< Jeremias 30 >
1 Det Ord, som kom til Jeremias fra HERREN:
Det ordet som kom til Jeremia frå Herren; han sagde:
2 Saa siger HERREN, Israels Gud: Skriv alle de Ord, jeg har talet til dig, op i en Bog.
So segjer Herren, Israels Gud: Skriv deg upp i ei bok alle dei ordi eg hev tala til deg!
3 Thi se, Dage skal komme, lyder det fra HERREN, da jeg vender mit Folk Israels og Judas Skæbne, siger HERREN, og fører dem hjem til det Land, jeg gav deres Fædre, og de skal tage det i Eje.
For sjå, dagar skal koma, segjer Herren, då eg endar utlægdi åt folket mitt, Israel og Juda, og let deim koma heim att til det landet som eg gav federne deira, so dei kann taka det til eign.
4 Dette er de Ord, HERREN talede til Israel og Juda.
Og dette er dei ordi som Herren hev tala um Israel og um Juda:
5 Saa siger HERREN: Vi hørte et Udbrud af Skræk, af Rædsel og Ufred;
So segjer Herren: Eit rædslerop hev me høyrt; otte og ingen fred.
6 spørg og se dog til, om en Mand kan føde! Hvi ser jeg da alle Mænd med Haand paa Hofte som Kvinde i Barnsnød og alle Aasyn blegne?
Spør og sjå etter um ein karmann føder barn! Kvi ser eg då alle mann med henderne på lenderne liksom kvinna i barnsnaud, og kvi er alle andliti vortne nåbleike?
7 Thi stor er denne Dag, den er uden Lige, en Trængselstid for Jakob, men fra den skal han frelses.
Å! Stor er den dagen, han hev ikkje sin like. Ja, ei trengsletid er det for Jakob, men han skal verta frelst derifrå.
8 Paa hin Dag, lyder det fra Hærskarers HERRE, vil jeg sønderbryde deres Aag og tage det af deres Hals og sprænge deres Baand, og de skal ikke mere trælle for fremmede.
Og det skal henda den dagen, segjer Herren, allhers drott, at eg vil brjota oket hans av halsen din, og bandi dine vil eg riva sund. Ja, framande skal ikkje trælka honom lenger.
9 De skal tjene HERREN deres Gud og David, deres Konge, som jeg vil oprejse dem.
Men dei skal tena Herren, sin Gud, og David, sin konge, som eg vil reisa upp åt deim.
10 Frygt derfor ikke, min Tjener Jakob, lyder det fra HERREN, og vær ikke bange, Israel; thi se, jeg frelser dig fra det fjerne og dit Afkom fra deres Fangenskabs Land; og Jakob skal vende hjem og bo roligt og trygt, og ingen skal forfærde ham.
So ottast ikkje, du min tenar Jakob, segjer Herren, og ræddast ikkje, Israel! For sjå, eg frelser deg frå det burtlengste land og avkjømet ditt frå det landet som dei var burtførde til. Og Jakob skal snu heim att og vera i ro og trygd, og ingen skal skræma honom.
11 Thi jeg er med dig, lyder det fra HERREN, for at frelse dig; thi jeg vil tilintetgøre alle de Folk, blandt hvilke jeg har spredt dig, men dig vil jeg ikke tilintetgøre; jeg vil tugte dig med Maade, ikke lade dig helt ustraffet.
For eg er med deg, segjer Herren, til å frelsa deg. For eg vil gjera ende på alle dei folki som eg hev spreidt deg imillom, det er berre deg eg ikkje vil gjera ende på, men eg vil aga deg med måte, men reint utan refsing kann eg ikkje lata deg vera.
12 Thi saa siger HERREN: Ulægeligt er dit Brud, dit Saar er svart.
For so segjer Herren: Ubøtande er skaden din, ulækjande såret ditt.
13 Ingen fører din Sag. For din Byld er ingen Lægedom, for dig ingen Helse.
Ingen tek saki di på seg og kreistar verken ut; det bid ikkje helsebot, ikkje plåster for deg.
14 Alle dine Venner har glemt dig, søger dig ikke, thi med Fjendeslag slog jeg dig, med skaanselsløs Straf, fordi din Brøde var stor, dine Synder mange.
Alle elskarane dine hev gløymt deg, dei spør ikkje etter deg. For eg hev slege deg likeins som ein fiende slær, eg hev aga deg som den miskunnlause, for di at misgjerningi di er stor og synderne dine mange.
15 Hvi skriger du over dit Brud, er dit Saar ulægeligt? Fordi din Brøde var stor, dine Synder mange, gjorde jeg dette imod dig.
Kvi eiar du deg yver skaden din, yver at plåga di er ulækjande? For di at misgjerningi di er stor og synderne dine mange, hev eg gjort deg dette.
16 Derfor skal alle, som fortærer dig, fortæres, alle dine Fjender, alle skal de vandre i Fangenskab; de, der plyndrer dig, skal plyndres, til Ran gør jeg alle dine Ransmænd.
Difor skal alle som et på deg, verta upp-etne, og alle som er trengjer deg, verta burtførde, alle saman, og dei som herjar deg, skal verta herja, og alle som ranar frå deg, vil eg gjeva til ran.
17 Thi jeg heler dig, læger dine Saar, saa lyder det fra HERREN; du kaldtes jo, Zion, »den bortstødte, som ingen søger.«
For eg vil grøda såri dine og lækja deg etter slagi du hev fenge, segjer Herren, av di dei kallar deg «den burtdrivne», «Sion som ingen spør etter».
18 Saa siger HERREN: Se, jeg vender Jakobs Skæbne, forbarmer mig over hans Boliger, Byen skal bygges paa sin Høj, Paladset staa, hvor det stod.
So segjer Herren: Sjå, eg endar utlægdi for Jakobs tjeld og miskunnar bustaderne hans, og byen skal atter verta bygd på haugen sin, og slottet skal standa på sin rette stad.
19 Fra dem skal Lovsang lyde og legendes Raab; de bliver ej færre, jeg gør dem mange; de bliver ej ringe, jeg giver dem Hæder.
Og det skal ljoma av lovsangar og leikstemne-ljod frå deim. Og eg vil lata deim aukast og ikkje minka, og eg vil æra deim, og dei skal ikkje verta mismætte.
20 Hans Sønner skal blive som fordum, hans Menighed staa fast for mit Aasyn. Jeg hjemsøger alle, som trykker ham.
Og sønerne hans skal vera som fordom, og lyden hans skal standa grunnfest framfor mi åsyn, og eg vil heimsøkja alle som trengjer honom.
21 Hans Fyrste stammer fra ham selv, hans Hersker gaar frem af hans Midte. Jeg lader ham komme mig nær, han skal nærme sig mig; thi hvem ellers sætter Livet i Vove ved at nærme sig mig? lyder det fra HERREN.
Og hans herlege skal vera utstokken frå honom sjølv, og drotten hans skal ganga fram or hans eigen flokk. Og eg vil lata honom nærra seg åt meg, so han fær koma til meg; for kven kunde elles vera so hjartug, at han kom meg nær? segjer Herren.
22 I skal være mit Folk, og jeg vil være eders Gud.
Og de skal vera mitt folk, og eg skal vera dykkar Gud.
23 Se, HERRENS Stormvejr, Vreden er brudt løs, et hvirvlende Stormvejr; det hvirvler hen over de gudløses Hoved.
Sjå, ein storm frå Herren - vreide bryt fram - ein rjukande storm: ned på hovudet åt dei ugudlege kjem han i kvervlar.
24 HERRENS glødende Vrede lægger sig ikke, før han har udført og fuldbyrdet sit Hjertes Tanker; i de sidste Dage skal I forstaa det.
Herrens brennande vreide skal ikkje halda upp fyrr han hev gjort og sett i verk sitt hjartans tankar. I dagarne som kjem, skal de skyna det.