< Lamentations 5 >

1 Remember, O Jehovah, what has come upon us. Behold, and see our reproach.
Kom i hug, Herre, kor det er med oss! Skoda etter og sjå, kor me er svivyrde!
2 Our inheritance is turned to strangers, our houses to aliens.
Vår arv er komen åt framande, våre hus åt utlendske menner.
3 We are orphans and fatherless. Our mothers are as widows.
Farlause er me vortne, hev ikkje far. Møderne våre er som enkjor.
4 We have drunken our water for money. Our wood is sold to us.
Me lyt kjøpa det vatnet me drikk, vår ved lyt me betala.
5 Our pursuers are upon our necks. We are weary, and have no rest.
Våre forfylgjarar hev me på halsen; me er trøytte, fær ikkje kvild.
6 We have given the hand to the Egyptians, and to the Assyrians, to be satisfied with bread.
Til Egyptarland rette me hand, til Assyria, vilde mettast med brød.
7 Our fathers sinned, and are not, and we have borne their iniquities.
Våre feder synda, dei er burte, me lyt bera deira misgjerningar.
8 Servants rule over us. There is none to deliver us out of their hand.
Trælar er våre herrar, og ingen riv oss ut or deira hand.
9 We get our bread at the peril of our lives, because of the sword of the wilderness.
Me søkjer vårt brød med livsens fåre for sverdet i øydemark.
10 Our skin is black like an oven, because of the burning heat of famine.
Vår hud er glodheit som omnen, for svolten som gneg og brenn.
11 They ravished the women in Zion, the virgins in the cities of Judah.
Kvende hev i Sion dei skjemt, møyar i byarne i Juda.
12 Rulers were hanged up by their hand. The faces of elders were not honored.
Hovdingar hengde dei med si hand, gamle viste dei ikkje vyrdnad.
13 The young men bore the mill, and the sons stumbled under the wood.
Ungmenne laut bera kverni, og gutar seig ned med vedbyrdi på.
14 The elders have ceased from the gate, the young men from their music.
Dei gamle sit ikkje lenger i porten, dei unge ikkje meir med sitt strengespel.
15 The joy of our heart is ceased, our dance is turned into mourning.
Det er slutt med vår hjartans gleda, vår dans er umsnudd til sorg.
16 The crown has fallen from our head. Woe to us! For we have sinned.
Kransen er fallen av vårt hovud; usæle me, at me hev synda!
17 For this our heart is faint. For these things our eyes are dim,
Difor er hjarta vårt sjukt, di so er augo våre dimme -
18 for the mountain of Zion, which is desolate. The foxes walk upon it.
for Sions fjell som ligg audt, der renner no revar ikring.
19 Thou, O Jehovah, abide forever. Thy throne is from generation to generation.
Du, Herre, sit æveleg konge, frå ætt til ætt stend din kongsstol.
20 Why do thou forget us forever, and forsake us so long time?
Kvi vil du oss æveleg gløyma, ganga frå oss dagarne lange?
21 Turn thou us back to thee, O Jehovah, and we shall be turned back. Renew our days as of old.
Vend oss, Herre, til deg, so kjem me; nya upp att våre dagar frå gamalt!
22 But thou have utterly rejected us. Thou are very angry against us.
For du kann vel ikkje reint ha støytt oss burt, vera so ovleg harm på oss.

< Lamentations 5 >