< Esajas 19 >

1 Et Udsagn om Ægypten. Se, HERREN farer paa letten Sky og kommer til Ægypten; Ægyptens Guder bæver for ham, Ægyptens Hjerte smelter i Brystet.
Framsegn um Egyptarland. Sjå, Herren fer fram på lette sky og kjem til Egyptarland. Då skjelv avgudarne i Egyptarland for honom, og hjarta åt egyptarane brånar i brjostet deira.
2 Jeg hidser Ægypten mod Ægypten, saa de kæmper Broder mod Broder, Ven mod Ven, By mod By, Rige mod Rige.
Og eg vil eggja upp egyptar mot egyptar, so bror skal strida mot bror, og ven mot ven, by mot by og rike mot rike.
3 Ægyptens Forstand staar stille, dets Raad gør jeg til intet, saa de søger Guder og Manere, Genfærd og Aander.
Og vitet åt egyptarane skal kverva or hjarta deira, og eg vil gjera deira råd til inkjes; dei skal fretta ut avgudarne og trollmennerne sine, og deim som manar fram draugar og spåvette.
4 Jeg giver Ægypten hen i en haardhjertet Herres Haand, en Voldskonge bliver deres Hersker, saa lyder det fra Herren, Hærskarers HERRE.
Men eg skal gjeva egyptarane i handi på ein hard herre, og ein illrådig konge skal rikja yver deim, segjer Herren, Allhers-Herren.
5 Vandet i Floden svinder, Strømmen bliver sid og tør;
Og vatnet i sjøen skal kverva, og elvi grunnast og turkast ut.
6 Strømmene udspreder Stank, Ægyptens Floder svinder og tørres; Rør og Siv visner hen,
Elvarne skal tevja, kanalarne minka og turkast ut, røyr og sev visna.
7 alt Græsset ved Nilbredden dør, al Sæd ved Nilen hentørres, svinder og er ikke mere.
Engjarne frammed Nilen på åbakken og alt åkerland langs åi skal turkast upp, øydast og kverva.
8 Fiskerne sukker og sørger, alle, som meder i Nilen; de, som, sætter Garn i Vandet, gribes af Modløshed.
Fiskarane klagar, og alle dei som kastar krok i Nilen syrgjer, og dei som set ut garn i vatnet, stend handfalne av sut.
9 Til Skamme er de, som væver Linned, Heglersker og de, som væver Byssus;
Dei som yrkjer med hekla lin, vert til skammar, og dei som vev fint kvitt ty.
10 Spinderne er sønderknust, hver Daglejer sørger bittert.
Landsens grunnpilarar er nedbrotne, og lønnsarbeidarane gripne av otte.
11 Kun Daarer er Zoans Øverster, Faraos viseste Raadmænd saa dumt et Raad. Hvor kan I sige til Farao: »Jeg er en Ætling af Vismænd, Ætling af Fortidens Konger?«
Hovdingarne i Soan er som fåmar; dei visaste millom rådsmennerne åt Farao gjev berre fåvise råd. Korleis kann de då segja til Farao: «Eg er ein son åt vismenner, ein son åt kongarne frå gamle dagar?»
12 Ja, hvor er nu dine Vismænd? Lad dem dog kundgøre dig og lade dig vide, hvad Hærskarers HERRE har for mod Ægypten!
Ja, kvar er då vismennerne dine, at dei kann vitra deg um og skyna kva Herren, allhers drott, hev etla seg til å gjera med Egyptarland?
13 Zoans Fyrster blev Daarer, Fyrster i Nof blev Taaber. Ægypten er bragt til at rave af Stammernes Hjørnesten.
Nei, hovdingarne i Soan hev vorte dårar, fyrstarne i Nof hev vorte til narr, dei som var hyrnesteinar for ætterne i Egyptarland, hev ført det på villstig.
14 I dets Indre har HERREN udgydt Svimmelheds Aand; Ægypten fik de til at rave i al dets Id, som den drukne raver i sit Spy.
Herren hev gjeve deim ei svimrings-ånd, so at dei hev ført Egyptarland vilt i alle tiltak, liksom ein drukken mann ragar um i spyet sitt.
15 For Ægypten lykkes intet, hverken for Hoved eller Hale, Palme eller Siv.
Egyptarland skal ikkje hava framgang med noko av sine tiltak, anten det so er hovud eller hale, palmegrein eller sev som tek seg det fyre.
16 Paa hin Dag skal Ægypten blive som Kvinder; det skal ængstes og grue for Hærskarers HERRES svungne Haand, som han svinger imod det.
På den tidi skal Egyptarland vera som kvinnor; det skal bivra og ræddast for den lyfte handi åt Herren, allhers drott, som han lyftar imot det.
17 Judas Land bliver Ægypten en Rædsel; hver Gang nogen minder dem derom, gribes de af Angst for, hvad Hærskarers HERRE har for imod det.
Og Judalandet vert ei rædsla for egyptarane; so ofte nokon nemner det for deim, skal dei skjelva for den rådgjerd Herren, allhers drott, hev tek imot deim.
18 Paa hin Dag skal fem Byer i Ægypten tale Kana'ans Tungemaal og sværge ved Hærskarers HERRE; en af dem skal kaldes Ir-Haheres.
På den dagen skal det vera fem byar i Egyptarland som talar Kana’ans tungemål og sver ved Herren, allhers drott, ein av deim skal heita Ir-Haheres.
19 Paa hin Dag skal HERREN have et Alter midt i Ægypten og en Stenstøtte ved dets Grænse.
På den dagen skal det vera eit altar for Herren midt i Egyptarlandet, og ein merkestein for Herren ved landskilet.
20 Det skal være Tegn og Vidne for Hærskarers HERRE i Ægypten; naar de raaber til HERREN over dem, som mishandler dem, vil han sende dem en Frelser; han skal stride og udfri dem.
Det skal vera til merke og til vitnemål i Egyptarlandet um Herren, allhers drott; når dei ropar til Herren um hjelp mot trælkarar, skal han senda deim ein frelsar og verjar og løysa deim ut.
21 Da skal HERREN give sig til Kende for Ægypten, Ægypterne skal lære HERREN at kende paa hin Dag; de skal bringe Slagtoffer og Afgrødeoffer og gøre Løfter til HERREN og indfri dem.
Og Herren skal gjera seg kjend for Egyptarland, og egyptarane skal kjenna Herren på den dagen, og dei skal tena honom med slagtoffer og grjonoffer, og gjera lovnader til Herren og halda deim.
22 HERREN skal slaa Ægypten, slaa og læge; og naar de omvender sig til HERREN, bønhører han dem og læger dem.
So skal då Herren skal slå Egyptarland, slå, men og lækja; og når dei vender um til Herren, skal han bønhøyra deim og lækja deim.
23 Paa hin Dag skal der gaa en banet Vej fra Ægypten til Assyrien, og Assyrien skal komme til Ægypten og Ægypten til Assyrien, og Ægypten skal tjene Herren sammen med Assyrien.
På den dagen skal det vera ein brøytt veg frå Egyptarland til Assyria, og assyrarane skal koma til Egyptarland og egyptarane til Assyria, og egyptarane skal tena Herren saman med assyrarane.
24 Paa hin Dag skal Israel selvtredje, sammen med Ægypten og Assyrien, være en Velsignelse midt paa Jorden,
På den dagen skal Israel vera tridjemann i sambandet med Egyptarland og Assyria, ei velsigning midt på jordi,
25 som Hærskarers HERRE velsigner med de Ord: »Velsignet være Ægypten, mit Folk, og Assyrien, mine Hænders Værk, og Israel, min Arvelod!«
for di Herren, allhers drott, signar deim og segjer: Signa vere du Egypt, mitt folk, og du Assyria, verket av mine hender, og du Israel, min arv.

< Esajas 19 >