< Malakias 2 >

1 Og nu, denne Bestemmelse gælder eder, I Præster!
Og no kjem dette bodet til dykk prestar:
2 Dersom I ikke høre det, og dersom I ikke lægge det paa Hjerte at give mit Navn Ære, siger den Herre Zebaoth, da vil jeg sende Forbandelsen paa eder og forbande eders Velsignelser; ja, jeg har allerede forbandet dem, fordi I ikke ville lægge det paa Hjerte.
Vil de ikkje høyra og ikkje leggja dykk på hjarta å gjeva mitt namn æra, segjer Herren, allhers drott, so sender eg forbanningi yver dykk, og eg forbannar velsigningarne dykkar; ja, eg hev alt forbanna deim, av di de ikkje legg det på hjarta.
3 Se, jeg truer Sæden for eder og spreder Møg over eders Ansigter, Møget af eders Festofre, og man skal bringe eder hen til dette.
Sjå, eg bannar avkjømet dykkar og kastar møk i andlitet på dykk, møk av dykkar høgtidsoffer, og dei skal bera dykk burti møki.
4 Og I skulle fornemme, at jeg har sendt denne Bestemmelse imod eder, for at den skal vorde min Pagt med Levi, siger den Herre Zebaoth.
Då skal de sanna at eg hev sendt dykk dette bodet, av di det skal vera mi pakt med Levi, segjer Herren, allhers drott.
5 Min Pagt var med ham, Livet og Freden, og jeg gav ham dem til Frygt, og han frygtede mig, og for mit Navn var han forfærdet.
Mi pakt med honom var liv og fred. Eg gav honom deim til otte, og han ottast meg og skalv for mitt namn.
6 Sandheds Lov var i hans Mund, og der blev ikke fundet Uret paa hans Læber; i Fred og i Oprigtighed vandrede han med mig og omvendte mange fra Misgerning.
Sannings læra var i hans munn, og det fanst ikkje svik på lipporne hans; fredsamt og ærleg gjekk han på min veg, og han vende mange burt ifrå misgjerd.
7 Thi en Præsts Læber skulle bevare Kundskab, og Loven skal man søge af hans Mund; thi han er den Herre Zebaoths Sendebud.
For prestelippor skal gøyma på kunnskap, upplæring ventar me av munnen hans, for han er sendebod frå Herren, allhers drott.
8 Men I ere afvegne fra Vejen, I have bragt mange til at støde an imod Loven; I have fordærvet Levis Pagt, siger den Herre Zebaoth.
Men de hev vike av frå vegen, læra dykkar hev ført mange til fall; de hev skjemt ut Levi-pakti, segjer Herren, allhers drott.
9 Derfor gør ogsaa jeg eder foragtelige og ringe for alt Folket, eftersom I ikke agte paa mine Veje, men anse Personer ved Anvendelse af Loven.
Difor hev eg og gjort dykk vanvyrde og nedsedde for alt folket, av di de ikkje agtar på mine vegar, men gjer skil på folk i lovlæra.
10 Have vi ikke alle sammen een Fader? har ikke een Gud skabt os? hvorfor handle vi troløst, den ene imod den anden, for at vanhellige vore Fædres Pagt?
Hev ikkje me ein far alle saman? Hev ikkje ein Gud skapt oss? Kvi fer me då med svik mot kvarandre og vanhelgar fedrepakti?
11 Juda har handlet troløst, og der er sket Vederstyggelighed i Israel og i Jerusalem; thi Juda har vanhelliget Herrens Helligdom, som han elsker, og taget til Ægte en fremmed Guds Datter.
Svik hev Juda fare med, og styggedom hev gjenge for seg i Israel og i Jerusalem; for Juda hev vanhelga Herrens heilagdom, som han elskar, og hev gift seg med dotter til ein framand gud.
12 For den Mand, som gør dette, udrydde Herren den, som er vaagen, og den, som svarer, af Jakobs Telte, og den, som fremfører Offergaver til den Herre Zebaoth!
Hjå den mannen som gjer slikt - måtte Herren rydja ut kvar livande sjæl or Jakobs hyttor, og den som ber fram offergåva til Herren, allhers drott!
13 For det andet gøre I ogsaa dette: I bedække Herrens Alter med Taarer, med Graad og Suk, saa at han ikke mere vender sit Ansigt til Offergaven eller modtager noget som velbehageligt af eders Haand.
Og endå ein ting til gjer de: Yver Herrens altar legg de tåror og gråt og sukkar, so han vil venda seg til offergåva meir eller med hugnad tek imot noko av dykkar hand.
14 Og I sige: Hvorfor? Fordi Herren har været Vidne imellem dig og din Ungdoms Hustru, som du har handlet troløst imod, da hun dog var din Ægtefælle og din Pagts Hustru.
De spør: «Korleis då?» Jau, Herren hev vore vitne millom deg og ditt ungdomsviv, henne som du hev svike, endå ho var festarmøyi di og egtemaken din.
15 Og een, som havde en Rest af Aand, har ikke handlet saaledes. Men hvad gjorde den ene? Han søgte den af Gud forjættede Sæd. Saa skulle I vogte eder for eders Aands Skyld, og ingen handle troløst imod sin Ungdoms Hustru!
Hev ikkje den eine og same skapt henne, med di han hadde endå meir ånd att? Og kva stila han på, den eine? Guddomleg ætt. Tak då vare på dykkar liv og svik ikkje ditt ungdomsviv!
16 Thi jeg hader Skilsmisse, siger den Herre Israels Gud, og man bedækker derved sit Klædebon med Vold, siger den Herre Zebaoth; saa skulle I vogte eder for eders Aands Skyld og ikke handle troløst.
Eg hatar skilsmål, segjer Herren, Israels Gud; med det sveiper ein vald um klædi sine, segjer Herren, allhers drott. So tak då vare på dykkar liv og far ikkje med svik.
17 I have trættet Herren med eders Ord; og dog sige I: Hvormed have vi trættet ham? Idet I sige: Hver, som gør ondt, er god for Herrens Øjne, og til dem har han Lyst, eller: Hvor er Dommens Gud?
De trøyttar Herren med dykkar ord. De spør: «Korleis trøytta me?» Jau, de segjer: «Kvar den som gjer vondt, er god i Herrens augo, og han hev hugnad i deim. Kvar er elles Gud som held dom?»

< Malakias 2 >