< 1 Mosebog 11 >

1 Og al Jorden havde eet Tungemaal og eet Sprog.
Og heile verdi hadde eitt tungemål og same ordi.
2 Og det skete, der de rejste fra Østen, da fandt de en Dal i Landet Sinear og boede der.
Og det bar so til, då dei for austigjenom, at dei fann ei slette i Sinearlandet, og der slo dei seg ned.
3 Og de sagde, den ene til den anden: Velan, lader os stryge Tegl og brænde dem vel; og de havde Tegl for Sten, og Jordbeg havde de for Kalk.
Og dei sagde seg imillom: «Kom, lat oss gjera tigl og brenna det vel!» Og so bruka dei tiglet til murstein, og i staden for kalk bruka dei jordbik.
4 Og de sagde: Velan, lader os bygge os en Stad og et Taarn, hvis Spidse kan naa op til Himmelen, og lader os gøre os et Navn, at vi ikke skulle adspredes over al Jorden.
So sagde dei: «Kom, lat oss byggja oss ein by, med eit tårn som når upp i himmelen, og gjera oss namngjetne, so me ikkje vert spreidde utyver all jordi!»
5 Da nedfor Herren for at se den Stad og det Taarn, som Menneskens Børn byggede.
Då steig Herren ned og vilde sjå byen og tårnet som manneborni bygde.
6 Og Herren sagde: Se, dette er eet Folk, og de have alle eet Tungemaal, og dette have de begyndt at gøre; og nu vil intet formenes dem af alt, hvad de faa i Sinde at gøre.
Og Herren sagde: «Sjå dei er eitt folk, og alle hev dei eit tungemål, og dette er det fyrste dei tek seg fyre! No vert ikkje noko umogelegt for deim, kva dei so finn på å gjera.
7 Velan, lader os fare ned og blande deres Tungemaal der, at den ene ikke forstaar den andens Tungemaal.
Lat oss då stiga ned der og vildra målet deira, so den eine ikkje skynar kva den andre segjer.»
8 Og Herren adspredte dem derfra over al Jordens Kreds; og de lode af at bygge Staden.
So spreidde Herren deim derifrå ut yver heile jordi, og dei heldt upp å byggja på byen.
9 Derfor kaldte man dens Navn Babel; thi Herren blandede der al Jordens Tungemaal, og Herren adspredte dem derfra over al Jordens Kreds.
Difor kallar dei den byen Babel; for der vildra Herren målet for heile verdi, og derifrå spreidde Herren deim ut yver all jordi.
10 Disse ere Sems Slægter. Sem var hundrede Aar gammel og avlede Arfaksad, to Aar efter Floden.
Dette er soga um Sems-ætti: Då Sem var hundrad år gamall, fekk han sonen Arpaksad, tvo år etter storflodi.
11 Og Sem levede, efter at han havde avlet Arfaksad, fem Hundrede Aar og avlede Sønner og Døtre.
Og etter han hadde fenge Arpaksad, livde han endå i fem hundrad år, og fekk søner og døtter.
12 Og Arfaksad levede fem og tredive Aar og avlede Sala.
Då Arpaksad var fem og tretti år gamall, fekk han sonen Salah.
13 Og Arfaksad levede, efter at han havde avlet Sala, fire Hundrede og tre Aar og avlede Sønner og Døtre.
Og etter han hadde fenge Salah, livde han endå fire hundrad og tri år, og fekk søner og døtter.
14 Og Sala levede tredive Aar og avlede Eber.
Då Salah var tretti år gamall, fekk han sonen Eber.
15 Og Sala levede, efter at han havde avlet Eber, fire Hundrede Aar og tre Aar og avlede Sønner og Døtre.
Og etter han hadde fenge Eber, livde han endå fire hundrad og tri år, og fekk søner og døtter.
16 Og Eber levede fire og tredive Aar og avlede Peleg.
Då Eber var fire og tretti år gamall, fekk han sonen Peleg.
17 Og Eber levede, efter at han havde avlet Peleg, fire Hundrede Aar og tredive Aar og avlede Sønner og Døtre.
Og etter han hadde fenge Peleg, livde han endå fire hundrad og tretti år, og fekk søner og døtter.
18 Og Peleg levede tredive Aar og avlede Reu.
Då Peleg var tretti år gamall, fekk han sonen Re’u.
19 Og Peleg levede, efter at han havde avlet Reu, to Hundrede og ni Aar og avlede Sønner og Døtre.
Og etter han hadde fenge Re’u, livde han endå tvo hundrad og ni år, og fekk søner og døtter.
20 Og Reu levede to og tredive Aar og avlede Serug.
Då Re’u var tvo og tretti år gamall, fekk han sonen Serug.
21 Og Reu levede, efter at han havde avlet Serug, to Hundrede Aar og syv Aar og avlede Sønner og Døtre.
Og etter han hadde fenge Serug, livde han endå tvo hundrad og sju år, og fekk søner og døtter.
22 Og Serug levede tredive Aar og avlede Nakor.
Då Serug var tretti år gamall, fekk han sonen Nahor.
23 Og Serug levede, efter at han havde avlet Nakor, to Hundrede Aar og avlede Sønner og Døtre.
Og etter han hadde fenge Nahor, livde han endå tvo hundrad år, og fekk søner og døtter.
24 Og Nakor levede ni og tyve Aar og avlede Thara.
Då Nahor var ni og tjuge år gamall, fekk han sonen Tarah.
25 Og Nakor levede, efter at han havde avlet Thara, hundrede Aar og nitten Aar og avlede Sønner og Døtre.
Og etter han hadde fenge Tarah, livde han endå hundrad og nittan år, og fekk søner og døtter.
26 Og Thara levede halvfjerdsindstyve Aar og avlede Abram, Nakor og Haran.
Då Tarah hadde fyllt sytti år, fekk han sønerne Abram og Nahor og Haran.
27 Og disse ere Tharas Slægter. Thara avlede Abram, Nakor og Haran; og Haran avlede Lot.
Dette er soga um Tarah og ætti hans: Tarah fekk sønerne Abram og Nahor og Haran. Og Haran fekk sonen Lot.
28 Og Haran døde for Thara sin Faders Ansigt i sit Fædreneland, udi Ur i Kaldæa.
Og Haran døydde for augo åt Tarah, far sin, i fødesheimen sin, i Ur i Kaldæa.
29 Og Abram og Nakor toge sig Hustruer; Abrams Hustrus Navn var Sarai og Nakors Hustrus Navn Milka, en Datter af Haran, som var Fader til Milka og Fader til Jiska.
Og Abram og Nahor tok seg konor. Kona hans Abram heitte Saraj, og kona hans Nahor heitte Milka, og var dotter åt Haran, far åt Milka og Jiska.
30 Og Sarai var ufrugtbar, hun havde intet Barn.
Men Saraj var barnlaus; ho hadde aldri ått barn.
31 Og Thara tog Abram sin Søn og Lot Harans Søn, sin Sønnesøn, og Sarai sin Sønnekvinde, som var Abrams, hans Søns Hustru, og de droge ud med dem fra Ur i Kaldæa, at drage til det Land Kanaan, og de kom til Haran og boede der.
Og Tarah tok med seg Abram, son sin, og Lot Haransson, soneson sin, og Saraj, sonekona si, kona hans Abram, og dei tok ut saman frå Ur i Kaldæa, og vilde fara til Kana’ans-land. Og dei kom til Kharan, og vart buande der.
32 Og Thara blev to Hundrede Aar og fem Aar gammel, og Thara døde i Haran.
Og dagarne hans Tarah vart tvo hundrad og fem år. So døydde Tarah i Kharan.

< 1 Mosebog 11 >