< Esajas 14 >

1 Thi HERREN forbarmer sig over Jakob og udvælger atter Israel. Han lader dem fæste Bo i deres eget Land, og fremmede skal slutte sig til dem og føjes til Jakobs Hus.
For Herren skal miskunna Jakob og endå ein gong velja ut Israel og lata deim koma til ro i landet deira; og utlendingar skal sameina seg med deim og halda seg til Jakobs hus.
2 Folkeslag skal tage dem og bringe dem hjem igen; og Israels Hus skal i HERRENS Land tage Folkeslagene i Eje som Trælle og Trælkvinder; de skal gøre dem til Fanger, hvis Fanger de var, og herske over deres Bødler.
Og folkeslag skal taka deim og føra deim heim att; men Israels hus skal leggja deim under seg som ein arvlut i Herrens land, og skal gjera deim til trælar og trælkvinnor. Dei skal få fangevaktarane sine til fangar og råda yver valdsherrarne sine.
3 Paa den Dag HERREN giver dig Hvile for din Møje og Uro og for den haarde Trældom, der lagdes paa dig,
På den dagen, då Herren gjev deg kvild for di møda og din angest og frå den harde trældomen din, som vart lagd på deg,
4 skal du istemme denne Spottevise om Babels Konge: Hvor er dog Bødlen stille, Tvangshuset tyst!
då skal du syngja denne spottevisa um kongen i Babel og kveda: «Kor hev ikkje valdsherren vorte still og pinestaden tagall!
5 HERREN har brudt de gudløses Stok, Herskernes Kæp,
Herren hev brote sund staven åt dei gudlause, kongsstaven åt hardstyrarane,
6 som slog i Vrede Folkeslag, Slag i Slag, og tvang i Harme Folk med skaanselsløs Tvang.
som slo folkeslag i harm med slag på slag og bøygde folk under seg i vreide og trælka deim utan nåde.
7 Al Jorden har Fred og Ro, bryder ud i Jubel;
All jordi nyt no kvild og ro; dei bryt ut i fagnadrop.
8 selv Cypresserne glæder sig over dig, Libanons Cedre: »Siden dit Fald kommer ingen op for at fælde os!«
Jamvel cypressarne gled seg yver deg, cedrarne på Libanon: «Sidan du no ligg der, stig ingen hitupp og høgg oss ned.»
9 Dødsriget nedentil stormer dig heftigt i Møde, vækker for din Skyld Dødninger, al Jordens store, jager alle Folkenes Konger op fra Tronen; (Sheol h7585)
Helheim der nede vert uroa for di skuld, når han skal taka imot deg. Han vekkjer skuggarne for di skuld, alle fyrstar på jordi; alle folkekongarne reisar seg frå sine kongsstolar. (Sheol h7585)
10 de tager alle til Orde og siger til dig: »Ogsaa du blev kraftløs som vi, du blev vor Lige!«
Alle so tek dei til ords og segjer til deg: «So er du og vorten magtlaus som me, no er du vår like!»
11 Til Dødsriget sendtes din Højhed, dine Harpers Brus, dit Leje er redt med Raaddenskab, dit Tæppe er Orme. (Sheol h7585)
Ned til helheimen hev din herlegdom sokke med brusen frå dine harpor; du ligg på ei roti lega, hev makkar til yverbreidsla. (Sheol h7585)
12 Nej, at du faldt fra Himlen, du straalende Morgenstjerne, fældet og kastet til Jorden, du Folkebetvinger!
Kor er du’kje fallen frå himmelen, du strålande morgonstjerna, kor er du ikkje felt til jordi, du som slo ned folkeslag!
13 Du, som sagde i Hjertet: »Jeg stormer Himlen, rejser min Trone deroppe over Guds Stjerner, tager Sæde paa Stævnets Bjerg i yderste Nord,
Det var du som sagde i hjarta ditt: «Eg vil stiga til himmels, høgt yver Guds stjernor vil eg reisa kongsstolen min. Eg vil setja meg på Tingfjellet lengst uppe i nord!
14 stiger op over Skyernes Højder, den Højeste lig« —
eg vil stiga upp um skyborgi og gjera meg lik den Høgste.»
15 ja, ned i Dødsriget styrtes du, nederst i Hulen! (Sheol h7585)
Ja, til helheimen laut du fara, lengst ned i svartaste hola. (Sheol h7585)
16 Ser man dig, stirrer man paa dig med undrende Blikke: »Er det ham, som fik Jorden til at bæve, Riger til at skælve,
Dei som ser deg, stirer på deg, undrast og segjer: «Er dette den mannen som skok jordi og fekk kongerike til å skjelva,
17 ham, som gjorde Verden til Ørk og jævnede Byer, ikke gav Fangerne fri til at drage mod Hjemmet?«
han som gjorde jordkringen til ei øydemark, jamna byarne med jordi, og som aldri gav fangarne heimlov?»
18 Folkenes Konger hviler med Ære hver i sit Hus,
Folkekongarne dei ligg alle vyrdeleg gravlagde kvar i sitt kvilerom.
19 men du er slængt hen uden Grav som et usseligt Foster, dækket af faldne, slagne med Sværd og kastet i Stenbruddets Hul som et nedtraadt Aadsel.
Men du er slengd ut, langt frå gravi di, som ei vanvyrd grein; du ligg yverbreidd med drepne, av sverdslegne menner - som vert kasta ned i ei steingrav - som ein nedtrakka daudskrott.
20 I Graven samles du ikke med dine Fædre, fordi du ødte dit Land og dræbte dit Folk. Ugerningsmændenes Afkom skal aldrig nævnes.
Nei, du fær ikkje vera saman med deim i gravi; for landet ditt hev du øydt og drepe ditt folk, og aldri meir skal nemnast det nidingseldet.
21 Bered hans Sønner et Blodbad for Faderens Brøde! De skal ikke staa op og indtage Jorden og fylde Verden med Stæder.
Gjev sønerne hans til dreping for misgjerdi åt deira feder! Ikkje skal dei få reisa seg og eigna til seg jordi og fylla verdi med byar!»
22 Jeg staar op imod dem, lyder det fra Hærskarers HERRE, og udrydder af Babel Navn og Rest, Skud og Spire, lyder det fra HERREN;
Eg vil reisa meg imot deim, segjer Herren, allhers drott, og eg skal rydja ut or Babel både namn og leivning, både born og barneborn, segjer Herren.
23 jeg gør det til Rørdrummers Eje og til side Sumpe; jeg fejer det bort med Undergangens Kost, lyder det fra Hærskarers HERRE.
Eg gjer det til heim for bustyvelen, og vil fylla det med søkkjemyrar, eg skal sopa det burt med tynings-sopa, segjer Herren, allhers drott.
24 Hærskarers HERRE har svoret saaledes: Visselig, som jeg har tænkt det, saa skal det ske, og som jeg satte mig for, saa staar det fast:
Herren, allhers drott, hev svore og sagt: I sanning som eg hev tenkt, soleis skal det verta, og det eg hev sett meg fyre, det skal hava framgang.
25 Jeg knuser Assur i mit Land, nedtramper ham paa mine Bjerge, hans Aag skal vige fra dem, hans Byrde skal vige fra dets Skuldre.
Eg vil krasa Assur i landet mitt og trakka honom under fot på fjelli mine. So skal oket hans verta burtteke, og byrdi hans lyft av herdarne deira.
26 Det er, hvad jeg satte mig for imod al Jorden, det er den Haand, som er udrakt mod alle Folk.
Dette er den råd som Herren hev teke mot all jordi; og dette er den hand som er utrett mot alle folk.
27 Thi Hærskarers HERRES Raad, hvo kuldkaster det? Hans udrakte Haand, hvo tvinger vel den tilbage?
For Herren, allhers drott, hev avgjort det; kven kann gjera det um inkje? Hans hand er det som er utrett; kven kann venda henne burt?
28 I Kong Akaz's Dødsaar kom dette Udsagn:
Det året kong Ahaz døydde, kom denne framsegni:
29 Glæd dig ej, hele Filisterland, at Kæppen, der slog dig, er brudt! Thi af Slangerod kommer en Øgle, dens Frugt er en flyvende Drage.
Gled deg ikkje, alt Filistarland, for di staven som slo deg er sundbroten! for or roti åt hoggormen skal det koma fram ein basilisk, og hans frukt skal verta ein fljugande eiterorm.
30 Paa min Vang skal de ringe græsse, de fattige lejre sig trygt; men jeg dræber dit Afkom ved Sult; hvad der levnes, slaar jeg ihjel.
Dei armaste av dei arme skal finna rikeleg føda, og dei fatige få kvila i trygd! men di rot skal eg døyda med hunger, og leivningen av deg skal drepast.
31 Hyl, Port, skrig, By, Angst gribe dig, hele Filisterland! Thi nordenfra kommer Røg, i Fjendeskaren nøler ingen.
Jamra deg, du port! øya deg, du by! Miss modet, alt Filistarland! For nordan ifrå kjem ein røyk! i fiendeskararne dreg ingen seg att-or.
32 Og hvad skal der svares Folkets Sendebud? At HERREN har grundfæstet Zion, og de arme i hans Folk søger Tilflugt der.
Kva skal ein då svara sendemennerne frå heidningfolki? At Herren hev grunnfest Sion, og at der finn armingarne i folket hans livd.

< Esajas 14 >