< Ezekiel 5 >
1 Og du, Menneskesøn, tag dig et skarpt Sværd, brug det som Ragekniv og lad det gaa over dit Hoved og dit Skæg; tag dig saa en Vægtskaal og del Haaret.
Og du, menneskjeson! Tak deg eit kvast sverd! Til rakekniv skal du bruka det, og du skal føra det yver ditt hovud og skjegg; tak deg so ei skålvegt og skift det du hev raka av!
2 En Tredjedel skal du brænde i et Baal midt i Byen, naar Belejringens Dage er omme; en Tredjedel skal du tage og slaa den med Sværdet rundt om Byen; og en Tredjedel skal du sprede for Vinden; saa drager jeg Sværdet bag dem.
Ein tridjepart skal du brenna upp i eld midt i byen når kringsetjingsdagarne er lidne, og ein tridjepart skal du taka og slå med sverdet vida ikring, og ein tridjepart skal du spreida ut i vinden, og sverd vil draga ut etter deim.
3 Derefter skal du tage lidt deraf og svøbe det ind i din Kappeflig;
Men du skal taka undan nokre få av deim og binda deim i kjolesnipparne dine.
4 og deraf skal du atter tage noget og kaste det midt ind i Ilden og brænde det. Og du skal sige til hele Israels Hus:
Og av deim att skal du enn taka nokre og kasta deim midt inn i elden og brenna deim upp i eld. Derifrå skal koma eld yver all Israels-lyden.
5 Saa siger den Herre HERREN: Dette er Jerusalem; jeg satte det midt iblandt Folkene, omgivet af lande.
So segjer Herren, Herren: Dette Jerusalem, midt imillom folki sette eg det, og land var det rundt ikring.
6 Men det var gudløst og genstridigt mod mine Lovbud mere end Folkene og mod mine Vedtægter mere end Landene rundt om; thi de lod haant om mine Lovbud og vandrede ikke efter mine Vedtægter.
Men det hev sett seg upp mot mine lover, so det vart ugudlegare enn folki, og mot mine bodord, so dei vart verre enn landi rundt ikring; for mine lover vanvyrde dei, og i mine bodord ferdast dei ikkje.
7 Derfor, saa siger den Herre HERREN: Fordi I var mere genstridige end Folkene rundt om og ikke vandrede efter mine Vedtægter eller holdt mine Lovbud, men gjorde efter de omboende Folks Lovbud,
Difor, so segjer Herren, Herren: Av di at de hev rasa verre enn heidningfolki rundt ikring dykk, ikkje ferdast i mine bodord og ikkje gjort etter mine lover, og jamvel ikkje gjort etter loverne åt heidningfolki som er rundt ikring dykk,
8 derfor, saa siger den Herre HERREN: Se, jeg kommer over dig og holder Dom i din Midte for Folkenes Øjne.
difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil koma yver deg, eg og, og eg vil halda dom hjå deg midt framfor augo på heidningfolki.
9 For alle dine Vederstyggeligheders Skyld vil jeg gøre med dig, hvad jeg aldrig har gjort og aldrig vil gøre Mage til.
Og eg skal gjera med deg det som eg ikkje fyrr hev gjort og aldri meir vil gjera, for all styggedomen din.
10 Derfor skal Fædre æde deres Børn i din Midte og Børn deres Fædre; jeg holder Dom over dig, og alle, som er til Rest i dig, spreder jeg for alle Vinde.
Difor skal foreldre eta borni sine hjå deg, og born eta foreldri sine. Og eg vil halda dom hjå deg, og strå alt som vert att av deg for alle vindar.
11 Derfor, saa sandt jeg lever, lyder det fra den Herre HERREN: Sandelig, fordi du gjorde min Helligdom uren med alle dine væmmelige Guder og Vederstyggeligheder, vil jeg ogsaa støde dig fra mig uden Medynk eller Skaansel.
Difor, so sant som eg liver, segjer Herren, Herren, sanneleg, etter di du hev sulka min heilagdom med all din styggjedom og alle dine styggjor, so vil eg og snu meg frå, og mitt auga skal ikkje ynkast, og ikkje eg heller vil spara deg.
12 En Tredjedel af dig skal dø af Pest og omkomme af Hunger i din Midte, en Tredjedel skal falde for Sværdet rundt om dig, og en Tredjedel spreder jeg for alle Vinde og drager Sværdet bag dem.
Tridjeparten av deg skal døy av sott og verta tynt av svolt midt i deg, og tridjeparten skal falla for sverd rundt kringum deg, og tridjeparten vil eg spreida for alle vindar, og sverd vil eg draga ut etter deim.
13 Min Vrede skal udtømme sig, og jeg vil køle min Harme paa dem og tage Hævn, saa de skal kende at jeg, HERREN, har talet i min Nidkærhed, naar jeg udtømmer min Vrede over dem.
Og all min vreide skal verta uthelt, og eg vil svala min harm på deim og hemna meg. Då skal dei sanna at eg, Herren, hev tala i min brennhug når eg heller ut all min harm på deim.
14 Jeg gør dig til en Grushob og til Spot blandt Folkene rundt om, for Øjnene af enhver, som drager forbi.
Og eg vil gjera deg til audn og til spott millom folki som er rundt kringum deg, framfor augo på kvar ein som fer framum.
15 Du skal blive til Spot og Haan, til Advarsel og Rædsel for Folkene rundt om, naar jeg holder Dom over dig i Vrede og Harme og harm fuld Revselse. Jeg, HERREN, har talet!
Du skal verta til spott og håd, ei åtvaring og ei skræma for folki som er rundt kringum deg, når eg held dom yver deg med vreide og med harm og med harmfulle refsingar - eg, Herren hev tala -
16 Naar jeg sender Hungerens onde Pile mod eder, og de, som jeg sender for at ødelægge eder, volder Ødelæggelse, og jeg lader Hungeren tage til, da sønderbryder jeg Brødets Støttestav for eder
når eg sender ibland deim dei vonde hunger-pilerne som er etla til tynarverk, deim eg sender til å tyna dykk med, når eg let svolten herja dykk og bryt sund brødstaven for dykk.
17 og sender Hunger over eder og Rovdyr, som skal affolke dig; Pest og Blodsudgydelse skal hjemsøge dig, og jeg bringer Sværd over dig. Jeg, HERREN, har talet.
Eg vil senda yver dykk hunger og udyr, og dei skal gjera deg barnlaus, og sott og blod skal ganga yver deg, og sverd vil eg lata koma yver deg. Eg Herren, hev tala.