< Første Kongebog 22 >
1 De holdt sig nu rolige i tre År, der var ikke Krig mellem Aram og Israel.
No heldt dei seg rolege i tri år; det var ingen ufred millom Syria og Israel.
2 Og i det tredje År drog Kong Josafat af Juda ned til Israels Konge.
Men i det tridje året bar det so til at Josafat, Juda-kongen, drog ned til Israels-kongen.
3 Da sagde Israels Konge til sine Folk: "I ved jo, at Ramot i Gilead hører os til, og dog rører vi os ikke for at tage det fra Arams Konge!"
Då sagde Israels-kongen til mennerne sine: «Veit de ikkje at Ramot i Gilead høyrer oss til? Men me sit rolege og tek ikkje byen ifrå syrarkongen.»
4 Og han sagde til Josafat: "Vil du drage med i Krig mod Ramot i Gilead?" Josafat svarede Israels Konge: "Jeg som du, mit Folk som dit, mine Heste som dine!"
Og han sagde til Josafat: «Vil du draga med meg til strid um Ramot i Gilead?» Og Josafat sagde til Israels-kongen: «Eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»
5 Josafat sagde fremdeles til Israels Konge: "Spørg dog først om, hvad HERREN siger!"
Men Josafat sagde til Israels-kongen: «Spør like vel fyrst Herrens ord til råds!»
6 Da lod Israels Konge Profeterne kalde sammen, henved 400 Mand, og spurgte dem: "Skal jeg drage i Krig mod Ramot i Gilead, eller skal jeg lade være?" De svarede: "Drag derop, så skal HERREN give det i Kongens Hånd!"
Då stemnde Israels-kongen saman profetarne, kring fire hundrad mann, og spurde dei: «Skal eg draga ut og strida um Ramot i Gilead, eller skal eg lata vera?» Dei svara: «Drag dit upp! Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»
7 Men Josafat spurgte: "Er her ikke endnu een af HERRENs Profe ter, vi kan spørge?
Men Josafat spurde: «Er det ikkje endå ein av Herrens profetar her, so me kunde spyrja Herren gjenom honom?»
8 Israels Konge svarede: "Her er endnu en Mand, ved hvem vi kan rådspørge HERREN; men jeg hader ham, fordi han aldrig spår mig godt, kun ondt; det er Mika, Jimlas Søn." Men Josafat sagde: Således må Kongen ikke tale!"
Israels-kongen svara: «Det er endå ein mann som ein kann spyrja Herren ved, men eg hatar honom, for di han spår meg aldri noko godt, men berre vondt; det er Mika Jimlason.» Josafat sagde: «Soleis må ikkje kongen tala!»
9 Da kaldte Israels Konge på en Hofmand og sagde: "Hent hurtig Mika, Jimlas Søn!"
Då kalla Israels-kongen på ein hirdmann og sagde: «Henta snøgt Mika Jimlason!»
10 Imidlertid sad Israels Konge og Kong Josafat af Juda, iført deres Skrud, hver på sin Trone i Samarias Portåbning, og alle Profeterne spåede foran dem.
Israels-kongen og Juda-kongen Josafat sat klædde i sine skrud på kvar sin kongsstol, på treskjarvollen ved inngangen til byporten i Samaria, og alle profetarne spådde framfyre deim.
11 Da lavede Zidkija, Kena'anas Søn, sig Horn af Jern og sagde: "Så siger HERREN: Med sådanne skal du støde Aramæerne ned, til de er tilintetgjort!
Sidkia, son åt Kena’ana, gjorde seg horn av jarn og sagde: «So segjer Herren: «Med slike horn skal du stanga syrarane til du tynar deim.»»
12 Og alle Profeterne spåede det samme og sagde: "Drag op mod Ramot i Gilead, så skal Lykken følge dig, og HERREN vil give det i Kongens Hånd!"
Og alle profetarne spådde på same måten og sagde: «Drag upp til Ramot, so skal du få siger, og Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»
13 Men Budet, der var gået efter Mika, sagde til ham: Se, Profeterne har alle som een givet Kongen gunstigt Svar. Tal du nu som de og giv gunstigt Svar!
Sendemannen som var gjengen og skulde henta Mika, sagde til honom: «Profetarne hev samrøystes lova kongen lukka, lat då ordi dine samstavas med deira, og lova lukka du og!»
14 Men Mika svarede: "Så sandt HERREN lever: Hvad HERREN siger mig, det vil jeg tale!
Men Mika svara: «So sant som Herren liver, vil eg berre tala det som Herren segjer til meg.»
15 Da han kom til Kongen, spurgte denne ham: "Mika, skal vi drage i Krig mod Ramot i Gilead, eller skal vi lade være?" Da svarede han: "Drag derop, så skal Lykken følge dig, og HERREN vil give det i Kongens Hånd!"
Då han no kom til kongen, sagde kongen til honom: «Mika, skal me draga av stad og strida um Ramot i Gilead, eller skal me lata det vera?» Då sagde han: «Drag upp, so skal du få siger, og Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»
16 Men Kongen sagde til ham: "Hvor mange Gange skal jeg besvære dig, at du ikke siger mig andet end Sandheden i HERRENs Navn?"
Men kongen sagde til honom: «Kor mange gonger skal eg taka deg i eid på at du ikkje vil segja meg anna enn sanningi i Herrens namn?»
17 Da sagde han: Jeg så hele Israel spredt på Bjergene som en Hjord uden Hyrd: og HERREN sagde: De Folk har ingen Herre, lad dem vende tilbage i Fred, hver til sit!
Då sagde han: «Eg såg heile Israel spreidt i fjelli som ein saueflokk utan hyrding; og Herren sagde: «Dei der hev ingen herre, lat deim snu heim att i fred, kvar til sitt!»»
18 Israels Konge sagde da til Josafat: "Sagde jeg dig ikke, at han aldrig spår mig godt, kun ondt!
Israels-kongen sagde til Josafat: «Sagde eg deg ikkje, at han aldri varslar meg noko godt, berre vondt?»
19 Da sagde Mika: "Så hør da HERRENs Ord! Jeg så HERREN sidde på sin Trone og hele Himmelens Hær stå til højre og venstre for ham;
Då sagde han: «So høyr då Herrens ord: Eg såg Herren sitja på sin kongsstol, og heile himmelheren stod der hjå honom på den høgre og den vinstre sida.
20 og HERREN sagde: Hvem vil dåre Akab, så han drager op og falder ved Ramot i Gilead? En sagde nu eet, en anden et andet;
Og Herren sagde: «Kven vil dåra Ahab, so han dreg upp og fell ved Ramot i Gilead?» Då sagde ein so og ein annan so.
21 men så trådte en Ånd frem og stillede sig foran HERREN og sagde: Jeg vil dåre ham! HERREN spurgte ham: Hvorledes?
Men då kom anden fram og stelte seg framfor Herren og sagde: «Eg skal lokka honom!» Herren spurde honom: «Korleis?»
22 Han svarede: Jeg vil gå hen og blive en Løgnens Ånd i alle hans Profefers Mund! Da sagde HERREN: Ja, du kan dåre ham; gå hen og gør det!
Han svara: Eg vil ganga ut og vera ei ljugarånd i munnen på alle profetarne hans.» Og han sagde: «Ja, du skal lokka honom, og du skal og greida det. Gakk av stad og gjer so!»
23 Se, således har HERREN lagt en Løgnens Ånd i alle disse dine Profeters Mund, thi HERREN har ondt i Sinde imod dig!"
Sjå no hev Herren lagt ei ljugarånd i munnen på alle desse profetarne dine, men Herren hev varsla ulukka yver deg.
24 Da trådte Zidkija, Kena'as Søn, frem og slog Mika på kinden og, sagde: "Ad hvilken Vej skulde HERRENs Ånd have forladt mig for at tale til dig?"
Då kom Sidkia, son åt Kena’ana, fram og slo Mika på kinni og sagde: «Kva veg hev då Herrens ande fare frå meg for å tala med deg?»
25 Men Mika sagde: "Det skal du få at se, den Dag du flygter fra Kammer til Kammer for at skjule dig!"
Men Mika sagde: «Det skal du få sjå den dagen du rømer frå kove til kove og vil gøyma deg.»
26 Så sagde Israels Konge: "Tag Mika og bring ham tilbage til Amon, Byens Øverste, og Kongesønnen Joasj
Då sagde Israels-kongen: «Tak Mika og før honom til byhovdingen Amon og kongssonen Joas,
27 og sig: Såleds siger Kongen: Kast denne Mand i Fængsel og sæt ham på Trængselsbrød og Trængselsvand, indtil jeg kommer uskadt tilbage!"
og seg: «Kongen byd dykk at det skal kasta denne mannen i fangehuset og setja honom på snaud kost til kongen kjem heim att med heilo!»»
28 Men Mika sagde: "Kommer du uskadt tilbage, så har HERREN ikke talet ved mig!" Og han sagde: "Hør, alle I Folkeslag!"
Men Mika sagde: «Kjem du heim att med heilo, då hev ikkje Herren tala gjenom meg!» Og so sagde han: «Høyr de folk, alle saman!»
29 Så drog Israels Konge og Kong Josafat af Juda op mod Ramot i Gilead.
So drog då Israels-kongen og Josafat, Juda-kongen, upp til Ramot i Gilead.
30 Og Israels Konge sagde til Josafat: "Jeg vil forklæde mig, før jeg drager i Kampen; men tag du dine egne Klæder på!" Og Israels Konge forklædte sig og drog så i Kampen.
Men Israels-kongen sagde til Josafat: «Eg vil klæda meg ut fyrr eg gjeng inn i striden; men hav du dine klæde på deg!» Og Israels-kongen klædde seg ut og gjekk inn i striden.
31 Men Arams Konge havde givet sine to og tredive Vognstyrere den Befaling: "I må ikke angribe nogen, være sig høj eller lav, uden Israels Konge alene!"
Men syrarkongen hadde gjeve det bodet til sine tvo og tretti hovdingar for stidsvognarne, at dei ikkje skulde taka på nokon, korkje liten eller stor, men berre Israels-kongen.
32 Da nu Vognstyrerne fik Øje på Josafat, tænkte de: "Det er sikkert Israels Konge!" Og de rettede deres Angreb mod ham. Da gav Josafat sig til at råbe;
Då no hovdingarne for stridsvognerne fekk auga på Josafat, tenkte dei: «Det er visseleg Israels-kongen!» Og dei vende seg til åtak på honom. Då sette Josafat i eit høgt rop.
33 og da Vognstyrene opdagede, at det ikke var Israels konge, trak de sig bort fra ham.
Og då hovdingarne for stridsvognerne merka at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg burt ifrå honom.
34 Men en Mand, der skød en Pil af på Lykke og Fromme, ramte Israels Konge mellem Remmene og Brynjen. Da sagde han til sin Vognstyrer: "Vend og før mig ud af Slaget, thi jeg er såret!"
Men ein mann som spende bogen og skaut på måfå, råka Israels-kongen millom brynjeskøytingarne og brynja. Då baud han vognstyraren sin: «Snu, og før meg ut or heren; for eg er såra!»
35 Men Kampen blev hårdere og hårdere den Dag, og Kongen holdt sig oprejst i sin Vogn over for Aramæerne til Aften, skønt Blodet fra Såret flød ned i Bunden at Vognen; men om Aftenen døde han.
Men striden vart hardare og hardare den dagen, og Israels-kongen vart standande i vogni imot syrarane; men um kvelden døydde han. Og blodet frå såret hadde runne ned i vogni.
36 Da Solen gik ned, gik det Råb gennem Lejren: "Enhver drage hjem til sin By og sit Land,
Ved soleglad gjekk det ropet gjenom heren: «Kvar mann heim til sin by! og kvar mann til sitt land!»
37 thi Kongen er død!" Så kom de til Samaria, og de jordede Kongen der.
So døydde då kongen og vart førd til Samaria, og dei jorda kongen i Samaria.
38 Og da man skyllede Vognen ved Samarias Dam, slikkede Hundene hans Blod, og Skøgerne badede sig deri efter det Ord, HERREN havde talet.
Då dei skylde vogni ved dammen i Samaria, slikka hundarne blodet hans, og skjøkjorne lauga seg i det, etter Herrens ord som han hadde tala.
39 Hvad der ellers er at fortælle om Akab, alt, hvad han gjorde, Elfenbenshuset, han lod opføre, og alle de Byer, han befæstede, står jo optegnet i Israels Kongers Krønike.
Det som elles er å fortelja um Ahab og alt det han gjorde, og um flisbeinhuset han bygde, og um alle dei byarne han bygde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
40 Så lagde Akab sig til Hvile hos sine Fædre; og hans Søn Ahazja blev Konge i hans Sted.
So lagde Ahab seg til kvile hjå federne sine, og Ahazja, son hans, vart konge i staden hans.
41 Josafat, Asas Søn, blev Konge over Juda i Kong Akab af Israels fjerde Regeringsår.
Josafat Asason vart konge yver Juda i det fjorde styringsåret åt Ahab, Israels-kongen.
42 Josafat var fem og tredive År gammel, da han blev Konge, og han herskede fem og tyve År i Jerusalem. Hans Moder hed Azuba og var en Datter af Sjilhi.
Fem og tretti år gamall var Josafat då han vart konge, og fem og tjuge år rådde han i Jerusalem; mor hans heitte Azuba og var dotter åt Silhi.
43 Han vandrede nøje i sin Fader Asas Spor og veg ikke derfra, idet han gjorde, hvad der var ret i HERRENs Øjne. Kun blev Offerhøjene ikke fjernet, og Folket blev ved at ofre og tænde Offerild på Højene.
Og han for heilt i same faret som Asa, far sin; han veik ikkje av frå det, med di han gjorde det som rett var i Herrens augo.
44 Og Josafat havde Fred med Israels Konge.
Men offerhaugarne vart ikkje burttekne, folket heldt ved og ofra slagtoffer og brende røykoffer på haugarne.
45 Hvad der ellers er at fortælle om Josafat, de Heltegerninger, han udførte, og de Krige, han førte, står jo optegnet i Judas Kongers Krønike.
Og Josafat heldt fred med Israels-kongen.
46 De sidste af Mandsskøgerne, som var tilbage fra hans Fader Asas Tid, udryddede han af Landet.
Det som elles er å fortelja um Josafat, og dei storverki han gjorde og dei krigarne han førde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.
47 På den Tid var der ingen Konge i Edom.
Han rudde ut or landet dei utukt-sveinarne som hadde vorte att den tid Asa, far hans, styrde.
48 Kong Josafats Statholder byggede et Tarsisskib til Fart på Ofir efter Guld; men der kom intet ud af det, da Skibet gik under ved Ezjongeber.
Det var ingen konge i Edom; ein jarl var konge.
49 Da foreslog Ahazja, Akabs Søn, Josafat at lade sine Folk sejle med hans; men Josafat afslog det.
Josafat hadde ti Tarsis-skip som skulde fara til Ofir etter gull; men dei kom ikkje av stad, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber.
50 Så lagde Josafat sig til Hvile hos sine Fædre og blev jordet hos sine Fædre i sin Fader Davids By og hans Søn Joram blev Konge i hans Sted.
Då sagde Ahazja Ahabsson til Josafat: «Lat mine menner fara med dine på skipi!» Men Josafat vilde ikkje.
51 Ahazja, Akabs Søn, blev Konge over Israel i Samaria i Kong Josafat af Judas syttende Regeringsår, og han herskede to År over Israel.
Og Josafat lagde seg til kvile hjå federne sine, og vart gravlagd hjå federne sine i byen åt David, far hans, og Joram, son hans, vart konge i staden hans.
52 Han gjorde, hvad der var ondt i HERRENs Øjne, og vandrede i sin Faders og sin Moders Spor og i Jeroboams, Nebats Søns, Spor, han, som forledte Israel til at synde.
Ahazja Ahabsson vart konge yver Israel i det syttande styringsåret åt Juda-kongen Josafat, og han rådde yver Israel i tvo år.
53 Han dyrkede Ba'al og tilbad ham og krænkede HERREN, Israels Gud, nøjagtigt som hans Fader havde gjort.
Og han gjorde det som vondt var i Herrens augo og for fram i fotefari åt far sin og mor si og Jerobeam Nebatsson, han som fekk Israel til å synda. Og han tente Ba’al og bad til honom, og harma Herren, Israels Gud, plent som far hans hadde gjort.