< Ester 3 >
1 Efter disse Tildragelser gjorde Kong Ahasverus Haman, Ham-Medathas Søn, Agagiten, stor og ophøjede ham og satte hans Stol over alle Fyrsters, som vare hos ham.
Ei tid etter gjorde kong Ahasveros agagiten Haman Hammedatason stor og gav honom rang og sæte yver alle hovdingarne som var hjå honom.
2 Og alle Kongens Tjenere, som vare i Kongens Port, knælede og bøjede sig ned for Haman, thi Kongen havde saa budet om ham; men Mardokaj knælede ikke og nedbøjede sig ikke.
Og alle kongens tenarar som var i kongsporten, fall på kne og kasta seg ned for Haman; so hadde kongen sagt fyre om honom. Men Mordokai fall ikkje på kne og kasta seg ikkje ned.
3 Da sagde Kongens Tjenere, som vare i Kongens Port, til Mardokaj: Hvorfor overtræder du Kongens Bud?
Kongens tenerar som var i kongsporten spurde Mordokai: «Kvifor gjer du imot kongens påbod?»
4 Og det skete, der de sagde det daglig til ham, og han hørte dem ikke, da gave de Haman det til Kende for at se, om Mardokajs Ord skulde bestaa; thi han havde tilkendegivet dem, at han var en Jøde.
Dag etter dag kom dei med dette spørsmålet; men han høyrde ikkje på deim. So melde dei det for Haman, dei vilde sjå um den forklåring Mordokai gav, fekk gjelda; for han hadde fortalt deim at han var jøde.
5 Der Haman saa, at Mardokaj ikke knælede eller nedbøjede sig for ham, da blev Haman opfyldt med Harme.
Då Haman gådde at Mordokai ikkje fall på kne og ikkje kasta seg ned for honom, då vart han full av harm.
6 Og han fandt det altfor lidet i sine Øjne, at lægge Haand paa Mardokaj alene (thi de havde givet ham til Kende, af hvad Folk Mardokaj var); og Haman søgte at ødelægge alle Jøderne, som vare udi Ahasverus's ganske Rige, Mardokajs Folk.
Men han tykte det var for lite å leggja hand på berre Mordokai. Dei hadde meldt kongen kva folk Mordokai høyrde til. Og so søkte Haman høve til å rydja ut alle jødar i heile riket åt Ahasveros, av di dei var landsmennerne hans Mordokai.
7 I den første Maaned, det er Nisan Maaned, i Ahasverus's tolvte Aar, kastede man Pur, det er Lod, for Hamans Ansigt, fra Dag til Dag og fra Maaned til den tolvte Maaned, det er Adar Maaned.
Fyrste månaden, månaden nisan, i tolvte styringsåret åt kong Ahasveros, kasta dei pur, det er lut, for Haman um kvar einskild dag og kvar einskild månad, alt til tolvte månaden, månaden adar.
8 Og Haman sagde til Kong Ahasverus: Her er et Folk adspredt og fordelt iblandt Folkene i alle dit Riges Landskaber; og deres Love ere anderledes end alt Folkets, de gøre ikke heller efter Kongens Love, derfor er det ikke Kongen nyttigt at lade dem blive i Ro.
Og Haman sagde til kong Ahasveros: «Her finst eit folk som bur spreidt og utskildt millom dei andre folki i alle jarledøme i riket ditt. Loverne deira er ulike loverne åt alle andre folk, og kongens lover held dei ikkje, so kongen kann ikkje lita seg med å lata deim i fred.
9 Dersom det synes godt for Kongen, saa lad der udstedes en Skrivelse om at udrydde dem: Saa vil jeg veje ti Tusinde Centner Sølv i Embedsmændenes Hænder, at de kunne føre dem i Kongens Skatkammer.
Tekkjest det kongen, so bør det verta utferda eit brev um å gjera ende på deim. Fem og tjuge tusund våger sylv kann eg då vega upp for embætsmennerne åt kongen til å leggja i kongens skattkammer.»
10 Da tog Kongen sin Ring af sin Haand og gav den til Haman, Ham-Medathas Søn, Agagiten, Jødernes Fjende.
Kongen drog signetringen av handi si og gav Haman Hammedatason, agagiten, jødefienden.
11 Og Kongen sagde til Haman: Det Sølv skal være dig skænket, og Folket tillige, at gøre med det, som det synes godt for dine Øjne.
«Sylvet skal du få, » sagde kongen til Haman, «og med det folket kann du fara som du finn fyre.»
12 Da bleve Kongens Skrivere kaldte i den første Maaned, paa den trettende Dag i den, og der blev skrevet aldeles, som Haman havde befalet, til Kongens Statholdere og til Landshøvdingerne, som vare over hvert Landskab, og til hvert Folks Øverster, til hvert Landskab efter dets Skrift og til hvert Folk efter dets Tungemaal; i Kong Ahasverus's Navn blev der skrevet og beseglet med Kongens Ring.
Då vart skrivarane åt kongen kalla saman, den trettande dagen i fyrste månaden, og dei skreiv i alle måtar soleis som Haman baud, til kongens satrapar, til jarlarne i kvar sitt jarlerike og til hovdingarne yver dei einskilde folki; kvart jarlerike fekk brevet med si skrift og kvart folk med sitt mål. I namnet åt kong Ahasveros ferda dei ut brevet og forsigla det med den kongelege signetringen.
13 Og Brevene bleve sendte ved Løbere til alle Kongens Landskaber om at ødelægge, at ihjelslaa og at omkomme alle Jøderne, baade unge og gamle, smaa Børn og Kvinder, paa en Dag, nemlig paa den tolvte Maaneds trettende Dag, det er Adar Maaned, og om at røve Bytte hos dem.
So sende dei brev med snøggbod til alle jarleriki åt kongen, at alle jødar skulde verta utrudde, drepne og tynte, både unge og gamle, born og kvende, alle på ein dag, den trettande dagen i tolvte månaden, det vil segja månaden adar, og deira gods skulde gjevast til plundring.
14 En Genpart af Skrivelsen var, at der skulde gives en Lov i alle og ethvert Landskab, at det skal være vitterligt for alle Folk, at de skulde være rede til den Dag.
I brevet stod at det skulde verta utferda ei lov og kunngjord for alle folk i kvart jarlerike, med bod um at dei skulde vera budde til den dagen.
15 Løberne gik ud og skyndte sig efter Kongens Ord, og den Lov blev given i Borgen Susan; og Kongen og Haman sade for at drikke, medens Staden Susan var i Forvirring.
Snøggbodi skunda seg av stad på kongens bod, so snart påbodet var gjeve i borgi Susan. Kongen og Haman sette seg til å drikka. Men byen Susan var reint forfjetra.