< 2 Samuel 6 >

1 Derefter samlede David atter alle udvalgte i Israel, tredive Tusinde.
Endå eingong stemnde David saman alt det utvalde mannskapet i Israel: tretti tusund mann.
2 Og David gjorde sig rede og gik hen, han og alt Folket, som var hos ham, fra Baale-Juda, for derfra at føre Guds Ark op, over hvilken der nævnes et Navn, den Herre Zebaoths Navn, som sidder over Keruber.
Og David gav seg på veg, og drog ut med alt sitt folk frå Ba’ale-Juda, og førde derifrå Guds kista, som heiter etter Herren, allhers drott, han som tronar på kerubarne.
3 Og de førte Guds Ark paa en ny Vogn og toge den fra Abinadabs Hus, som var paa Højen; men Ussa og Ahio, Abinadabs Sønner, førte den nye Vogn.
Dei sette Guds kista på ei ny vogn og førde henne frå Abinadabs hus på haugen. Og Uzza og Ahjo Abinadabs-søner køyrde den nye vogni.
4 Saa toge de den fra Abinadabs Hus, som var paa Højen, og fulgte med Guds Ark; men Ahio gik foran Arken.
Soleis førde dei Guds kista burt frå Abinadabs hus på haugen, med di dei fylgde henne, og Ahjo gjekk fyre kista.
5 Da legede David og alt Israels Hus for Herrens Ansigt med alle Haande Strengeleg af Fyrretræ, med Harper og med Citere og med Trommer og med Bjælder og med Cymbler.
David og heile Israels-ætti leika for Herren, til alle slag spel av cypresstre, til cithrar, harpor, trummor, bjøllor og cymblar.
6 Og der de kom til Nakons Lade, da udrakte Ussa Haanden til Guds Ark og greb fat paa den; thi Øksnene vege ud af Sporet.
Då dei kom burtimot treskjestaden åt Nakon, tok Uzza tak med henderne i Guds kista og heldt fast i henne, av di uksarne snåva.
7 Da optændtes Herrens Vrede imod Ussa, og Gud slog ham der for hans Forseelses Skyld, og han døde der ved Guds Ark.
Då loga Herrens harm upp mot Uzza. Og Gud slo honom for det brotet skuld. Og han fekk sin bane der attmed Guds kista.
8 Da blev David ilde tilfreds, fordi Herren havde gjort et Skaar paa Ussa, og man kaldte det Sted Perez-Ussa indtil denne Dag.
David vart ille ved av di Herren øydelagde Uzza. Og den staden heite Peres-Uzza den dag i dag.
9 Og David frygtede for Herren samme Dag og sagde: Hvorledes skal Herrens Ark komme til mig?
Men David vart so rædd for Herren den dagen, at han sagde: «Kor kann eg våga føra Herrens kista upp til meg!»
10 Og David vilde ikke føre Herrens Ark til sig i Davids Stad; men David lod den føre hen til Githiteren Obed-Edoms Hus.
Difor vilde ikkje David flytja Herrens kista upp til Davidsbyen, men let deim setja henne inn i huset åt gatiten Obed-Edom.
11 Og Herrens Ark blev tre Maaneder i Githiteren Obed-Edoms Hus, og Herren velsignede Obed-Edom og alt hans Hus.
So stod Herrens kista der i tri månader. Og Herren velsigna Obed-Edom og heile hans hus.
12 Og det blev Kong David tilkendegivet, idet der sagdes: Herren har velsignet Obed-Edoms Hus og alt det, han har, for Guds Arks Skyld; da gik David hen og førte Guds Ark op af Obed-Edoms Hus til Davids Stad med Glæde.
Då kong David spurde at Herren velsigna huset åt Obed-Edom og all hans eigedom for Guds kista skuld, drog David av stad og flutta Guds kista derifrå og upp til Davidsbyen med stor fagnad.
13 Og det skete, naar de, som bare Herrens Ark, vare gaaede seks Trin, da ofrede man Øksne og fedt Kvæg.
Då dei som bar Herrens kista, hadde gjenge seks stig, ofra han ein ukse og ein gjødkalv.
14 Og David dansede af alle Kræfter for Herren Ansigt, og David var iført en linnet Livkjortel.
David sjølv dansa av all magt framfor Herren i ein messehakel av lin.
15 Saa førte David og alt Israels Hus Herrens Ark op med Frydeskrig og med Basuns Lyd.
Soleis henta David og heile Israels-ætti Herrens kista dit upp med fagnadrop og lurljod.
16 Og det skete, der Herrens Ark kom i Davids Stad, da saa Mikal, Sauls Datter, ud igennem Vinduet og saa Kong David springe af alle Kræfter for Herrens Ansigt, og hun foragtede ham i sit Hjerte.
Då Herrens kista kom inn i Davidsbyen, stod Mikal Saulsdotter og såg ut igjenom vindauga. Då ho fekk sjå kong David sprang og dansa framfor Herren, då fekk ho vanvyrdnad for honom i sitt hjarta.
17 Og de førte Herrens Ark ind og satte den paa sit Sted midt i Paulunet, som David havde opslaaet til den; og David ofrede Brændofre og Takofre for Herrens Ansigt.
Då dei hadde ført Herrens kista upp, sette dei henne på sin stad midt i det tjeldet som David hadde reist åt henne. David ofra brennoffer og takkoffer for Herren.
18 Der David var færdig med at ofre Brændofre og Takofre, da velsignede han Folket i den Herre Zebaoths Navn.
Og då han var ferdig med desse ofringarne, velsigna han folket i namnet åt Herren, allhers drott.
19 Og han uddelte til alt Folket og til al Israels Mangfoldighed, baade Mand og Kvinde, til hver en Brødkage og et godt Stykke Kød og en Rosinkage; da gik alt Folket bort, hver til sit Hus.
Deretter skifte han ut åt heile folket, åt heile Israels-ålmugen, både åt kar og kvende, ei hellekaka, eit stykke kjøt og ei rosinkaka til manns. So gjekk heile folket heim kvar til seg.
20 Der David kom tilbage for at velsigne sit Hus, da gik Mikal, Sauls Datter, ud imod David og sagde: Hvor æret var Israels Konge i Dag, som blottede sig i Dag for sine Tjeneres Tjenestepigers Øjne, ligesom en af løse Folk ubluelig blotter sig.
Men då David kom heim og helsa husfolki sine, gjekk Mikal Saulsdotter til møtes med honom og sagde: «Kor måtte ikkje Israels konge kjenna seg høgvyrd i dag, med han i dag hev nækt seg framfor tenestgjentorne åt tenarane sine, soleis som skamlaust folk plar nækja seg.»
21 Da sagde David til Mikal: Det gjorde jeg for Herrens Ansigt, hans, som mig udvalgte fremfor din Fader og fremfor alt hans Hus, saa han befalede mig at være en Fyrste over Herrens Folk, over Israel, og jeg har leget for Herrens Ansigt.
David svara Mikal: «For Herrens åsyn hev eg dansa, han som valde meg ut framfor far din og framfor heile hans ætt, og sette meg til fyrste for Israel, Herrens folk. For Herrens åsyn var det eg dansa,
22 Og jeg vil endnu blive ringere end saa og ydmyge mig i mine egne Øjne; og de Tjenestepiger, som du talede om, med dem vil jeg æres.
og småminka meg meir, og verta ring i mine augo. Men hjå dei tenestgjentorne du nemnde, hjå deim skal eg verta høgvyrd.»
23 Men Mikal, Sauls Datter, fik ikke noget Barn indtil sin Dødsdag.
Mikal Saulsdotter vart verande barnlaus alt til sin døyande dag.

< 2 Samuel 6 >