< Esajas 35 >
1 Ørken og hede skal fryde sig, Ødemark juble og blomstre;
Øydemarki og turrlendet skal gleda seg, og den aude heidi skal fegnast og bløma som ei lilja.
2 blomstre frodigt som Rosen og juble, ja juble med Fryd. Libanons Herlighed gives den, Karmels og Sarons Pragt. HERRENS Herlighed skuer de, vor Guds Højhed.
Ho skal bløma og fegnast, og fegnast og syngja med frygd. Herlegdomen åt Libanon hev ho fenge, Karmels og Sarons pryda; dei skal sjå Herrens herlegdom, vår Guds pryda.
3 Styrk de slappe Hænder, lad de vaklende Knæ blive faste,
Styrk dei valne hender og gjer dei skjelvande kne sterke!
4 sig til de ængstede Hjerter: Vær stærke, vær uden Frygt! Se eders Gud! Han kommer med Hævn, Gengæld kommer fra Gud; han kommer og frelser eder.
Seg til dei urolege hjarto: «Ver frihuga, ottast ikkje! Sjå, der er dykkar Gud! Hemnen kjem, vederlag frå Gud, han kjem sjølv og frelser dykk.
5 Da aabnes de blindes Øjne, de døves Ører lukkes op;
Då skal augo åt dei blinde verta opna, og øyro åt dei dauve verta upplatne;
6 da springer den halte som Hjort, den stummes Tunge jubler; thi Vand vælder frem i Ørkenen, Bække i Ødemark;
då skal den lame springa som ein hjort, og tunga åt den mållause jubla. For vatn bryt fram i øydemark, og bekkjer på den aude heidi,
7 det glødende Sand bliver Vanddrag, til Kildevæld tørstigt Land. I Sjakalers Bo holder Hjorde Rast, paa Strudsenes Enemærker gror Rør og Siv.
og det gloande sandhavet skal verta til ein sjø, og det tyrste landet til vatskjeldor; i bustaden åt sjakalar, der dei hadde sin kvilestad, er voksterstad for røyr og sev.
8 Der bliver en banet Vej, den hellige Vej skal den kaldes; ingen uren færdes paa den, den er Valfartsvej for hans Folk, selv enfoldige farer ej vild.
Og der skal det vera braut og veg, og han skal kallast den heilage vegen. Ingen urein skal ganga på honom, men han skal vera berre for deim; ingen vegfarande, ikkje dåren eingong, skal fara vilt.
9 Paa den er der ingen Løver, Rovdyr træder den ej, der skal de ikke findes. De genløste vandrer ad den,
Der skal det ingi løva vera, og inkje villdyr skal koma inn på honom, dei skal ikkje finnast der; men utløyste skal ferdast der.
10 HERRENS forløste vender hjem, de drager til Zion med Jubel, med evig Glæde om Issen; Fryd og Glæde faar de, Sorg og Suk skal fly.
Og Herrens frikjøpte skal snu heim att og koma til Sion med fagnadrop, og æveleg gleda er det yver hovudet deira; frygd og gleda skal dei nå, og sorg og sukk skal røma.»