< Klagesangene 2 >
1 Hvor har dog Herren i Vrede lagt mulm over Zion, slængt Israels herlighed ned fra Himmel til Jord og glemt sine Fødders Skammel på sin Vredes Dag.
Kor hev Herren i sin vreide sveipt Sions dotter i myrkeskodda! Han kasta frå himmelen ned til jordi Israels herlegdom, og han kom ikkje i hug sin fotskammel på sin vreide-dag.
2 Herren har skånselsløst opslugt hver Bolig i Jakob, han nedbrød i Vrede Judas Datters Borge, slog dem til Jorden, skændede Rige og Fyrster,
Utan nåde lagde Herren i øyde alle Jakobs bustader. I sin vreide reiv han ned for dotteri Juda hennar sterke borger og kasta deim til jordi. Han vanhelga riket og hovdingarne.
3 afhugged i glødende Vrede hvert Horn i Israel; sin højre drog han tilbage for Fjendens Åsyn og brændte i Jakob som en Lue, der åd overalt.
I sin brennande vreide hogg han av alle Israels horn; han drog si høgre hand attende, endå fienden var der. Han brende Jakob lik ein eldsloge som øyder rundt ikring.
4 På Fjendevis spændte han Buen, stod som en Uven; han dræbte al Øjnenes Lyst i Zions Datters Telt, udgød sin Vrede som Ild.
Han spente sin boge som ein fiend’, med si høgre hand stod han fram som ein motstandar og drap alt våre augo hadde hugnad i. I tjeldet åt Sions dotter auste han ut sin vreide som ein eld.
5 Herren har vist sig som Fjende, opslugt Israel, opslugt alle Paladser, lagt Borgene øde, ophobet Jammer på Jammer i Judas Datter.
Herren er vorten som ein fiend’, han hev lagt Israel i øyde, lagt alle hennar slott i øyde, gjort tjon på hennar borgar; so hev han dunga i hop på dotteri Juda sorg og sut.
6 Han nedrev sin Hytte, lagde sit Feststed øde, HERREN lod Fest og Sabbat gå ad Glemme i Zion, bortstødte i heftig Vrede Konge og Præst.
Og han hev brote ned som av ein hage sin gard, øydelagt sin samlingsstad. Herren hev late både høgtid og kviledag verta avgløymde i Sion, og støytt ifrå seg konge og prest i sin harmfulle vreide.
7 Herren forkasted sit Alter, brød med sin Helligdom, hengav i Fjendens Hånd dets Paladsers Mure; man skreg i HERRENs Hus som på Festens Dag.
Herren forsmådde sitt altar, stygdest ved sin heilagdom. Murarne kring hennar slott gav han i fiendevald. Dei let si røysti ljoma i Herrens hus som på ein høgtidsdag.
8 HERREN fik i Sinde at ødelægge Zions Datters Mur, han udspændte Snoren, holdt ikke sin Hånd fra Fordærv, lod Vold og Mur få Sorg, de vansmægted sammen.
Herren etla øydeleggja muren for Sions dotter. Han strekte ut si mælesnor og heldt ikkje handi si att frå herjing. Og han let voll og mur syrgja; ormegta ligg dei der i lag.
9 I Jorden sank hendes Porte, Slåerne brød han. Blandt Folkene bor uden Lov hendes Konge og Fyrster, og ikke fanger Profeterne Syn fra HERREN.
Dei er sokne i jord, hennar portar, han hev brote og krasa hennar stengslor; hennar kongar og hovdingar er hjå heidningfolki, det bid ikkje meir nokor lov. Hennar profetar hev ikkje heller fenge nokor syn frå Herren.
10 Zions datters Ældste sidder på Jorden i Tavshed; på Hovedet kaster de Støv, de er klædt i Sæk; Jerusalems Jomfruer sænker mod Jord deres Hoved.
Dei sit på jordi tegjande, styresmennerne åt Sions dotter; dust hev dei drust uppi kruna, gyrdt seg med sekk. Dei luter mot jord sine hovud Jerusalems-møyarne.
11 Mine Øjne hensvinder i Gråd, mit Indre gløder, mit Hjerte er knust, fordi mit Folk er brudt sammen; thi Børn og spæde forsmægter på Byens Torve;
Mine augo talmast av tåror, det syd inni bringa og barm, og livri hev runne til jordi - for tjonet på mitt folks dotter; for born, jamvel sogborn vanmegtast på gatorne i byen.
12 hver spørger sin Moder: "Hvor er der Korn og Vin?" forsmægter på Byens Torve som en, der er såret, idet de udånder Sjælen ved Moderens Bryst.
Dei ropa til møderne sine: «Kvar er korn og vin?» vanmegtast som gjenomstungne på gatorne i byen då dei andast ved modersbarm.
13 Med hvad skal jeg stille dig lige, Jerusalems Datter, hvormed skal jeg ligne og trøste dig, Zions Jomfru? Thi dit Sammenbrud er stort som Havet, hvo læger dig vel?
Kva skal eg vitna for deg, kva skal eg likna deg attåt, du Jerusalems dotter? kva likning skal eg finna fram åt deg til å trøysta deg med, du møy, Sions dotter? For stor som eit hav er din skade, kven kann lækja deg?
14 Profeternes Syner om dig var Tomhed og Løgn, de afsløred ikke din Skyld for at vende din Skæbne, Synerne gav dig kun tomme, vildende Udsagn.
Dine profetar såg deg syner med fåfengd og dårskap; dei hev ikkje synt deg di misgjerning, so dine fangar kunde koma attende, men dei såg deg syner, fulle med fåfengd og forføringar.
15 Over dig slog de Hænderne sammen, de, hvis Vej faldt forbi, de hån fløjted, rysted på Hoved ad Jerusalems Datter: "Er det da Byen, man kaldte den fuldendt skønne, al Jordens Glæde?"
Dei slær henderne i hop yver deg, alle som gjeng vegen framum. Dei blistrar og rister på hovudet yver Jerusalems dotter: «Er dette byen som dei kalla «den storfagre», «ei frygd for all jordi»?»
16 De opspærred Munden imod dig, alle dine Fjender, hånfløjted, skar Tænder og sagde: "Vi opslugte hende; ja, det er Dagen, vi vented, vi fik den at se."
Dei spilar upp i mot deg sitt gap alle dine fiendar, blistrar og bit i hop tenner; dei segjer: «Me hev gløypt henne. Ja, dette er den dagen me stunda på; me fekk då liva og sjå den dagen.»
17 HERREN har gjort, som han tænkte, fuldbyrdet det Ord, han sendte i fordums Dage, brudt ned uden Skånsel, ladet Fjender glæde sig over dig, rejst Uvenners Horn.
Herren hev gjort det han hadde tenkt, hev fullført sitt ord, den rådgjerdi han tok alt i forne dagar; han hev rive ned utan nåde, og han let fienden frygda seg yver deg, let dine uvener bera hornet høgt.
18 Råb højt til Herren, du Jomfru, Zions Datter, lad Tårerne strømme som Bække ved Dag og ved Nat, und dig ej Ro, lad ikke dit Øje få Hvile!
Hjarto deira ropar til Herren. Du mur kring Sions dotter, du strigråte dag og natt! Unn deg ikkje kvild! Gjev ikkje din augnestein ro!
19 Stå op og klag dig om Natten, når Vagterne skifter, udøs dit Hjerte som Vand for Herrens Åsyn, løft dine Hænder til ham for Børnenes Liv, som forsmægter af Hunger ved alle Gadernes Hjørner.
Statt upp, ropa høgt um natti, når nattevaktene tek til! Renn ut som vatn ditt hjarta framfor Herrens åsyn! Lyft upp til honom dine hender til livsens frelsa for dine born, som vanmegtast av svolt på kvart gatemot!
20 HERRE se til og agt på, mod hvem du har gjort det. Skal Kvinder da æde den Livsfrugt, de kælede for, myrdes i Herrens Helligdom Præst og Profet?
Sjå, Herre, og skoda etter! Kven annan for du åt soleis? Skal kvende sitt avkjøme eta, småborn, som på armar dei ber? Skal ein slå i Herrens heilagdom prest og profet i hel?
21 I Gaderne ligger på Jorden unge og gamle, mine Jomfruer og mine Ynglinge faldt for Sværdet; på din Vredesdag slog du ihjel, hugged ned uden Skånsel.
På jordi i gatorne ligg ung og gamall. Mine møyar og gutar er falne for sverd. Du slo i hel på din vreide-dag, du slagta utan nåde.
22 Du bød mine Rædsler til Fest fra alle Sider. På HERRENs Vredes Dag undslap og frelstes ingen; min Fjende tilintetgjorde dem, jeg plejed og fostred.
Du kalla som på ein høgtidsdag rædslor mot meg alle stader ifrå; og på Herrens vreide-dag fanst det ingen som vart berga og slapp undan. Deim eg hev bore på armar og ale upp, hev min fiende tynt.