< 1 Mosebog 31 >

1 Men Jakob hørte Labans Sønner sige: »Jakob har taget al vor Faders Ejendom, og deraf har han skabt sig al den Velstand.«
So fekk han høyra at sønerne hans Laban hadde sagt: «Jakob hev teke alt det som far vår åtte, og av det som far vår åtte, hev han lagt seg til all denne rikdomen.»
2 Og Jakob læste i Labans Ansigt, at han ikke var sindet mod ham som tidligere.
Og Jakob såg på andlitet hans Laban at han var ikkje den same mot honom som han hadde vore.
3 Da sagde HERREN til Jakob: »Vend tilbage til dine Fædres Land og din Hjemstavn, saa vil jeg være med dig!«
Og Herren sagde til Jakob: «Far attende til landet åt federne dine og til ditt eige folk, og eg skal vera med deg.»
4 Saa sendte Jakob Bud og lod Rakel og Lea kalde ud paa Marken til sin Hjord;
Då sende Jakob bod etter Rakel og Lea og bad deim koma ut på marki, til buskapen hans.
5 og han sagde til dem: »Jeg læser i eders Faders Ansigt, at han ikke er sindet mod mig som tidligere, nu da min Faders Gud har været med mig;
Og han sagde med deim: «Eg ser på andlitet åt far dykkar at han er ikkje den same mot meg som fyrr. Men Gud åt far min hev vore med meg.
6 og I ved jo selv, at jeg har tjent eders Fader af al min Kraft,
Og de veit at eg hev tent far dykkar det beste eg vann.
7 medens eders Fader har bedraget mig og forandret min Løn ti Gange; men Gud tilstedte ham ikke at gøre mig Skade;
Og far dykkar hev svike meg og brigda um att løni mi dei ti gongerne. Men Gud let honom ikkje få lov til å gjera meg nokon skade.
8 sagde han, at de spættede Dyr skulde være min Løn, saa fødte hele Hjorden spættet Afkom, og sagde han, at de stribede skulde være min Løn, saa fødte hele Hjorden stribet Afkom.
Når han sagde so: «Dei droplute skal vera løni di, » so fekk alt småfeet droplute ungar; og når han sagde so: «Dei salute skal vera løni di, » so fekk alt småfeet salute ungar.
9 Saaledes tog Gud Hjordene fra eders Fader og gav mig dem.
Soleis tok Gud feet frå far dykkar og gav meg det.
10 Og ved den Tid Dyrene parrede sig, saa jeg i Drømme, at Bukkene, der sprang, var stribede, spættede og brogede;
Og ved det leitet då småfeet flaug, drøymde eg at eg let upp augo og såg ikring meg, og sjå, då var bukkarne som sprang på småfeet, salute og droplute og skjengjute.
11 og Guds Engel sagde til mig i Drømme: Jakob! Jeg svarede: Se, her er jeg!
Og Guds engel sagde til meg i draume: «Jakob!» og eg svara: «Ja, her er eg.»
12 Da sagde han: Løft dit Blik og se, hvorledes alle Bukkene, der springer, er stribede, spættede og brogede, thi jeg har set alt, hvad Laban har gjort imod dig.
Då sagde han: «Lat upp augo, so skal du få sjå at alle bukkarne som spring på småfeet, er salute og droplute og skjengjute. For eg hev set korleis Laban fer åt mot deg.
13 Jeg er den Gud, som aabenbarede sig for dig i, Betel, der, hvor du salvede en Stenstøtte og aflagde mig et Løfte; bryd op og forlad dette Land og vend tilbage til din Hjemstavn!«
Eg er din Gud frå Betel, der som du salva steinen, der som du gjorde meg ein lovnad. Gjer deg no reidug og far ut or dette landet og attende til fødesheimen din!»»
14 Saa svarede Rakel og Lea ham: »Har vi vel mere Lod og Del i vor Faders Hus?
Då svara Rakel og Lea og sagde med honom: «Hev då me endå nokon lut og arv i huset åt far vår?
15 Har han ikke regnet os for fremmede Kvinder, siden han solgte os og selv brugte de Penge, han fik for os?
Hev ikkje han rekna oss for framande? Han hev selt oss, og longe øydt upp det han fekk for oss.
16 Al den Rigdom, Gud har taget fra vor Fader, tilhører os og vore Børn — gør du kun alt, hvad Gud sagde til dig!«
All rikdomen som Gud hev teke frå far vår, høyrer oss og borni våre til. Gjer no berre du alt det som Gud hev sagt til deg!»
17 Saa satte Jakob sine Børn og sine Hustruer paa Kamelerne
So budde Jakob seg til ferdi, og sette borni og konorne sine på kamelarne.
18 og tog alt sit Kvæg med sig, og al den Ejendom, han havde samlet sig, det Kvæg, han ejede og havde samlet sig i Paddan-Aram, for at drage til sin Fader Isak i Kana'ans, Land.
Og han tok med seg alt bufeet sitt og alt godset som han hadde samla seg, det feet som han åtte og hadde ale seg til i Mesopotamia, og vilde fara til Isak, far sin, i Kana’ans-land.
19 Medens Laban var borte og klippede sine Faar, stjal Rakel sin Faders Husgud.
Laban hadde gjenge av og skulde klyppa sauerne sine. Då stal Rakel med seg husgudarne som far hennar hadde.
20 Og Jakob narrede Aramæeren Laban, idet han ikke lod ham mærke, at han vilde flygte;
Og Jakob stal seg burt ifrå Laban, aramæaren, og gat ikkje noko um at han vilde fara sin veg.
21 og han flygtede med alt, hvad han ejede; han brød op og satte over Floden og vandrede ad Gileads Bjerge til.
Han tok ut med alt det han åtte, og gav seg på vegen, og sette yver elvi, og tok leidi mot Gileadfjellet.
22 Tredjedagen fik Laban Melding om, at Jakob var flygtet;
Tridje dagen etter fekk Laban vita at Jakob hadde stroke sin veg.
23 han tog da sine Frænder med sig, satte efter ham saa langt som syv Dagsrejser og indhentede ham: i Gileads Bjerge.
Då tok han med seg skyldfolki sine, og sette etter honom sju dagsleider, og nådde honom att på Gileadfjellet.
24 Men Gud kom til Aramæeren Laban i en Drøm om Natten og sagde til ham: »Vogt dig vel for at sige saa meget som et ondt Ord til Jakob!«
Men Gud kom til Laban, aramæaren, i draume um natti, og sagde til honom: «Vara deg no og seg ikkje eit ord til Jakob!»
25 Da Laban traf Jakob — Jakob havde han opslaaet sit Telt paa Bjerget, Laban med sine Frænder sit i Gileads Bjerge —
Då Laban nådde att Jakob, hadde Jakob sett upp tjeldbudi si på fjellet; og Laban og skyldfolki hans sette og upp budi si på Gileadfjellet.
26 sagde Laban til Jakob: »Hvad har du gjort! Mig har du narret, og mine Døtre har du ført bort, som var de Krigsfanger!
Og Laban sagde med Jakob: «Kva tyder det at du hev stole deg burt ifrå meg og drege døtterne mine av garde, som dei var hertekne?
27 Hvorfor har du holdt din Flugt hemmelig og narret mig og ikke meddelt mig det; saa jeg kunde tage Afsked med dig med Lystighed og Sang, med Haandpauker og Harper?
Kvi løynde du deg av, og stal deg burt ifrå meg? Kvi sagde du det ikkje med meg, so eg kunde fylgt deg på vegen med glederop og song og trummor og harpor?
28 Du lod mig ikke kysse mine Sønner og Døtre — sandelig, det var daarligt gjort af dig!
Du let meg ikkje ein gong få kyssa borni og døtterne mine. Dette var uvisleg gjort av deg!
29 Det stod nu i min Magt at handle ilde med dig; men din Faders Gud sagde til mig i Nat: Vogt dig vel for at sige saa meget som et ondt Ord til Jakob!
Eg hev det i mi magt å gjera dykk ilt. Men Gud åt far dykkar sagde til meg i natt: «Vara deg no og seg ikkje eit ord til Jakob!»
30 Nu vel, saa drog du altsaa bort fordi du længtes saa meget efter din Faders Hus men hvorfor stjal du min Gud?«
Men var det no so at du laut taka ut, av di du lengta so sårt etter fødesheimen din, kvi stal du då gudarne mine?»
31 Da svarede Jakob Laban: »Jeg var bange; thi jeg tænkte, du vilde rive dine Døtre fra mig!
Då svara Jakob og sagde med Laban: «Eg var rædd; eg tenkte du kunde taka døtterne dine frå meg med hardom.
32 Men den, hos hvem du finder din Gud, skal lade sit Liv! Gennemsøg i vore Frænders Paasyn, hvad jeg har, og tag, hvad dit er!« Jakob vidste nemlig ikke, at Rakel havde stjaalet den.
Men den som du finn gudarne dine hjå, han skal ikkje liva. Sjå no etter, og lat skyldfolki våre vera vitne, um du kannast med noko av det eg hev med meg, og tak det so til deg!» Men Jakob visste ikkje at Rakel hadde teke deim.
33 Laban gik nu ind og ledte i Jakobs, i Leas og i de to Tjenestekvinders Telte men fandt intet; og fra Leas gik han, til Rakels, Telt.
Og Laban gjekk inn i budi hans Jakob og i budi hennar Lea og i budi åt båe ternorne, men fann ikkje noko. So gjekk han ut or budi hennar Lea, og inn i budi hennar Rakel.
34 Men Rakel havde taget Husguden og lagt den i Kamelsadlen og sat sig paa den. Da Laban nu havde gennemsøgt hele Teltet og intet fundet,
Men Rakel hadde teke husgudarne, og lagt deim under klyvsalen, og sett seg på deim. Og Laban rannsaka heile budi, men fann ikkje noko.
35 sagde hun til sin Fader: »Min Herre tage mig ikke ilde op, at jeg ikke kan rejse mig for dig, da det gaar mig paa Kvinders Vis!« Saaledes ledte han efter Husguden uden at finde den.
Og ho sagde med far sin: «Far må ikkje vera vond, for di eg ikkje kann reisa meg upp for honom! For det er so med meg no som stundom plar vera med kvendi.» Og han leita både høgt og lågt, men fann ikkje husgudarne.
36 Da blussede Vreden op i Jakob, og han gik i Rette med Laban; og Jakob sagde til Laban: »Hvad er min Brøde, og hvad er min Synd, at du satte efter mig!
Då vart Jakob harm, og skjemde på Laban. Og Jakob tok til ords og sagde med Laban: «Kva hev eg forbrote? kva vondt hev eg gjort, sidan du elter meg so?
37 Du har jo nu gennemsøgt alle mine Ting! Hvad har du fundet af alle dine Sager? Læg det frem for mine Frænder og dine Frænder, at de kan dømme os to imellem!
Då du rannsaka alt det eg hev, kva fann du då som høyrer huset ditt til? Legg det fram her og lat mine og dine skyldfolk få sjå det, so dei kann døma millom oss tvo!
38 I de tyve Aar, jeg har været hos dig, fødte dine Faar og Geder ikke i Utide, din Hjords Vædre fortærede jeg ikke,
No hev eg vore hjå deg i tjuge år: Søyorne og geiterne dine hev aldri kasta, og verarne i fenaden din hev eg ikkje ete upp.
39 det sønderrevne bragte jeg dig ikke, men erstattede det selv; af min Haand krævede du, hvad der blev stjaalet baade om Dagen og om Natten;
Det som var ihelrive, kom eg ikkje heim til deg med. Sjølv bøtte eg skaden. Av meg kravde du det, anten det var stole um dagen eller um natti.
40 om Dagen fortærede Heden mig, om Natten Kulden, og mine Øjne kendte ikke til Søvn.
Um dagen vilde hiten tyna meg, og kulden um natti, og eg fekk ikkje svevn på augo.
41 I tyve Aar har jeg tjent dig i dit Hus, fjorten Aar for dine to Døtre og seks Aar for dit Smaakvæg, og ti Gange har du forandret min Løn.
Tjuge år er det no eg hev vore hjå deg; fjortan år hev eg tent for båe døtterne dine, og seks år for fenaden din; men du brigda um att løni mi dei ti gongerne.
42 Havde ikke min Faders Gud, Abrahams Gud og Isaks Rædsel, staaet mig bi, saa havde du ladet mig gaa med tomme Hænder; men Gud saa min Elendighed og mine Hænders Møje, og i Nat afsagde han sin Kendelse!«
Hadde ikkje Gud åt far min, han som var Gud åt Abraham, og som Isak ber age for, hadde ikkje han vore med meg, so hadde du visst no sendt meg burt med tvo hender tome. Men Gud såg mi møda og alt mitt slæp, og han jamna det for meg i natt.»
43 Da sagde Laban til Jakob: »Døtrene er mine Døtre, Sønnerne er mine Sønner, Hjordene er mine Hjorde, og alt, hvad du ser, er mit — men hvad skulde jeg i Dag kunne gøre imod mine Døtre eller de Sønner, de har født?
Då svara Laban og sagde med Jakob: «Det er mine døtter, og mine born, og min buskap, og mitt alt du ser. Kva skulde eg då no gjera desse døtterne mine eller borni deira, som dei hev født til verdi?
44 Lad os to slutte et Forlig, og det skal tjene til Vidne mellem os.«
So kom no og lat oss gjera ei semja, eg og du, og den skal vera til vitnemål millom meg og deg!»
45 Saa tog Jakob en Sten og rejste den som en Støtte;
So tok Jakob ein stein og reiste honom upp til eit merke.
46 og Jakob sagde til sine Frænder: »Sank Sten sammen!« Og de tog Sten og byggede en Dysse og holdt Maaltid derpaa.
Og Jakob sagde med skyldfolki sine: «Sanka i hop stein!» So fann dei seg steinar, og bygde ein varde, og sette seg og åt der, innmed varden.
47 Laban kaldte den Jegar-Sahaduta, og Jakob kaldte den Gal'ed.
Og Laban kalla varden Jegar Sahaduta, og Jakob kalla honom Gal’ed.
48 Da sagde Laban: »Denne Dysse skal i Dag være Vidne mellem os to!« Derfor kaldte han den Gal'ed
Og Laban sagde: «No er denne varden vitne millom meg og deg.» Difor kalla dei honom Gal’ed,
49 og Mizpa; thi han sagde: »HERREN skal staa Vagt mellem mig og dig, naar vi skilles.
og Mispa, «av di, » sagde han, «Herren skal halde vakt millom meg og deg, når me hev kome einannan or syne.
50 Hvis du handler ilde med mine Døtre eller tager andre Hustruer ved Siden af dem, da vid, at selv om intet Menneske er til Stede, er dog Gud Vidne mellem mig og dig!«
Fer du ille med døtterne mine, eller tek du deg andre konor attåt døtterne mine, då er det fulla ingen mann innmed oss, men kom i hug det: Gud er vitne millom meg og deg.»
51 Og Laban sagde til Jakob: »Se denne Stendysse og se denne Stenstøtte, som jeg har rejst mellem mig og dig!
Og Laban sagde med Jakob: «Sjå, denne varden og denne merkesteinen, som eg hev reist millom meg og deg -
52 Vidne er denne Dysse, og Vidne er denne Støtte paa, at jeg ikke i fjendtlig Hensigt vil gaa forbi denne Dysse ind til dig, og at du heller ikke vil gaa forbi den ind til mig;
vitne skal dei vera, både varden og merkesteinen, at ikkje skal eg fara framum denne varden, burt til deg, og ikkje skal du fara hitum denne varden og denne merkesteinen, heim til meg, på det som vondt er.
53 Abrahams Gud og Nakors Gud, deres Faders Gud, være Dommer imellem os!« Saa svor Jakob ved sin Fader Isaks Rædsel,
Gud åt Abraham og Gud åt Nahor døme millom oss, han som var Gud åt far deira!» So svor Jakob ved honom som Isak, far hans, bar age for.
54 og derpaa holdt Jakob Offerslagtning paa Bjerget og indbød sine Frænder til Maaltid; og de holdt Maaltid og blev paa Bjerget Natten over.
Og Jakob ofra eit slagtoffer på fjellet, og bad skyldfolki sine eta med seg. Og dei åt med honom, og var på fjellet um natti.
55 Tidligt næste Morgen kyssede Laban sine Sønner og Døtre, velsignede dem og drog bort; og Laban vendte tilbage til sin Hjemstavn,
Um morgonen tidleg reis Laban upp, og kysste barneborni og døtterne sine, og velsigna deim. So tok Laban ut, og for heim att til seg.

< 1 Mosebog 31 >