< Apostelenes gerninger 13 >

1 Men i Antiokia, i den derværende Menighed, var der Profeter og Lærere, nemlig Barnabas og Simeon, med Tilnavn Niger, og Kyrenæeren Lukius og Manaen, en Fosterbroder af Fjerdingsfyrsten Herodes, og Saulus.
I Antiokia, hjå kyrkjelyden der, var det nokre profetar og lærarar: Barnabas og Simeon, som vart kalla Niger, og Lukius frå Kyrene og Manaen, fosterbror til fylkeskongen Herodes, og Saulus.
2 Medens de nu holdt Gudstjeneste og fastede, sagde den Helligaand: „Udtager mig Barnabas og Saulus til den Gerning, hvortil jeg har kaldet dem.‟
Medan dei heldt gudstenesta og fasta, sagde den Heilage Ande: «Tak ut Barnabas og Saulus åt meg til den gjerning som eg hev kalla deim til!»
3 Da fastede de og bade og lagde Hænderne paa dem og lode dem fare.
Då fasta dei og bad og lagde henderne på deim og let deim fara.
4 Da de nu saaledes vare udsendte af den Helligaand, droge de ned til Seleukia og sejlede derfra til Kypern.
Då dei no soleis var utsende av den Heilage Ande, for dei ned til Seleukia og siglde derifrå yver til Kypern.
5 Og da de vare komne til Salamis, forkyndte de Guds Ord i Jødernes Synagoger; men de havde ogsaa Johannes til Medhjælper.
Og då dei var komne til Salamis, forkynte dei Guds ord i synagogorne til jødarne, og dei hadde ogso Johannes med til medhjelp.
6 Og da de vare dragne igennem hele Øen indtil Pafus, fandt de en Troldkarl, en falsk Profet, en Jøde, hvis Navn var Barjesus.
Då dei so hadde fare gjenom øyi radt til Pafus, fann dei ein trollmann, ein falsk profet, ein jøde, som hadde namnet Barjesus.
7 Han var hos Statholderen Sergius Paulus, en forstandig Mand. Denne kaldte Barnabas og Saulus til sig og attraaede at høre Guds Ord.
Han var hjå landshovdingen Sergius Paulus, ein klok mann. Denne kalla til seg Barnabas og Saulus og ynskte å høyra Guds ord.
8 Men Elimas, Troldkarlen, (thi dette betyder hans Navn), stod dem imod og søgte at vende Statholderen bort fra Troen.
Men Elymas, trollmannen - for so er namnet hans utlagt - stod deim imot og søkte å venda landshovdingen av frå trui.
9 Men Saulus, som ogsaa kaldes Paulus, blev fyldt med den Helligaand, saa fast paa ham og sagde:
Men Saulus, som og vert kalla Paulus, vart fyllt med den Heilage Ande og såg kvast på honom og sagde:
10 „O, du Djævelens Barn, fuld af al Svig og al Underfundighed, du Fjende af al Retfærdighed! vil du ikke holde op med at forvende Herrens de lige Veje?
«Å du som er full av all svik og all vondskap, du djevels barn, du fiende til all rettferd! vil du ikkje halda upp med å forvenda Herrens beine vegar?
11 Og nu se, Herrens Haand er over dig, og du skal blive blind og til en Tid ikke se Solen.‟ Men straks faldt der Mulm og Mørke over ham, og han gik omkring og søgte efter nogen, som kunde lede ham.
Og no, sjå Herrens hand er yver deg, og du skal verta blind og ikkje sjå soli ei tid.» Og straks fall skodda og myrker på honom, og han trivla ikring og leita etter nokon som kunde leida honom ved handi.
12 Da Statholderen saa det, som var sket, troede han, slagen af Forundring over Herrens Lære.
Då tok landshovdingen ved trui, då han såg det som hadde hendt, og han var full av undring yver Herrens læra.
13 Paulus og de, som vare med ham, sejlede da ud fra Pafus og kom til Perge i Pamfylien. Men Johannes skiltes fra dem og vendte tilbage til Jerusalem.
Paulus og fylgjet hans siglde so frå Pafus og kom til Perge i Pamfylia. Men Johannes skilde seg frå deim og vende um til Jerusalem.
14 Men de droge videre fra Perge og kom til Antiokia i Pisidien og gik ind i Synagogen paa Sabbatsdagen og satte sig.
Men dei for lenger frå Perge og kom til Antiokia i Pisidia og gjekk inn i synagoga på kviledagen og sette seg.
15 Men efter Forelæsningen af Loven og Profeterne sendte Synagogeforstanderne Bud hen til dem og lode sige: „I Mænd, Brødre! have I noget Formaningsord til Folket, da siger frem!‟
Etter lesnaden av lovi og profetarne sende forstandarane for synagoga bod til deim og sagde: «Brør, dersom de hev noko ord til påminning for folket, so tala!»
16 Men Paulus stod op og slog til Lyd med Haanden og sagde: „I israelitiske Mænd og I, som frygte Gud, hører til!
So stod Paulus upp og slo til ljod med handi og sagde: «Israelitiske menner og de som ottast Gud, høyr!
17 Dette Folks, Israels Gud udvalgte vore Fædre og ophøjede Folket i Udlændigheden i Ægyptens Land og førte dem derfra med løftet Arm.
Dette folks, Israels, Gud valde ut federne våre, og han upphøgde folket i utlendingskapen i Egyptarland og førde deim ut derifrå med høglyft arm.
18 Og omtrent fyrretyve Aar taalte han deres Færd i Ørkenen.
Og umkring fyrti år bar han deim på faderarm i øydemarki,
19 Og han udryddede syv Folk i Kanaans Land og fordelte disses Land iblandt dem,
og han øydde ut sju folkeslag i Kana’ans-landet og skifte landet deira ut til arv åt deim, i fire hundrad og femti år på lag.
20 og derefter i omtrent fire Hundrede og halvtredsindstyve Aar gav han dem Dommere indtil Profeten Samuel.
So gav han deim domarar alt til profeten Samuel.
21 Og derefter bade de om en Konge; og Gud gav dem Saul, Kis's Søn, en Mand af Benjamins Stamme, i fyrretyve Aar.
Sidan kravde dei ein konge, og Gud gav deim Saul, Kis’ son, ein mann av Benjamins ætt, i fyrti år.
22 Og da han havde taget ham bort, oprejste han dem David til Konge, om hvem han ogsaa vidnede, og sagde: „Jeg har fundet David, Isajs Søn, en Mand efter mit Hjerte, som skal gøre al min Villie.‟
Og då han hadde sett honom av, uppreiste han deim David til konge, han som han vitna um og sagde; «Eg fann David, Isais son, ein mann etter mitt hjarta; han skal gjera all min vilje.»
23 Af dennes Sæd bragte Gud efter Forjættelsen Israel en Frelser, Jesus,
Av hans ætt førde han etter lovnaden fram ein frelsar for Israel, Jesus,
24 efter at Johannes forud for hans Fremtræden havde prædiket Omvendelses-Daab for hele Israels Folk.
etter at Johannes fyreåt for hans koma hadde forkynt umvendingsdåp for heile Israels folk.
25 Men da Johannes var ved at fuldende sit Løb, sagde han: „Hvad anse I mig for at være? Mig er det ikke; men se, der kommer en efter mig, hvis Sko jeg ikke er værdig at løse.‟
Men då Johannes fullførde sitt livnadslaup, sagde han: «Den de held meg for å vera, er eg ikkje; men sjå, det kjem ein etter meg, som eg ikkje er verdig til å løysa skorne av føterne på.»
26 I Mænd, Brødre, Sønner af Abrahams Slægt, og de iblandt eder, som frygte Gud! Til os er Ordet om denne Frelse sendt.
Brør, søner av Abrahams ætt, og dei millom dykk som ottast Gud! til dykk vart ordet um denne frelsa sendt.
27 Thi de, som bo i Jerusalem, og deres Raadsherrer kendte ham ikke; de dømte ham og opfyldte derved Profeternes Ord, som forelæses hver Sabbat.
For dei som bur i Jerusalem og deira rådsherrar kjende honom ikkje, og med di dei dømde honom, uppfyllte dei og profetordi, som vert fyrelesne kvar kviledag.
28 Og om end de ingen Dødsskyld fandt hos ham, bade de dog Pilatus, at han maatte blive slaaet ihjel.
Og endå dei ikkje fann nokor daudskyld, bad dei Pilatus at han måtte verta ihelslegen.
29 Men da de havde fuldbragt alle Ting, som ere skrevne om ham, toge de ham ned af Træet og lagde ham i en Grav.
Men då dei hadde fullført alt det som stend skrive um honom, tok dei honom ned av treet og lagde honom i ei grav.
30 Men Gud oprejste ham fra de døde,
Men Gud vekte honom upp frå dei daude;
31 og han blev set i flere Dage af dem, som vare gaaede med ham op fra Galilæa til Jerusalem, dem, som nu ere hans Vidner for Folket.
og han synte seg i fleire dagar for deim som hadde gjenge med honom frå Galilæa upp til Jerusalem, dei som no er hans vitne for folket.
32 Og vi forkynde eder den Forjættelse, som blev given til Fædrene, at Gud har opfyldt denne for os, deres Børn, idet han oprejste Jesus;
Og me forkynner dykk evangeliet um den lovnaden som vart federne gjeven, at Gud hev uppfyllt denne for oss, deira born, då han reiste upp Jesus,
33 som der ogsaa er skrevet i den anden Psalme: „Du er min Søn, jeg har født dig i Dag.‟
so som det og stend skrive i den andre salmen: «Du er min son; eg hev født deg i dag.»
34 Men at han har oprejst ham fra de døde, saa at han ikke mere skal vende tilbage til Forraadnelse, derom har han sagt saaledes: „Jeg vil give eder Davids hellige Forjættelser, de trofaste.‟
Men at han reiste honom upp frå dei daude, so han aldri meir skal venda tilbake til undergang, det hev han sagt so: «Eg vil gjeva dykk dei heilage lovnader til David, dei trufaste.»
35 Thi han siger ogsaa i en anden Psalme: „Du skal ikke tilstede din hellige at se Forraadnelse.‟
Difor segjer han og ein annan stad: «Du skal ikkje lata din heilage sjå undergang.»
36 David sov jo hen, da han i sin Livstid havde tjent Guds Raadslutning, og han blev henlagt hos sine Fædre og saa Forraadnelse;
For David sovna av, etter han i si livetid hadde tent Guds rådgjerd, og vart samla med sine feder og såg undergang.
37 men den, som Gud oprejste, saa ikke Forraadnelse.
Men han som Gud vekte upp, han såg ikkje undergang.
38 Saa være det eder vitterligt, I Mænd, Brødre! at ved ham forkyndes der eder Syndernes Forladelse;
Det vere då kunnigt for dykk, brør, at i honom vert forlating for synderne forkynt dykk;
39 og fra alt, hvorfra I ikke kunde retfærdiggøres ved Mose Lov, retfærdiggøres ved ham enhver, som tror.
og frå alt det som de ikkje kann verta rettferdiggjorde frå ved Mose lov, vert kvar den som trur rettferdiggjord i honom.
40 Ser nu til, at ikke det, som er sagt ved Profeterne, kommer over eder:
Sjå difor til at det som er sagt hjå profetarne, ikkje skal koma yver dykk:
41 „Ser, I Foragtere, og forundrer eder og bliver til intet; thi en Gerning gør jeg i eders Dage, en Gerning, som I ikke vilde tro, dersom nogen fortalte eder den.‟
«Sjå, de vanvyrdarar, og undra dykk og vert til inkjes! for eit verk gjer eg i dykkar dagar, eit verk som de ikkje vil tru, um nokon fortel dykk det.»»
42 Men da de gik ud, bad man dem om, at disse Ord maatte blive talte til dem paa den følgende Sabbat.
Men då dei gjekk ut, bad dei um at desse ordi måtte verta tala til deim den næste kviledagen.
43 Men da Forsamlingen var opløst, fulgte mange af Jøderne og af de gudfrygtige Proselyter Paulus og Barnabas, som talte til dem og formanede dem til at blive fast ved Guds Naade.
Og då synagogetenesta var enda, fylgde det med Paulus og Barnabas mange av jødarne og av dei jødetruande som dyrka Gud; og dei tala til deim og talde deim til å halda fast ved Guds nåde.
44 Men paa den følgende Sabbat forsamledes næsten hele Byen for at høre Guds Ord.
Den næste kviledagen kom mest heile byen saman og vilde høyra Guds ord.
45 Men da Jøderne saa Skarerne, bleve de fulde af Nidkærhed og modsagde det, som blev talt af Paulus, ja, baade sagde imod og spottede.
Men då jødarne såg folkehoparne, vart dei fulle av brennhug, og dei sagde imot det som vart sagt av Paulus, ja, sagde imot og spotta.
46 Men Paulus og Barnabas talte frit ud og sagde: „Det var nødvendigt, at Guds Ord først skulde tales til eder; men efterdi I støde det fra eder og ikke agte eder selv værdige til det evige Liv, se, saa vende vi os til Hedningerne. (aiōnios g166)
Då tok Paulus og Barnabas til ords og sagde beint ut: «Det var naudsynlegt at Guds ord vart tala fyrst til dykk; men sidan de støyter det burt og ikkje dømer dykk sjølve verdige til det ævelege liv, sjå, so vender me oss til heidningarne. (aiōnios g166)
47 Thi saaledes har Herren befalet os: „Jeg har sat dig til Hedningers Lys, for at du skal være til Frelse lige ud til Jordens Ende.‟
For so hev Herren bode oss: «Eg hev sett deg til ljos for heidningar, at du skal vera til frelsa alt til ytste enden av jordi.»»
48 Men da Hedningerne hørte dette, bleve de glade og priste Herrens Ord, og de troede, saa mange, som vare bestemte til evigt Liv, (aiōnios g166)
Då heidningarne høyrde det, gledde dei seg og prisa Herrens ord, og dei tok ved trui, so mange som var etla til ævelegt liv. (aiōnios g166)
49 og Herrens Ord udbredtes over hele Landet.
Og Herrens ord breidde seg ut yver heile landet.
50 Men Jøderne ophidsede de fornemme gudfrygtige Kvinder og de første Mænd i Byen; og de vakte en Forfølgelse imod Paulus og Barnabas og joge dem ud fra deres Grænser.
Men jødarne øste upp dei fornæme kvinnor som dyrka Gud, og dei fyrste menner i byen, og dei fekk i gang ei forfylgjing mot Paulus og Barnabas, og dei jaga deim ut frå sine landemerke.
51 Men de rystede Støvet af deres Fødder imod dem og droge til Ikonium.
Dei riste dusti av føterne sine mot deim og kom til Ikonium.
52 Men Disciplene bleve fyldte med Glæde og den Helligaand.
Men læresveinarne vart fyllte med gleda og den Heilage Ande.

< Apostelenes gerninger 13 >