< Esajas 32 >
1 Se, en Konge skal herske med Retfærd, Fyrster styre med Ret,
Sjå, med rettferd skal kongen råda, og hovdingarne skal styra etter rett,
2 hver af dem som Læ imod Storm og Ly imod Regnskyl, som Bække i Ørk, som en vældig Klippes Skygge i tørstende Land.
og kvar ein av deim skal vera som eit skyle for veret og ei livd mot sturtregn, som vatsbekkjer på ein turr stad, som skuggen av eit veldugt berg i eit uppturka land.
3 De seendes Øjne skal ej være blinde, de hørendes Ører skal lytte;
Då skal augo åt deim som ser ikkje vera blinde, og øyro åt deim som høyrer, skal vera grannhøyrde,
4 letsindiges Hjerte skal nemme Kundskab, stammendes Tunge tale flydende, rent.
hjarto åt dei tankelause skal evla skyna, og tunga åt dei stame skal hava lett for å tala klårt.
5 Daaren skal ikke mer kaldes ædel, højsindet ikke Skalken.
Dåren skal ein ikkje meir kalla gjæv, og den innfule skal ein ikkje kalla hugstor.
6 Thi Daaren taler kun Daarskab, hans Hjerte udtænker Uret for at øve Niddingsværk og prædike Frafald fra HERREN, lade den sultne være tom og den tørstige mangle Vand.
For dåren talar dårskap, og hjarta hans finn på vondt; han gjer vanheilag gjerd, og talar forvende ting um Herren, han let den hungrige svelta og let den tyrste vanta drikka.
7 Skalkens Midler er onde, han oplægger lumske Raad for at ødelægge arme med Løgn, skønt Fattigmand godtgør sin Ret.
Og våpni åt den innfule er vonde; han tenkjer ut meinråder, til å føra dei spaklyndte i ulukka med falske ord, og det når den fatige talar det som rett er.
8 Men den ædle har ædelt for og staar fast i, hvad ædelt er.
Men gjævingen hev gjæve tankar, og han stend fast ved det som gjævt er.
9 Op, hør min Røst, I sorgløse Kvinder, I trygge Døtre, lyt til min Tale!
De sorglause kvinnor, statt upp og høyr det eg segjer! De trygge døtter, vend øyra dykkar til min tale!
10 Om Aar og Dag skal I trygge skælve, thi med Vinhøst er det ude, der kommer ej Frugthøst.
Um år og dag skal de skjelva, de trygge! For det er ute med vinhausten, frukhausten kjem ikkje.
11 Bæv, I sorgløse, skælv, I trygge, klæd jer af og blot jer, bind Sæk om Lænd;
Vert forfærde, de sorglause; skjelv, de trygge! Klæd dykk og næk dykk, og umgyrd dykkar lender!
12 slaa jer for Brystet og klag over yndige Marker, frugtbare Vinstokke,
Dei slær seg for bringa yver dei fagre marker, yver det fruktrike vintreet,
13 mit Folks med Tidseltorn dækkede Jord, ja, hvert Glædens Hus, den jublende By!
yver jordi åt mitt folk, der tornar og tistlar skyt upp, ja, yver alle gledehus, den morogalne byen.
14 Thi Paladset er øde, Bylarmen standset, Ofel med Taarnet en Grushob for evigt, Vildæslers Fryd, en Græsgang for Hjorde —
For borgi er tom, mugen i byen er burte. Haug og vakttårn hev vorte til holor for ævelege tider, til frygd for villasen, til beite for bølingar -
15 til Aand fra det høje udgydes over os. Da bliver Ørkenen til Frugthave, Frugthaven regnes for Skov.
til dess åndi vert utrend yver oss frå det høge, og øydemarki vert til ein frukthage, og frukthagen vert rekna som skog.
16 Ret fæster Bo i Ørkenen, i Frugthaven dvæler Retfærd;
Og rett skal bu i øydemarki, og rettferd skal hava sin heim i frukthagen.
17 Retfærds Frugt bliver Fred og Rettens Vinding Tryghed for evigt.
Og rettferds verk skal vera fred, og rettferds frukt ro og tryggleik til æveleg tid.
18 Da bor mit Folk i Fredens Hjem, i trygge Boliger, sorgfri Pauluner.
Og folket mitt skal bu i freds bustad og i tryggleiks tjeld og på sorgfrie kvilestader.
19 Skoven styrter helt, Byen bøjes dybt.
Men det skal hagla når skogen fell, og djupt skal byen søkka ned.
20 Salige I, som saar ved alle Vande, lader Okse og Æsel frit løbe om!
Sæle er de som sår attved alle vatn, som let uksen og asnet vera på frifot!