< Mikas 7 >
1 Ve mig! Det gaar mig som ved Frugthøst, ved Vinhøstens Efterslæt: Ikke en Drue at spise, ej en Figen, min Sjæl har Lyst til!
Usæl eg! For meg hev det gjenge som når sumarfrukti er innhausta, som når ettersankingi etter vinhausten er slutt; det finst ikkje ei einaste druva til å eta, ikkje ei einaste tidlegfika, som eg kunde havt hug på.
2 De fromme er svundet af Landet, ikke et Menneske er sanddru. De lurer alle paa Blod og jager hverandre med Net.
Den gudlege er burtkomen or landet, og det finst ingen ærleg mann millom menneski. Alle i hop ligg dei på lur etter blod; kvar og ein vil fanga den andre i garnet sitt.
3 Deres Hænder er flinke til ondt, Fyrsten kræver, Dommeren er villig for Betaling; Stormanden nævner, hvad han begærer; og derefter snor de det sammen.
Med båe hender arbeider dei på å gjera det vonde godt. Fyrsten kjem med krav, og domaren er til fals for pengar, og storkaren taler ope ut um det som han hev hug på. Soleis snur dei det til.
4 Den bedste er som en Tornebusk, den ærlige værre end en Tjørnehæk. Dine Vægteres Dag, din Hjemsøgelse kommer, af Rædsel rammes de nu.
Den beste av deim er som ein klunger, den ærlegaste verre enn eit klungergjerde. Dagen åt vaktmennerne dine, di heimsøkjing kjem. No vert dei forfjetra.
5 Tro ikke eders Næste, stol ikke paa en Ven, vogt Mundens Døre for hende, du favner!
Tru ikkje på nokon ven! Lit ikkje på nokon kjenning! For henne som ligg i famnen din, må du vakta din munns dører!
6 Thi Søn agter Fader ringe, Datter staar Moder imod, Svigerdatter Svigermoder, en Mand har sine Husfolk til Fjender.
For sonen vanvyrder far sin, dotteri set seg upp imot mor si, sonekona imot vermor si, ein manns husfolk er fiendarne hans.
7 Men jeg vil spejde efter HERREN, jeg bier paa min Frelses Gud; min Gud vil høre mig.
Men eg vil skoda etter Herren, eg vil venta på Gud som frelser meg. Min Gud vil høyra meg.
8 Glæd dig ej over mig, min Fjende! Thi jeg faldt, men staar op; om end jeg sidder i Mørke, er HERREN mit Lys.
Gled dykk ikkje yver meg, du min fiende! Er eg falli, so reiser eg meg upp att. Sit eg i myrkret, so er Herren ljoset mitt.
9 Jeg vil bære HERRENS Vrede — jeg synded jo mod ham — indtil han strider for mig og skaffer mig Ret; han fører mig ud i Lys, jeg skal skue hans Retfærd.
Herrens vreide vil eg bera, for eg hev synda mot honom, til han tek saki mi upp og hjelper meg til retten min. For han skal leida meg ut i ljoset. Med gleda skal eg sjå på hans rettferd.
10 Min Fjende skal se derpaa og fyldes med Skam, han, som spørger mig: »Hvor er HERREN din Gud?« Mine Øjne skal med Skadefryd se ham, naar han trampes ned som Skarn paa Gaden.
Måtte ho få sjå det, ho som er uvenen min, og skammi sveipa seg kringum henne som segjer til meg: «Kvar er han, Herren, din Gud?» Augo mine skal sjå på henne med fysnad. No skal ho verta nedtrakka som skarn på gata.
11 En Dag skal dine Mure bygges, en Dag skal Grænsen vides ud,
Det kjem ein dag då dei skal reisa murarne dine upp att. Den dagen skal grensorne dine verta vide.
12 en Dag skal man komme til dig lige fra Assur til Ægypten, lige fra Ægypten til Floden, fra Hav til Hav, fra Bjerg til Bjerg.
Den dagen skal dei koma til deg heilt frå Assur og frå byarne i Egyptarland, ja, frå Egyptarland og alt til Storelvi, og frå hav til hav og frå fjell til fjell.
13 Men Jorden og de, som bor derpaa, lægges øde til Løn for deres Værk.
Men jordi skal verta ei øydemark for deira skuld som bur på henne, for slik frukt ber gjerningarne deira.
14 Vogt med din Stav dit Folk, din Ejendoms Hjord, som bor for sig selv i Skoven, i Frugthavens Midte; lad dem græsse i Basan og Gilead som i gamle Dage!
Gjæt folket ditt med staven din, den buskapen som du hev ervt, han som bur for seg sjølv i skogen på Karmel! Lat deim beita i Basan og Gilead liksom i forne tider!
15 Giv os Undere at skue, som da du drog ud af Ægypten;
Ja, liksom i dei dagarne då du gjekk ut or Egyptarlandet, skal de få sjå underlege ting.
16 lad Folkene se det og blues ved al deres Vælde, lægge Haand paa Mund, lad Ørene døves paa dem!
Heidningarne skal få sjå det og skjemmast ved alt sitt velde. Dei skal verta nøydde til å leggja handi på munnen. Øyro deira skal verta dauve.
17 Lad dem slikke Støv som Slangen, som Jordens Kryb, rædde komme frem af deres Borge til HERREN vor Gud og ængstes og frygte for dig!
Dei skal slikka mold liksom ormen, liksom makkarne som aular på jordi, skal dei koma skjelvande fram or borgerne sine. Med rædsla skal dei koma fram til Herren, vår Gud; og dei skal ottast deg.
18 Hvo er en Gud som du, der tilgiver Brøde, bærer over med Synd hos din Ejendoms Rest, ej evigt gemmer paa Vrede, men gerne er naadig?
Kven er ein Gud som du? Han tek burt synd og tilgjev brot for deim som er att av hans arv. Han held ikkje fast på vreiden sin til æveleg tid. For han hev hug til miskunn.
19 Han vil atter forbarme sig over os, træde vor Brøde under Fod, du vil kaste alle vore Synder i Havets Dyb!
Atter skal han miskunna oss og trakka ned vår skuld. Du skal kasta alle synderne deira i havsens djup.
20 Du vil vise Jakob Trofasthed, Abraham Naade, som du svor vore Fædre til i fordums Dage.
Du skal syna Jakob truskap og Abraham miskunn, soleis som du hev svore åt federne våre i gamle dagar.