< 1 Mosebog 42 >
1 Der Jakob saa, at Korn var til fals i Ægypten, da sagde Jakob til sine Sønner: Hvi se I paa hverandre?
Då Jakob høyrde at det var korn i Egyptarland, sagde han med sønerne sine: «Kvi sit de og stirer på kvarandre?
2 Og han sagde: Se, jeg hører, at der er Korn til føls i Ægypten, farer did ned og køber til os derfra, at vi maa leve og ikke dø.
Eg hev fenge spurt, » sagde han, «at dei hev korn i Egyptarland. Far no der ned og kjøp korn åt oss, so me kann halda livet og ikkje døy burt!»
3 Saa droge Josefs ti Brødre ned at købe Korn i Ægypten.
Og brørne hans Josef tok nedigjenom, ti i talet, og vilde kjøpa korn i Egyptarland.
4 Men Jakob lod ikke Benjamin, Josefs Broder, fare med sine Brødre; thi han sagde: Der kunde vederfares ham nogen Ulykke.
Men Benjamin, rettebror åt Josef, sende Jakob ikkje av stad med brørne hans; han var rædd det kunde henda honom ei ulukka.
5 Saa kom Israels Sønner at købe iblandt dem, som kom; thi der var Hunger i Landet Kanaan.
So kom då Israels-sønerne og vilde kjøpa korn, millom alle dei andre som kom; for det var uår i Kana’ans-land.
6 Og Josef var Regent over Landet, han var den, som solgte til alt Folket i Landet; og Josefs Brødre kom, og de faldt ned for ham paa deres Ansigt til Jorden.
Men Josef var den som rådde i landet. Han var det som selde korn til all landslyden. Og brørne hans Josef kom og lagde seg å gruve for honom.
7 Og Josef saa sine Brødre og kendte dem og holdt sig fremmed mod dem og talede haarde Ting med dem og sagde til dem: Hvorfra komme I? og de sagde: Fra det Land Kanaan for at købe Spise.
Då Josef såg brørne sine, kjende han deim att, men lest ikkje ved vera; han tala strengt til deim og spurde: «Kvar er de frå?» «Frå Kana’ans-land, » sagde dei. «Me kjem og vil kjøpa grjon.»
8 Og Josef kendte sine Brødre; men de kendte ikke ham.
Josef kjende att brørne sine, men dei kjende ikkje honom.
9 Og Josef kom de Drømme i Hu, som han havde drømt om dem, og sagde til dem: I ere Spejdere, I ere komne at bese, hvor Landet er blot.
Og Josef laut minnast det som han hadde drøymt um deim, og sagde med deim: «De er njosnarar, de kjem og vil sjå kvar landet er lettast å taka.»
10 Og de sagde til ham: Nej, min Herre! men dine Tjenere ere komne for at købe Spise.
«Nei, gode herre, » sagde dei; «tenarane dine vil berre kjøpa grjon.
11 Vi ere alle een Mands Sønner, vi ere redelige, dine Tjenere ere ikke Spejdere.
Me er alle søner åt ein mann. Me er ærlege folk: tenarane dine hev aldri vore njosnarar.»
12 Og han sagde til dem: Nej, men I ere komne for at bese, hvor Landet er blot.
«Jau, » sagde han, «de kjem og vil sjå kvar landet er lettast å taka.»
13 De svarede: Vi, dine Tjenere, vare tolv Brødre, een Mands Sønner i Kanaans Land; og se, den yngste er endnu hos vor Fader, men den ene er ikke til.
Då sagde dei: «Tenarane dine er tolv brør og søner åt ein mann i Kana’ans-landet. Og den yngste av oss er no heime hjå far vår, men ein er ikkje til lenger.»
14 Og Josef sagde til dem: Det er det, som jeg har talet til eder, der jeg sagde: I ere Spejdere.
Då sagde Josef med deim: «Det er som eg hev sagt: De er njosnarar.
15 Derpaa skulle I prøves: saa sandt Farao lever, skulle I ikke komme herfra, uden eders yngste Broder kommer hid.
Men no vil eg røyna dykk: So visst som Farao liver, de slepp ikkje herifrå, fyrr yngste bror dykkar kjem hit.
16 Sender een af eder bort, at han skal hente eders Broder; men I skulle være fangne, og eders Ord skulle prøves, om I fare med Sandhed; thi hvis ikke, da ere I, saa sandt Farao lever, Spejdere.
Ein av dykk skal fara i vegen og henta bror dykkar, og dei andre vil eg halda fengsla, so det kann røynast um det er sant, det de segjer; og er det ikkje det, so er de njosnarar, so visst som Farao liver!»
17 Og han satte dem tilsammen i Forvaring i tre Dage.
So heldt han deim alle saman fengsla i tri dagar.
18 Men den tredje Dag sagde Josef til dem: Gører dette, saa skulle I leve; jeg frygter Gud.
Og tridje dagen sagde Josef med deim: «Gjer no som eg segjer, so skal de få liva! Eg hev age for Gud!
19 Dersom I ere redelige, da lader een af eders Brødre blive som Fange i eders Forvaringshus; men farer I andre hen og fører det hjem, som I have købt mod Hungeren, for eders Huse,
Er de ærlege folk, so skal ein av dykk brør vera att i fangehuset, men de andre kann fara i vegen og hava med dykk korn til livberging for deim som heime er.
20 og henter eders yngste Broder til mig, saa skulle eders Ord tros, og I skulle ikke dø; og de gjorde saaledes.
Og den yngste bror dykkar skal de koma hit til meg med, so ordi dykkar kann sannast, og de ikkje skal missa livet.» Og dei so gjorde.
21 Men de sagde den ene til den anden: Vi have sandelig forskyldt dette for vor Broder, da vi saa hans Sjæls Angest, idet han bad os, og vi vilde ikke høre, derfor kommer denne Angest over os.
Og dei sagde seg imillom: «Å ja, ja, kor vel me er verde dette, for det me gjorde mot bror vår! Me såg kor hjarterædd han var, då han bad so vænt for seg, og endå høyrde me ikkje på honom. Difor er me no komne i slik naud.»
22 Og Ruben svarede dem og sagde: Talede jeg det ikke til eder, der jeg sagde: synder ikke mod Drengen, og I hørte ikke? og se, nu kræves ogsaa hans Blod.
Då tok Ruben til ords og sagde: «Var det ikkje det eg sagde dykk, at de ikkje skulde fara so stygt med guten? Men de vilde ikkje høyra. Og sjå, no kjem hemnen for blodet hans!»
23 Men de vidste ikke, at Josef forstod det; thi der var en Tolk imellem dem.
Men dei visste ikkje at Josef skyna det; for han bruka tolk, når han tala med deim.
24 Og han vendte sig fra dem og græd, og han vendte sig til dem igen og talede med dem og tog Simeon fra dem og lod ham binde for deres Øjne.
Og han snudde seg frå deim og gret. So kom han innåt deim att, og tala til deim, og han tok Simeon ifrå deim, og batt honom, so dei såg på det.
25 Og Josef befalede, at man skulde fylde deres Poser med Korn og give dem deres Penge igen, hver i sin Sæk, og give dem Tæring paa Vejen; og han gjorde saa mod dem.
Sidan sagde Josef frå, at dei skulde fylla sekkjerne deira med korn og leggja pengarne åt kvar av deim att i sekken hans, og gjeva deim nista med på vegen. Og so vart gjort.
26 Og de lagde deres Korn paa deres Asener og fore derfra.
So klyvja dei kornet på asni sine, og for sin veg.
27 Men der den ene lod sin Sæk op for at give sit Asen Foder i Herberget, da saa han sine Penge, og se, de laa oven i hans Pose.
Men då ein av deim løyste upp klyvi si og vilde gjeva asnet for på kvilestaden, fekk han sjå pengarne sine: dei låg ovanpå i sekken hans.
28 Og han sagde til sine Brødre: Mine Penge ere komne igen, og se, de ere her i min Pose; da faldt deres Mod, og de forskrækkedes den ene med den anden og sagde: Hvorfor har Gud gjort os dette?
Og han sagde med brørne sine: «Pengarne mine hev kome att! Sjå, her ligg dei i sekken min.» Då vart dei reint ille ved; dei såg på kvarandre og skalv, og sagde: «Kva er det Gud hev gjort mot oss her?»
29 Og de kom til Jakob, deres Fader, til Kanaans Land; og de gave ham til Kende alt det, som var dem vederfaret, og sagde:
So kom dei heim til Jakob, far sin, i Kana’ans-landet, og dei fortalde honom alt det som hadde hendt deim, og sagde:
30 Den Mand, som er Herre i Landet, talte os haardelig til og holdt os for Landets Spejdere.
«Mannen som råder der i landet, tala strengt til oss, og tok oss for folk som vilde njosna ut landet.
31 Og vi svarede ham: vi ere redelige, vi ere ikke Spejdere.
Då sagde me med honom: «Me er ærlege folk; me hev aldri vore njosnarar.
32 Vi vare tolv Brødre, vor Faders Sønner, den ene er ikke til, og den yngste er endnu hos vor Fader i Kanaans Land.
Me er tolv brør, alle sønerne åt far vår. Ein av oss er ikkje til lenger, og den yngste er endå heime hjå far vår i Kana’ans-landet.»
33 Da sagde Manden, Landets Herre, til os: derpaa vil jeg kende, om I ere redelige: lader den ene af eders Brødre blive hos mig, og tager, hvad I behøve mod Hungeren for eders Huse, og farer hen
Og mannen som råder der i landet, sagde med oss: «Dette vil eg hava til merke på at de er ærlege folk: Ein av dykk brør skal vera att hjå meg, og de andre kann taka med dykk det de treng til livberging for deim som heime er, og fara i vegen,
34 og henter eders yngste Broder til mig, saa kan jeg kende, at I ikke ere Spejdere, men at I ere redelige; saa vil jeg give eder eders Broder igen, og I maa handle i Landet.
og so lyt de koma til meg att med yngste bror dykkar, so eg fær sjå at de ikkje er njosnarar, men ærlege folk. Då skal de få att bror dykkar, og de kann fara fritt kringum i landet.»»
35 Og det skete, der de tømte deres Sække, se, da var hvers Pengeknude i hans Sæk; og de saa deres Pengeknuder, de og deres Fader, og frygtede.
Då dei so tømde sekkjerne sine, då fann kvar sitt pengeknyte i sekken sin; dei såg det både dei og far deira, at det var deira eigne pengeknyte, og vart fælne.
36 Da sagde Jakob, deres Fader, til dem: I berøve mig mine Børn; Josef er ikke til, og Simeon er ikke til, og Benjamin ville I tage hen; over mig kommer det altsammen.
Og Jakob, far deira, sagde med deim: «De gjer meg reint barnlaus; Josef er burte, og Simeon er burte, og no vil de taka Benjamin og ifrå meg; det kjem yver meg, alt dette.»
37 Og Ruben talede til sin Fader og sagde: Du maa slaa begge mine Sønner ihjel, om jeg ikke fører ham til dig igen; giv ham i min Haand, og jeg vil føre ham til dig igen.
Då sagde Ruben med far sin: «Båe sønerne mine kann du drepa, kjem eg ikkje heim til deg att med honom! Gjev honom berre i mine hender! Eg skal hava honom heim att til deg.»
38 Og han sagde: Min Søn skal ikke fare ned med eder; thi hans Broder er død, og han alene er bleven tilbage, og møder ham nogen Ulykke paa Vejen, som I drage hen paa, da skulle I føre mine graa Haar med Sorg til Graven. (Sheol )
Men han svara: «Son min skal ikkje fara med dykk der ned. For bror hans er burte, og han er att åleine, og hender det honom nokor ulukka på den vegen de ferdast etter, so kjem de til å senda dei grå håri mine med sorg ned i nåheimen.» (Sheol )