< Zakarias 7 >

1 Og det skete i Kong Darius's fjerde Aar, at Herrens Ord kom til Sakarias paa den fjerde Dag i den niende Maaned, det er i Kislev.
I det fjorde styringsåret åt kong Darius kom Herrens ord til Zakarja, på den fjorde dagen i den niande månaden, i månaden kislev.
2 Og Bethel sendte Sarezer og Regem-Melek og hans Mænd for at bede ydmygelig for Herrens Ansigt,
Då sende Betel Sareser og Regem-Melek og mennerne hans av stad til å blidka Herren
3 idet de skulde sige til Præsterne, som vare ved den Herre Zebaoths Hus, og til Profeterne saaledes: Mon jeg skal græde i den femte Maaned under Afholdenhed, som jeg har gjort nu saa mange Aar?
og spyrja prestarne i huset åt Herren, allhers drott, og profetarne: «Skal eg gråta og fasta i den femte månaden som me hev gjort no i mange, mange år?»
4 Da kom den Herre Zebaoths Ord til mig saalunde:
Då kom ordet frå Herren, allhers drott, til meg soleis:
5 Sig til alt Folket i Landet og til Præsterne: Naar I have fastet og sørget i den femte og i den syvende Maaned, og dette nu i halvfjerdsindstyve Aar, mon I da virkelig have fastet for mig?
Seg du til alt folket i landet og til prestarne: Når de no i sytti år hev halde faste- og gråtedagar i femte og sjuande månaden, er det då for meg de hev fasta?
6 Og naar I æde, og naar I drikke, er det da ikke eder, som æde, og eder, som drikke?
Og når de et, og når de drikk, er det då ikkje de sjølve som et og drikk?
7 Mindes I ikke de Ord, som Herren forkyndte ved de første Profeter, der Jerusalem var beboet og var rolig, og dens Stæder trindt omkring den og Sydlandet og Lavlandet vare beboede?
Var det ikkje dei ordi Herren kunngjorde gjenom dei fyrre profetarne, då folk budde i fred og tryggleik i Jerusalem og i landsbyarne rundt ikring, og i Sudlandet og Låglandet like eins?
8 Og Herrens Ord kom til Sakarias saaledes:
Og Herrens ord kom til Zakarja soleis:
9 Saa siger den Herre Zebaoth: Dømmer Sandheds Dom, og gører Miskundhed og Barmhjertighed, hver imod sin Broder,
Soleis tala Herren, allhers drott: Seg rettvise domar og ver kjærlege og miskunnsame mot kvarandre!
10 og undertrykker ikke Enken eller den faderløse, den fremmede eller den elendige; og optænker ikke ondt imod en Broder i eders Hjerte!
Enkjor og farlause, framandfolk og fatige må de ikkje vera harde med, og ikkje tenkja ut vondt mot kvarandre i hjarta dykkar!
11 Men de vægrede sig ved at give Agt derpaa og vendte modvilligt Ryg, og de gjorde deres Øren tunghørende for ikke at høre.
Men dei vilde ikkje høyra, og dei sette ein stiv nakke imot; dei gjorde øyro sine dauve, so dei skulde sleppa å høyra,
12 Og de gjorde deres Hjerte som Demant for ikke at høre Loven og Ordene, hvilke den Herre Zebaoth sendte ved sin Aand igennem de første Profeter, og der kom en stor Vrede fra den Herre Zebaoth.
ja, hjarto sine gjorde dei harde som demant, so dei skulde sleppa å høyra lovi og dei ordi som Herren, allhers drott, sende ved sin ande gjenom dei fyrre profetarne. Då kom det ein stor vreide frå Herren, allhers drott.
13 Og det skete, ligesom han raabte, og de hørte ikke: Saaledes skulle de raabe, og jeg vil ikke høre, sagde den Herre Zebaoth;
Og av di dei ikkje vilde høyra når han ropa, so sagde no Herren, allhers drott: Eg vil ikkje høyra når dei ropar;
14 men jeg vil bortdrive dem som ved en Storm iblandt alle de Hedningefolk, som de ikke have kendt, og Landet skal være ødelagt efter dem, saa at ingen gaar igennem det frem eller tilbage. Og de gjorde det herlige Land til en Ørk.
men eg skal føykja deim burt millom alle heidningfolki som dei ikkje kjenner, og landet skal liggja audt etter deim, so ingen fer att og fram. Soleis gjorde dei det herlege landet til ei øydemark.

< Zakarias 7 >