< Jeremias 48 >
1 Om Moab. Saa siger Hærskarers HERRE, Israels Gud: Ve over Nebo, thi det er lagt øde, blevet til Skamme; indtaget er Kirjatajim, med Skam er Borgen brudt ned.
Um Moab. So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Usæla yver Nebo, for det er øydt, Kirjatajim er vorti til skammar, er teke, borgi er vorti til skammar og er livskræmd.
2 Der er ingen Lægedom mer for Moab, intet Fryderaab i Hesjbon; de oplægger onde Raad imod det: »Kom, lad os udrydde det af Folkenes Tal!« Ogsaa du, Madmen, skal omkomme, Sværdet skal forfølge dig.
Med Moabs frægd er det ute. I Hesbon bryggjar dei på meinråder imot det: «Kom, lat oss rydja det ut, so det ikkje lenger er eit folk!» Du og, Madmen, skal tagna, sverdet elter deg.
3 Hør Skriget fra Horonajim, frygteligt Brag og Sammenbrud!
Naudrop høyrest frå Horonajim, herjing og stort tjon.
4 Moab er brudt sammen; lad Skriget lyde til Zoar.
Moab er i øyde lagt; dei let naudropi høyrast alt til Soar.
5 Ak, grædende stiger de op ad Luhits Skraaning; ak, paa Vejen til Horonajim hører de Jammerskrig.
For gråtande gjeng dei upp stigen til Luhit, på vegen ned til Horonajim høyrer dei naudropi yver tjonet.
6 Fly, red eders Liv, og I skal blive som en Enebærbusk i Ørkenen.
Fly, berga livet dykkar, og vert som hjelpelause i øydemarki!
7 Ja, fordi du stolede paa dine Borge og Skatte, skal ogsaa du fanges. Kemosj skal vandre i Landflygtighed, hans Præster og Fyrster til Hobe.
For av di du leit på dine verk og dine skattar, skal du og verta teken. Og Kamos lyt fara i utlægd, hans prestar og hans hovdingar i lag med kvarandre.
8 Hærværksmænd skal komme over hver By, ingen By skal reddes; Dalen skal ødelægges og Højsletten hærges, som HERREN har sagt.
Og ein tynar skal koma yver kvar ein by, og ingen skal sleppa undan. Dalen skal forgangast og slettlendet øydeleggjast, so som Herren hev sagt.
9 Giv Moab Vinger, at det kan flyve bort; dets Byer skal blive en Ørken, saa ingen bor der.
Gjev Moab vengjer! for fljugande lyt han fara burt, og hans byar skal verta ei audn, so ingen bur i deim.
10 Forbandet være den, der er lad til at gøre HERRENS Værk, forbandet den, som holder sit Sværd fra Blod.
Forbanna vere den som er seinfør til å gjera Herrens verk, og forbanna vere den som held sverdet sitt att ifrå blod!
11 Moab var tryg fra sin Ungdom, laa roligt paa sin Bærme; det hældtes ikke fra Fad til Fad og vandrede ikke i Landflygtighed; derfor holdt det sin Smag, og dets Duft tabte sig ikke.
Moab hev livt i fred frå sin ungdom; han hev lege still på bermen sin og er ikkje tømd or eit kjer i anna, og aldri hev han fare i utlægd; difor sit dåmen hans i honom endå, og angen av honom hev ikkje brigdast.
12 Se, derfor skal Dage komme, lyder det fra HERREN, da jeg sender Vintappere, som skal tappe det og tømme dets Fade og knuse dets Dunke.
Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg sender honom vintapparar, og dei skal halla på kjeri hans og tøma deim og krasa krukkorne hans.
13 Da skal Moab faa Skam af Kemosj, som Israels Hus havde Skam af Betel, som de stolede paa.
Då skal Moab skjemmast av Kamos, likeins som Israels hus skjemdest av Betel, som dei leit på.
14 Hvor kan I sige: »Helte er vi og djærve Folk til Krig?«
Kor kann de segja: «Me er kjempor og velduge hermenner?»
15 Moab skal hærges med sine Byer og dets ypperste Ynglinge stige ned til at slagtes, lyder det fra Kongen, hvis Navn er Hærskarers HERRE.
Moab er øydelagd, og dei stig upp i byarne hans, og hans druste drengjer stig ned til å verta slagta, segjer kongen - Herren, allhers drott, er namnet hans.
16 Moabs Undergang er nær, dets Ulykke kommer saare hastigt.
Tjonet på Moab er kome nær, og ulukka hans hev bråhast.
17 Ynk det, alle dets Naboer og alle, som kender dets Navn; sig: Hvor knækkedes dog den stærke Stav, det herlige Spir!
Hav medynk med honom, alle de som bur kringum honom, og alle de som kjenner namnet hans! Seg: «Korleis brotna teinen den sterke, staven den prydelege?»
18 Stig ned fra Æressædet, sæt dig i Skarnet, du, som bor der, Dibons Datter! Thi han, der hærger Moab, drager op imod dig, nedbryder dine Fæstninger.
Stig ned or ditt æresæte og set deg på turre jordi, du busitjande Dibons dotter! For Moabs tynar stig upp imot deg, han legg borgerne dine i øyde.
19 Staa hen paa Vejen og se dig om, du, som bor i Aroer, spørg Flygtningene og de undslupne Kvinder, sig: »Hvad er der sket?«
Gakk ut på vegen og skygn utyver, du som bur i Aroer! Spør honom som flyr, og henne som kjem seg undan, seg: «Kva er hendt?»
20 Moab er blevet til Skamme, ja knust. Jamrer og skrig, meld ved Arnon, at Moab er hærget,
Moab var til skammar, for han er krasa; barma dykk og ropa! Kunngjer hjå Arnon at Moab er øydelagd!
21 at Dommen er kommet over Højslettelandet, over Holon, Jaza, Mefa'at,
Ja, domen er komen yver slettelandet, yver Holon og yver Jahsa og yver Mofa’at
22 Dibon, Nebo, Bet-Diblatajim,
og yver Dibon og yver Nebo og yver Bet-Diblatajim
23 Kirjatajim, Bet-Gamul, Bet-Meon,
og yver Kirjatajim og yver Bet-Gamul og yver Bet-Meon
24 Kerijot, Bozra og alle Byer i Moabs Land fjernt og nær.
og yver Kerijot og yver Bosra og yver alle byarne i Moablandet, fjerr og nær.
25 Afhugget er Moabs Horn, og dets Arm er brudt, lyder det fra HERREN.
Avhogge er Moabs horn, og armen hans er broten, segjer Herren.
26 Gør det drukkent! Thi det hovmodede sig mod HERREN; og Moab skal falde omkuld i sit eget Spy, ogsaa det skal blive til Latter.
Gjer honom drukken, for han hev ovmoda seg mot Herren. Ja, Moab skal baska seg i spya si og verta til åtløgje, han og.
27 Var ikke Israel til Latter for dig? Blev det maaske grebet blandt Tyve, siden du bliver saa ivrig, hver Gang du taler derom?
Eller hadde du ikkje Israel til åtløgje? Eller var han gripen millom tjuvar, sidan du rister på hovudet kvar gong du talar um honom?
28 Røm fra Byerne og fæst Bo paa Klippen, Moabs Indbyggere, vær som Duen, der bygger Rede hist ved Afgrundens Rand.
Gakk burt ifrå byarne og set bu på bergknausar, de Moabs ibuarar, og ver like duva som lagar seg reir burtum gil- gapet!
29 Vi har hørt om Moabs Hovmod, det saare store, dets Stolthed, Overmod og Hovmod, dets opblæste Hjerte.
Me hev høyrt um Moabs ovmod - storleg ovmoda han seg - um hans storlæte og ovmod og byrgskap og hjartans ovlæte.
30 Jeg kender, lyder det fra HERREN, dets Frækhed, dets tomme Snak, dets tomme Gerninger.
Eg kjenner, segjer Herren, hans ageløysa, det fåfengelege kytet hans, fåfengd hev han fare med.
31 Derfor maa jeg jamre over Moab, skrige over hele Moab, over Mændene i Kir-Heres maa jeg sukke.
Difor lyt eg barma meg yver Moab, yver heile Moab lyt eg ropa, yver mennerne i Kir-Heres lyt ein sukka.
32 Ja'zers Graad græder jeg over dig, Sibmas Vinstok; dine Skud overskred Havet, naaede til Ja'zer; paa din Frugt og din Høst slog Hærværksmanden ned.
Meir enn Jazer græt, lyt eg gråta yver deg, du vintre frå Sibma: kvisterne dine gjekk yver havet, dei nådde alt til Jazerhavet; midt i fruktonni di og vinonni di hev ein tynar søkt på deg.
33 Glæde og Jubel er svundet fra Frugthaven og Moabs Land. Jeg lader Vinen svinde fra Persekarrene, ingen træder Vin.
Gleda og fagnad er kvorve or aldehagen og or Moablandet, og vinen let eg trjota i vinpersorne. Dei trøder vinpersa med fagnadrop; fagnadropi som ikkje er slike fagnadrop.
34 Hesjbon og El'ale skriger, det høres til Jahaz; Horonajim og Eglat-Sjelisjija skriger; ak, Nimrims Vande bliver Ødemarker.
Frå det jamrande Hesbon alt til El’ale, alt til Jahas let dei røysti si ljoma, frå Soar til Horonajim, til Eglat-Selisa; for jamvel Nimrim-vatni vert til øydemarker.
35 Jeg udrydder af Moab den, der stiger op paa Offerhøjen og tænder Offerild for dets Guder, lyder det fra HERREN.
Og eg vil rydja ut or Moab, segjer Herren, kvar og ein som stig upp på ein haug og brenner røykjelse åt gudarne sine.
36 Derfor klager mit Hjerte som Fløjter over Moab, og mit Hjerte klager som Fløjter over Kir-Heres's Mænd. Godset, de vandt, gaar derfor til Spilde.
Difor læt hjarta mitt som ei fløyta yver Moab, yver mennerne i Kir-Heres læt hjarta mitt som ei fløyta; difor misser dei det dei hev mugga i hop.
37 Thi hvert Hoved er skaldet, hvert Skæg revet af; i alle Hænder er der Rifter, over alle Lænder Sæk.
For kvart eit hovud er fleinskalla, og alt skjegg er avraka, på alle hender er det rispa i holdet, og um lenderne sekk.
38 Alt er Klage paa alle Moabs Tage og Torve; thi jeg sønderbryder Moab som et usselt Kar, lyder det fra HERREN.
Uppå alle taki i Moab og på torgi høyrest berre usælerop; for eg hev krasa Moab som eit kjerald ingen hev hugnad i, segjer Herren.
39 Hvor er Moab forfærdet! Hvor vender det Ryg med Skam! Ja, Moab er blevet til Latter og Rædsel for alle sine Naboer.
Å, kor forfærd han er! kor dei eiar seg! Å, kor Moab snur ryggen til skjemsla! Ja, Moab skal verta til eit åtløgje og ei skræma for alle som bur der kringum.
40 Thi saa siger HERREN: Se, som en Ørn med udbredte Vinger svæver han over Moab.
For so segjer Herren: Sjå, det kjem ein fljugande som ein ørn og breider vengjerne sine ut yver Moab.
41 Kerijot er taget og Borgene faldet. Moabs Heltes Hjerte bliver paa hin Dag som en nødstedt Kvindes Hjerte.
Byarne vert tekne, borgerne vunne, og hjarta til kjemporne i Moab vert den dagen som hjarta til kvinna i barnsnaud.
42 Moab er ødelagt og ikke mer et Folk, fordi det hovmodede sig mod HERREN.
Og Moab skal verta øydelagd so han ikkje lenger er eit folk, for mot Herren hev han ovmoda seg.
43 Gru og Grav og Garn kommer over dig, du, som bor i Moab, lyder det fra HERREN;
Gruv og grav og gildra åt deg som bur i Moab, segjer Herren.
44 den, der flygter for Gru, falder i Grav, den, der naar op af Grav, fanges i Garn. Thi jeg bringer over Moab deres Hjemsøgelses Aar, lyder det fra HERREN.
Den som flyr undan gruvi, fell i gravi, og den som kjem seg upp or gravi, vert fanga i gildra. For eg let koma yver honom, yver Moab, eit år med heimsøkjing yver deim, segjer Herren.
45 I Ly af Hesjbon staar Flygtninge uden Kraft. Thi Ild farer ud fra Hesjbon, Ildslue fra Sihons Stad; den fortærer Moabs Tinding og de larmende Mænds Isse.
I Hesbons skugge stend magtstolne rømingar; for eld fer ut or Hesbon og ein loge midt ut or Sihon, og han øydde Moabs tunnvange og kruna til stridsgny-sønerne.
46 Ve dig, Moab, det er ude med dig, Kemosj's Folk. Thi dine Sønner slæbes i Fangenskab, dine Døtre ligesaa.
Usæl du Moab! Det er ute med folket åt Kamos; for sønerne dine vert tekne til fangar og døtterne dine til herfang.
47 Men jeg vender Moabs Skæbne i de sidste Dage, lyder det fra HERREN. Saa vidt Moabs Dom.
Men eg gjera ende på Moabs utlægd når tider er lidne, segjer Herren. So langt domen yver Moab.