< Job 42 >

1 Saa svarede Job HERREN og sagde:
Då svara Job Herren og sagde:
2 Jeg ved, at du magter alt, for dig er intet umuligt!
«Eg skynar at du allting kann; for deg er ingen plan umogleg.
3 »Hvem fordunkler mit Raad med Ord, som er uden Indsigt?« Derfor: jeg talte uden Forstand om noget, som var mig for underfuldt, og som jeg ej kendte til.
Kven vil uvitug myrkja rådgjerd? Eg tala som ein fåvis mann um under som eg ikkje fata.
4 Hør dog, og jeg vil tale, jeg vil spørge, og du skal lære mig!
Å høyr no, lat meg få tala! Eg vil deg spyrja, lær du meg!
5 Jeg havde kun hørt et Rygte om dig, men nu har mit Øje set dig;
Fyrr høyrd’ eg berre gjete deg, no ser eg deg med eigne augo.
6 jeg tager det derfor tilbage og angrer i Støv og Aske!
Difor eg tek det i meg att og tregar djupt i mold og oska.»
7 Men efter at HERREN havde talet disse Ord til Job, sagde han til Temaniten Elifaz: »Min Vrede er blusset op mod dig og dine to Venner, fordi I ikke talte rettelig om mig som min Tjener Job!
Då no Herren hadde tala desse ordi til Job, sagde han til Elifaz frå Teman: «Eg er harm på deg og dei tvo venerne dine, av di de hev ikkje tala rett um meg soleis som Job, tenaren min.
8 Tag eder derfor syv Tyre og syv Vædre og gaa til min Tjener Job og bring et Brændoffer for eder. Og min Tjener Job skal gaa i Forbøn for eder, thi ham vil jeg bønhøre, saa jeg ikke gør en Ulykke paa eder, fordi I ikke talte rettelig om mig som min Tjener Job!«
Tak difor sju uksar og sju verar, og gakk til Job, tenaren min, og ofra brennoffer for dykk; og lat Job, tenaren min, beda for dykk! For berre honom vil eg taka til nåde, so eg ikkje gjer ulukka på dykk, for de ikkje hev tala rett um meg soleis som Job, tenaren min.»
9 Saa gik Temaniten Elifaz, Sjuhiten Bildad og Na'amatiten Zofar hen og gjorde, som HERREN havde sagt, og HERREN bønhørte Job.
Og Elifaz frå Teman og Bildad frå Suah og Sofar frå Na’ama gjekk av stad og gjorde so som Herren hadde sagt til deim, og Herren høyrde Jobs bøn.
10 Og HERREN vendte Jobs Skæbne, da han gik i Forbøn for sine Venner; og HERREN gav Job alt, hvad han havde ejet, tvefold igen.
No vende Herren lagnaden for Job, då han bad for venerne sine; og alt det Job hadde ått, fekk han tvifald att.
11 Saa kom alle hans Brødre og Søstre og alle, der kendte ham tilforn, og holdt Maaltid med ham i hans Hus, og de viste ham deres Medfølelse og trøstede ham over al den Ulykke, HERREN havde bragt over ham, og de gav ham hver en Kesita og en Guldring.
Og alle brørne og systerne hans kom til honom, og like eins alle dei kjenningar han fyrr hadde havt, og dei åt og drakk med honom i huset hans. Og synte honom medynk og trøysta honom for all den ulukka som Herren ført yver honom, og kvar av deim gav honom ein gullpening og ein gullring.
12 Og HERREN velsignede Jobs sidste Tid mere end hans første. Han fik 14 000 Stykker Smaakvæg, og 1000 Aseninder.
Og Herren velsigna den siste livetidi åt Job meir enn den fyrste; han fekk fjortan tusund sauer og seks tusund kamelar og tusund par uksar og tusund asnor.
13 Og han fik syv Sønner og tre Døtre,
Og han fekk sju søner og tri døtter;
14 og han kaldte den ene Jemima, den anden Kezia og den tredje Keren-Happuk.
den eine av deim kalla han Jemima, den andre Kesia og den tridje Keren-Happuk.
15 Saa smukke Kvinder som Jobs Døtre fandtes ingensteds paa Jorden; og deres Fader gav dem Arv imellem deres Brødre:
Det fanst ikkje so væne kvinnor i heile landet som døtterne åt Job, og far deira let deim erva til liks med brørne deira.
16 Siden levede Job 140 Aar og saa sine Børn og Børnebørn, fire Slægtled.
Etter dette livde Job hundrad og fyrti år, og såg born og barneborn, fire ættleder.
17 Saa døde Job gammel og mæt af Dage.
Og Job døydde gamall og mett av dagar.

< Job 42 >