< Josua 23 >
1 Efter længere Tids Forløb, da HERREN havde skaffet Israel Ro for alle dets Fjender rundt om, og Josua var blevet gammel og til Års,
Då lang tid var lidi, og Herren hadde late Israel få fred for alle fiendar rundt ikring, og Josva var gamall vorten og ut i åri komen,
2 lod Josua hele Israel, de Ældste, Overhovederne, Dommerne og Tilsynsmændene kalde til sig og sagde til dem: "Jeg er blevet gammel og til Års.
då kalla Josva i hop heile Israel, styresmennerne og hovdingarne og domarane og formennerne deira, og sagde med deim: No er eg gamall og langt fram i åri;
3 I har selv set alt, hvad HERREN eders Gud har gjort ved alle disse Folkeslag foran eder; thi det var HERREN eders Gud, som kæmpede for eder.
og de hev sjølve set alt det Herren hev gjort med alle dei folki som laut røma for dykk; for det var Herren, dykkar Gud, som stridde for dykk.
4 Se, jeg har tildelt eders Stammer som Arvelod disse Folk, som er tilbage af alle de Folkeslag, jeg udryddede fra Jordan til det store Hav vestpå;
Dei veit eg hev luta ut åt dykk, ætt for ætt, dei riki som endå er att, og like eins alle deim eg hev lagt i øyde, frå Jordan og til Storhavet der soli gjeng ned.
5 og HERREN eders Gud vil trænge dem tilbage foran eder og drive dem bort foran eder, og I skal tage deres Land i Besiddelse, som HERREN eders Gud lovede eder.
Herren, dykkar Gud, skal sjølv støyta desse folki ut og driva deim burt for dykk, og de skal få eigna til dykk landet deira, soleis som Herren, dykkar Gud, hev lova dykk.
6 Vær nu stærke og faste, så I giver Agt på og handler efter alt, hvad der står skrevet i Moses's Lovbog, og ikke viger derfra til højre eller venstre
So ver no urikkeleg støde til å halda og gjera alt det som er skrive i lovboki åt Moses! Vik aldri av ifrå det, korkje til høgre eller vinstre!
7 og ikke indlader eder med disse Folk, som er tilbage iblandt eder; I må ikke påkalde deres Guders Navne eller sværge ved dem, ikke dyrke eller tilbede dem,
Gjev dykk ikkje i lag med desse folki, deim som er att hjå dykk! Tak ikkje namnet åt gudarne deira på tunga, sver ikkje ved deim, ten deim ikkje, og bed ikkje til deim,
8 men I skal holde fast ved HERREN eders Gud som hidtil.
men haldt fast ved Herren dykkar Gud, soleis som de hev gjort til denne dag!
9 Derfor drev jo HERREN store og mægtige Folkeslag bort foran eder. Ingen har kunnet holde Stand over for eder til denne Dag;
Difor dreiv Herren ut for dykk store og sterke folkeslag, og ingen hev til dessa vore god til å standa seg mot dykk.
10 een Mand iblandt eder jog tusinde på Flugt; thi det var HERREN eders Gud, som kæmpede for eder, som han havde lovet eder.
Ein einaste av dykk kunde jaga tusund; for det var Herren, dykkar Gud, som stridde for dykk, soleis som han hadde lova.
11 Våg da for eders Livs Skyld omhyggeligt over, at I elsker HERREN eders Gud!
So agta no vel på dykk sjølve, so sant de hev livet kjært, og elska Herren, dykkar Gud!
12 Thi dersom I falder fra og slutter eder til Levningerne af disse Folk, som er tilbage iblandt eder, og, besvogrer eder med dem eller, indlader eder i Forbindelse med dem,
For fell de ifrå, og held lag med dei folki som endå er att hjå dykk, og de gifter born i hop og blandar dykk med kvarandre,
13 så skal I vide for vist, at HERREN eders Gud ikke mere vil drive disse Folkeslag bort fra eder, men de skal blive eder en Snare og en Fælde, en Svøbe i eders Sider og Torne i eders Øjne, indtil I selv bliver udryddet fra dette herlige Land, som HERREN eders Gud gav eder.
so skal de vita for visst at Herren, dykkar Gud, aldri vil driva desse folki ut for dykk; men dei skal verta til ei snara og ei fella for dykk, og til ei svipa yver ryggen og tornar i augo dykkar, til dess de vert utrudde or dette gilde landet som Herren, dykkar Gud, hev gjeve dykk.
14 Se, jeg går nu al Støvets Gang; så betænk da med hele eders Hjerte og hele eders Sjæl, at ikke eet af alle de gode Ord, HERREN eders Gud talede til eder, faldt til Jorden; alle sammen er de gået i Opfyldelse for eder; ikke eet Ord deraf faldt til Jorden.
No fer eg snart den vegen alt her på jordi lyt fara. Kom då i hug, og lat det aldri ganga dykk or minne, at ikkje eit einaste av alle dei gode ordi som Herren, dykkar Gud, hev lyst yver dykk, hev vorte um inkje; alt hev gjenge fram; aldri eit ord hev vorte um inkje.
15 Men ligesom alle de gode Ord, HERREN eders Gud talede til eder, gik i Opfyldelse på eder, således vil HERREN også lade alle sine Trusler gå i Opfyldelse på eder, indtil han har udryddet eder fra dette herlige Land, som HERREN eders Gud gav eder.
Men liksom det hev gjenge etter alle dei gode ordi som Herren, dykkar Gud, hev tala til dykk, soleis skal Herren lata alt det vonde han hev truga med koma yver dykk, til han hev rudt dykk ut or dette gilde landet som han hev gjeve dykk.
16 Når I overtræder HERREN eders Guds Pagt, som han pålagde eder, og går hen og Dyrker andre Guder og tilbeder dem, så vil HERRENs Vrede blusse op imod eder, og I vil hastelig blive udryddet fra det herlige Land, han gav eder!"
Bryt de sambandet med Herren, dykkar Gud, det som han hev sagt at det skal halda, og gjeng de av og tener andre gudar og bed til deim, då skal Herrens harm loga imot dykk, og de skal vonom snøggare verta utrudde or det gilde landet han hev gjeve dykk.