< 2 Samuel 18 >
1 Derpaa holdt David Mønstring over sit Mandskab og satte Tusindførere og Hundredførere over dem;
David mynstra folket sitt og sette førarar og underførar yver deim.
2 og David delte Mandskabet i tre Dele; den ene Tredjedel stillede han under Joab, den anden under Abisjaj, Zerujas Søn og Joabs Broder, og den sidste Tredjedel under Gatiten Ittaj. Kongen sagde saa til Folkene: »Jeg vil selv drage med i Kampen!«
So sende David ut folket; den eine tridjeparten under Joab, den andre tridjeparten under Abisai Serujason, bror åt Joab, og den tridje under Ittai frå Gat. Og kongen sagde til folket: «Eg er fast meint på å draga ut sjølv med dykk.»
3 Men de svarede: »Du maa ikke drage med; thi om vi flygter, ænser man ikke os; ja, selv om Halvdelen af os falder, ænser man ikke os, men du gælder lige saa meget som ti Tusinde af os; derfor er det bedst, at du holder dig rede til at ile os til Hjælp fra Byen.«
Men dei svara: «Du fær ikkje draga ut. Um me lyt røma, bryr ingen seg um oss. Um helvti av oss vert drepne, bryr ingen seg um oss. Men du er no jamgod med titusund av oss. Difor er det likare at du er budd på å koma oss til hjelp frå byen.»
4 Kongen svarede: »Jeg gør, hvad I finder bedst!« Derpaa stillede Kongen sig ved Porten, medens hele Mandskabet drog ud, hundredvis og tusindvis.
Kongen sagde: «Det de meiner er best, det vil eg gjera.» So tok kongen post attmed porten. Og heile heren drog ut i hundrad og i tusund.
5 Men Kongen gav Joab, Abisjaj og Ittaj den Befaling: »Far nu lempeligt med den unge Absalom!« Og hele Mandskabet hørte, hvorledes Kongen gav alle Øversterne Befaling om Absalom.
Kongen baud Joab, Abisai og Ittai: «Far no varsamt med den unge mannen, med Absalom!» Heile heren høyrde kva kongen baud herhovdingarne um Absalom.
6 Derpaa rykkede Krigerne i Marken mod Israel, og Slaget kom til at staa i Efraims Skov.
So drog heren ut i opi marki mot Israel. Og det kom til slag i Efraimsskogen.
7 Der blev Israels Hær slaaet af Davids Folk, og der fandt et stort Mandefald Sted den Dag; der faldt 200 000 Mand.
Der vart Israels-heren slegen av Davids herfolk. Og vart stort mannefall millom deim den dagen: tjuge tusund mann.
8 Kampen bredte sig over hele Egnen, og Skoven fortærede den Dag flere Folk end Sværdet.
Slaget spreidde seg utyver heile den kanten av landet. Og skogen øydde fleire folk den dagen enn sverdet.
9 Absalom selv stødte paa nogle af Davids Folk; Absalom red paa sit Muldyr, og da Muldyret kom ind under en stor Terebintes tætte Grene, blev hans Hoved hængende i Terebinten, saa han hang mellem Himmel og Jord, medens Muldyret, han sad paa, løb bort.
Det bar so til at Absalom råka på nokre av folki åt David. Han reid på eit muldyret. Og då muldyret kom inn under dei tette greinerne av ei stor eik, vart hovudet hans klemt fast millom greinerne. Og han vart hangande millom himmel og jord. For muldyret han reid på, sprang sin veg.
10 En Mand, der saa det meldte det til Joab og sagde: »Jeg saa Absalom hænge i en Terebinte.«
Ein mann som såg det, melde det til Joab: «Eg fekk sjå Absalom hangande i ei eik der burte.»
11 Da sagde Joab til Manden, der havde meldt ham det: »Naar du saa det, hvorfor slog du ham da ikke til Jorden med det samme? Saa havde jeg givet dig ti Sekel Sølv og et Bælte!«
Joab spurde bodberaren: «Når du såg det, kvifor slo du honom ikkje til marki med same? So skulde eg gjerne ha gjeve deg ti sylvdalar og eit belte for det.»
12 Men Manden svarede Joab: »Om jeg saa havde faaet tilvejet tusind Sekel, havde jeg ikke lagt Haand paa Kongens Søn; thi vi hørte jo selv, hvorledes Kongen bød dig, Abisjaj og Ittaj: Vogt vel paa den unge Absalom!
Mannen svara: «Um eg so skulde fenge ti tusund sylvdalar upp i neven, so ikkje eg leggja hand på kongssonen. Me høyrde då med eigne øyro kor kongen baud deg og Abisai og Ittai: «Tak vare på den unge mannen, på Absalom, for meg.»
13 Dersom jeg havde handlet svigefuldt imod ham — intet bliver jo skjult for Kongen — vilde du have ladet mig i Stikken!«
Og hadde eg gjort svik mot hans liv - for ingen ting vert løynd for kongen - so vilde du halde deg utanfor.»
14 Da sagde Joab: »Saa gør jeg det for dig!« Dermed greb han tre Spyd og stødte dem i Brystet paa Absalom, som endnu levede og hang mellem Terebintens Grene.
«Eg vil ikkje hefta tidi lenger meg deg, » sagde Joab, treiv tri spjot i handi, og deim rende han i bringa på Absalom, som endå hekk livande millom greinerne på eiki.
15 Derpaa traadte ti unge Mænd, der var Joabs Vaabendragere, til og gav Absalom Dødsstødet.
So kom ti sveinar til, Joabs våpnsveinar, og gav Absalom banehogg.
16 Joab lod nu støde i Hornet, og Hæren opgav at forfølge Israel, thi Joab bød Folkene standse.
Joab bles i luren. Og herfolket heldt upp med å forfylgja Israel, då Joab baud deim stogga.
17 Derpaa tog de og kastede Absalom i en stor Grube i Skoven og ophobede en mægtig Stendynge over ham. Og hele Israel flygtede hver til sit.
Dei tok og kasta Absalom i ei stor grop i skogen, og hauga i hop ei veldug steinrøys yver honom. Heile Israel tok til rømings kvar til seg.
18 Men medens Absalom endnu levede, havde han taget og rejst sig den Stenstøtte, som staar i Kongedalen; thi han sagde: »Jeg har ingen Søn til at bevare Mindet om mit Navn.« Han havde opkaldt Stenstøtten efter sig selv, og endnu den Dag i Dag kaldes den »Absaloms Minde«.
Absalom sjølv hadde i livande live teke og reist upp til minne for seg den merkesteinen som stend i Kongsdalen; med di han sagde: «Eg hev ingen son til å halda uppe namnet mitt!» Han kalla merkesteinen etter sitt namn; og han heiter «Absaloms minne» endå den dag i dag.
19 Da sagde Ahima'az, Zadoks Søn: »Lad mig løbe hen og bringe Kongen den gode Tidende, at HERREN har skaffet ham Ret over for hans Fjender!«
Ahima’as Sadoksson sagde: «Lat meg skunda meg og melda kongen fagnadtiendi, at Herren hev hjelpt honom til retten sin mot uvenerne sine!»
20 Men Joab svarede ham: »Du skal ikke være den, der bringer Bud i Dag; en anden Gang kan du bringe Bud, men i Dag skal du ikke gøre det, da Kongens Søn er død!«
«Nei, » sagde Joab, «det vert inkje fagnadbod det du hev å bera i dag. Ein annan dag kann du koma med fagnadtiend. Men i dag vert det ingen fagnadtiend; for det er son åt kongen som er avliden.»
21 Og Joab sagde til Etiopieren: »Gaa du hen og meld Kongen, hvad du har set!« Da kastede Etiopieren sig til Jorden for Joab og ilede af Sted.
So baud Joab ein ætiop: «Gakk og meld kongen det du hev set!» Ætiopen fall ned for Joab og sprang av stad.
22 Men Ahima'az, Zadoks Søn, sagde atter til Joab: »Ske, hvad der vil! Lad ogsaa mig løbe bag efter Etiopieren!« Da sagde Joab: »Hvorfor vil du det, min Søn? For dig er der ingen Budløn at hente!«
Ahima’as Sadoksson bad Joab andre gongen: «Kome kva kome vil: lat meg springa eg og, etter ætiopen!» Joab svara: «Kvifor vil du det, guten min? Dette er då ikkje nokor fagnadtiend, som du kann venta løn for!»
23 Men han blev ved: »Ske, hvad der vil! Jeg løber!« Saa sagde han: »Løb da!« Og Ahima'az løb ad Vejen gennem Jordanegnen og naaede frem før Etiopieren.
Han sagde: «Koma kva kome vil: eg spring!» «So spring då!» sagde Joab. Og Ahima’as sprang, og tok vegen yver Jordan-kverven og kom fyre ætiopen.
24 David sad just mellem de to Porte, og Vægteren steg op paa Porttaget ved Muren; da han saa ud, se, da kom en Mand løbende alene.
David sat inni dubbelporten. Og ein vaktmann steig upp på porttaket innmed muren. Då han skoda ut, fekk han sjå ein koma springande åleine.
25 Vægteren raabte og meldte det til Kongen, og Kongen sagde: »Er han alene, har han Bud at bringe!« Men medens Manden fortsatte sit Løb og kom nærmere,
Vaktmannen ropa og melde det åt kongen. Då sagde kongen. «Er han åleine, so hev han eit fagnadbod å bera fram. Men medan han kom næmare,
26 saa Vægteren en anden Mand komme løbende og raabte ned i Porten: »Der kommer een Mand til løbende alene!« Kongen sagde: »Ogsaa han har Bud at bringe!«
fekk vaktmannen sjå ein annan kom springande. Då ropa vaktmannen ned til portvakti: «No ser eg ein til kjem springande åleine.» Kongen sagde: «Han kjem og med fagnadbod.»
27 Da raabte Vægteren: »Den forreste løber saaledes, at det ser ud til at være Ahima'az, Zadoks Søn!« Kongen sagde: »Det er en god Mand, han kommer med godt Bud!«
Vaktmannen sagde: Etter måten å springa på, tykkjer eg den fyrste må vera Ahima’as Sadoksson.» Kongen sagde: «Han er ein god mann! han kjem visseleg med fagnadtidend.»
28 Imidlertid var Ahima'az kommet nærmere og raabte til Kongen: »Hil dig!« Saa kastede han sig ned paa Jorden for Kongen og sagde: »Lovet være HERREN din Gud, som gav dem, der løftede Haand mod min Herre Kongen, i din Haand!«
Ahima’as ropa til kongen: «Heil og sæl!» So fall han å gruve til jordi framfor kongen og sagde: «Lova vere Herren, din Gud! Han hev gjeve deg dei mennerne som lyfte handi mot deg, herre konge!»
29 Kongen spurgte: »Er den unge Absalom uskadt?« Ahima'az svarede: »Jeg saa, at der var stor Tummel, da Kongens Træl Joab sendte din Træl af Sted, men jeg ved ikke, hvad det var.«
Kongen spurde: «Stend det vel til med den unge mannen, med Absalom?» Ahima’as svara: «Eg såg ei stor mannemuge då Joab sende den andre kongstenaren og meg. Men eg veit ikkje kva det galdt.»
30 Kongen sagde da: »Træd til Side og stil dig der!« Og han traadte til Side og blev staaende.
Kongen sagde: «Gakk til sides, og statt der!» Han so gjorde.
31 I det samme kom Etiopieren; og Etiopieren sagde: »Der er Bud til min Herre Kongen: HERREN har i Dag skaffet dig Ret over for alle dine Modstandere!«
Nett då kom ætiopen. Han sagde: «Tak imot fagnadbodet, herre konge, at i dag hev Herren gjeve deg rett mot alle deim som reiste seg mot deg.»
32 Kongen spurgte Etiopieren: »Er den unge Absalom uskadt?« Og han svarede: »Det gaa min Herre Kongens Fjender og alle dine Modstandere som den unge Mand!«
Kongen spurde ætiopen: «Stend det vel til med den unge mannen, med Absalom?» Ætiopen svara: «Gjev det må ganga soleis med uvenerne dine, herre konge, og med alle som reiser seg mot deg og vil gjera deg mein, som det gjekk med den unge mannen!»
33 Da blev Kongen dybt rystet, og han gik op i Stuen paa Taget over Porten og græd; og han gik frem og tilbage og klagede: »Min Søn Absalom, min Søn, min Søn Absalom! Var jeg blot død i dit Sted! Absalom, min Søn, min Søn!«
Då vart kongen reint ille ved, gjekk upp i taksalen yver porten, og gret. Og alt medan han gjekk, jamra han: «Absalom, son min, Absalom, son min, son min! Gjev eg hadde døytt i staden din! Absalom, son min, son min!»