said to Saul, “The LORD sent me to anoint you to be king over his people, over Israel. Now therefore listen to the voice of the LORD’s words.
Samuel sagde til Saul: «Det var meg Herren sende til å salva deg til konge yver Israel, folket sitt. So lyd no Herrens ord!
2 The LORD of Armies says, ‘I remember what Amalek did to Israel, how he set himself against him on the way when he came up out of Egypt.
So hev Herren, allhers drott, sagt: «Eg vil hemna det Amalek gjorde mot Israel med di han lagde seg i vegen for deim då dei drog upp frå Egyptarland.
3 Now go and strike Amalek, and utterly destroy all that they have, and do not spare them; but kill both man and woman, infant and nursing baby, ox and sheep, camel and donkey.’”
Gakk no ut og vinn yver amalekitarne! Du skal bannstøytte deim og alt det dei eig. Du skal ikkje tykkja synd i deim, men drepa både kar og kvende, småborn og sogborn, bu og smale, kamelar og asen.»»
4 Saul summoned the people, and counted them in Telaim, two hundred thousand footmen and ten thousand men of Judah.
So baud Saul ut herfolket og mynstra deim i Telajim; tvo hundrad tusund mann fotfolk og dessutan ti tusund mann frå Juda.
5 Saul came to the city of Amalek, and set an ambush in the valley.
Då Saul kom til Amalekbyen, sette han umsåtmenner i dalen.
6 Saul said to the Kenites, “Go, depart, go down from among the Amalekites, lest I destroy you with them; for you showed kindness to all the children of Israel when they came up out of Egypt.” So the Kenites departed from among the Amalekites.
Saul sagde til kenitarne: «Kom, skil dykk ut! Far undan frå amalekitarne, so eg ikkje skal gjera ende på dykk samstundes med deim! De synte då godhug mot alle Israels-borni då dei drog upp frå Egyptarlandet.» Då skilde kenitarne seg frå amalekitarne.
7 Saul struck the Amalekites, from Havilah as you go to Shur, which is before Egypt.
Saul vann yver amalekitarne og forfylgde deim frå Havila til fram imot Sur, som ligg austan for Egyptarland.
8 He took Agag the king of the Amalekites alive, and utterly destroyed all the people with the edge of the sword.
Han tok Agag, amalekitarkongen, livande til fange; og alt folket bannstøytte han og hogg deim ned.
9 But Saul and the people spared Agag and the best of the sheep, of the cattle, of the fat calves, of the lambs, and all that was good, and were not willing to utterly destroy them; but everything that was vile and refuse, that they destroyed utterly.
Men Saul og folket sparde Agag og det beste og det næstbeste av smalen og bufeet og lambi, alt som hadde verde; sovore vilde dei ikkje bannstøyta. Men alt skrapfeet og alle skrantne dyr, deim bannstøytte dei.
10 Then the LORD’s word came to Samuel, saying,
Herrens ord kom til Samuel:
11 “It grieves me that I have set up Saul to be king, for he has turned back from following me, and has not performed my commandments.” Samuel was angry; and he cried to the LORD all night.
«Eg angrar at eg gjorde Saul til konge! Han hev vendt seg burt frå meg og ikkje gjort det eg sette honom til.» Då harmast Samuel, og han ropa til Herren heile natti.
12 Samuel rose early to meet Saul in the morning; and Samuel was told, saying, “Saul came to Carmel, and behold, he set up a monument for himself, turned, passed on, and went down to Gilgal.”
Då Samuel reis upp tidleg um morgonen og gjekk til møtes med Saul, fekk han høyre gjete: «Saul hev fare til Karmel og reist seg eit æreminne der; so hev han snutt heim att og fare ned att til Gilgal.»
13 Samuel came to Saul; and Saul said to him, “You are blessed by the LORD! I have performed the commandment of the LORD.”
Då Samuel kom til Saul, sagde Saul til honom: «Velsigna vere du av Herren! No hev eg gjort det Herren sette meg til.»
14 Samuel said, “Then what does this bleating of the sheep in my ears and the lowing of the cattle which I hear mean?”
Samuel svara: «Kva er det for bræking som læt for øyro mine? Kva er det for rauting eg høyrer?»
15 Saul said, “They have brought them from the Amalekites; for the people spared the best of the sheep and of the cattle, to sacrifice to the LORD your God. We have utterly destroyed the rest.”
Saul sagde: «Frå amalekitarne hev dei ført deim hit. Folket sparde det beste av bufe og smale til slagtoffer åt Herren, din Gud. Resten bannstøytte me.»
16 Then Samuel said to Saul, “Stay, and I will tell you what the LORD said to me last night.” He said to him, “Say on.”
Samuel sagde til Saul: «Teg still! so vil eg kunngjera deg kva Herren hev sagt meg i natt.» Han sagde til honom: «Seg det!»
17 Samuel said, “Though you were little in your own sight, were not you made the head of the tribes of Israel? The LORD anointed you king over Israel;
Samuel sagde: «Du veit du vart hovding yver Israels-ætterne, då du tyktest deg sjølv ring. For Herren salva deg til konge yver Israel.
18 and the LORD sent you on a journey, and said, ‘Go, and utterly destroy the sinners the Amalekites, and fight against them until they are consumed.’
Og Herren sende deg av stad og sagde: «Gakk og bannstøyt desse syndarar amalekitarne! Før krig mot deim, til dess du hev tynt deim!»
19 Why then did not you obey the LORD’s voice, but took the plunder, and did that which was evil in the LORD’s sight?”
Kvifor lydde du ikkje Herren, men kasta deg yver herfanget og gjorde det som Herren mislikar?»
20 Saul said to Samuel, “But I have obeyed the LORD’s voice, and have gone the way which the LORD sent me, and have brought Agag the king of Amalek, and have utterly destroyed the Amalekites.
Saul svara Samuel: «Eg hev lydt Herren og gjenge vegen Herren sende meg. Eg hev ført Agag, amalekitarkongen, hit, og amalekitarne hev eg bannstøytt.
21 But the people took of the plunder, sheep and cattle, the best of the devoted things, to sacrifice to the LORD your God in Gilgal.”
Men folket tok av herfanget bufe og smale, det beste av det bannstøytte, til offer for Herren, din Gud, i Gilgal.»
22 Samuel said, “Has the LORD as great delight in burnt offerings and sacrifices, as in obeying the LORD’s voice? Behold, to obey is better than sacrifice, and to listen than the fat of rams.
Då sagde Samuel: «Meiner du Herren hev hugnad i brennoffer og slagtoffer likso mykje som i lydnad mot Herren? Nei, lydnad er betre enn likaste offeret, ope øyra betre enn feitaste veren.
23 For rebellion is as the sin of witchcraft, and stubbornness is as idolatry and teraphim. Because you have rejected the LORD’s word, he has also rejected you from being king.”
Trass er trollskap, einvisa er som avgudar og husgudar. Av di du vanda Herrens ord, hev han vanda deg, so du vert ikkje kanna konge lenger.»
24 Saul said to Samuel, “I have sinned; for I have transgressed the commandment of the LORD and your words, because I feared the people and obeyed their voice.
Saul sagde til Samuel: «Eg hev synda med di eg hev gjorde tvert imot det Herren baud meg og du tala til meg. Folket var eg rædd og gjorde deim til viljes.
25 Now therefore, please pardon my sin, and turn again with me, that I may worship the LORD.”
Men tilgjev no det eg hev synda! Ver med meg heim, so eg kann bøygja kne for Herren!»
26 Samuel said to Saul, “I will not return with you; for you have rejected the LORD’s word, and the LORD has rejected you from being king over Israel.”
Samuel sagde til Saul: «Eg vil ikkje vera med deg heim. Av di du hev vanda Herrens ord, hev Herren vanda deg, so du skal ikkje vera konge yver Israel.»
27 As Samuel turned around to go away, Saul grabbed the skirt of his robe, and it tore.
Då no Samuel snudde seg og vilde ganga, tok han tak i snippen på kappa hans, og reiv honom av.
28 Samuel said to him, “The LORD has torn the kingdom of Israel from you today, and has given it to a neighbor of yours who is better than you.
Då sagde Samuel til honom: «Herren hev i dag rive kongedømet yver Israel frå deg og gjeve det åt ein annan som er betre enn du.
29 Also the Strength of Israel will not lie nor repent; for he is not a man, that he should repent.”
Israels heider lyg ikkje og angrar ikkje. For ikkje eit menneskje er han, so han skulde angra.»
30 Then he said, “I have sinned; yet please honor me now before the elders of my people and before Israel, and come back with me, that I may worship the LORD your God.”
Han svara: «Eg hev synda. Men syn meg no den æra framfor dei øvste i folket mitt og heile Israel, at du er med meg heim, so eg kann bøygja kne for Herren, din Gud.»
31 So Samuel went back with Saul; and Saul worshiped the LORD.
So fylgde Samuel med Saul, og Saul bøygde på kne for Herren.
32 Then Samuel said, “Bring Agag the king of the Amalekites here to me!” Agag came to him cheerfully. Agag said, “Surely the bitterness of death is past.”
Samuel sagde: «Før hit til meg Agag, amalekitarkongen!» Då gjekk Agag fram til honom med lystig hug, med di han sagde: «Visst er det beiske i dauden burte!»
33 Samuel said, “As your sword has made women childless, so your mother will be childless among women!” Then Samuel cut Agag in pieces before the LORD in Gilgal.
Men Samuel sagde: «Liksom ditt sverd hev gjort kvinnor barnlause, soleis skal di mor verta barnlaus meir enn andre kvinnor.» Og Samuel gav Agag banehogg framfor Herren i Gilgal.
34 Then Samuel went to Ramah; and Saul went up to his house to Gibeah of Saul.
Samuel gjekk til Rama, og Saul for heim att til Sauls Gibea.
35 Samuel came no more to see Saul until the day of his death, but Samuel mourned for Saul. The LORD grieved that he had made Saul king over Israel.
Samuel vilde ikkje sjå Saul meir so lenge han livde. For Samuel syrgde yver Saul, av di Herren angra han hadde gjort Saul til konge yver Israel.

< 1 Samuel 15 >