< 2 Samuel 24 >

1 Og Herrens Vrede optændtes atter imod Israel, og han tilskyndte David imod dem, at han sagde: Gak hen, tæl Israel og Juda.
Herrens harm loga upp mot Israel att, so eggja David mot deim og sagde: «Gakk av stad og tel Israel og Juda!»
2 Og Kongen sagde til Joab, Stridshøvedsmanden, som var hos ham: Kære, gak omkring i alle Israels Stammer, fra Dan og indtil Beersaba, og tæller Folket, at jeg kan vide Folkets Tal.
Då baud kongen Joab, herhovdingen som var hjå honom: «Far gjenom alle ættarne i Israel frå Dan alt til Be’erseba og mynstra folket, so eg kann få vita folketalet!
3 Og Joab sagde til Kongen: Gid Herren din Gud vilde lægge til dette Folk hundrede Gange saa mange, som disse og disse ere, og min Herre Kongens Øjne maatte se det; men hvorfor har min Herre Kongen Lyst til denne Gerning?
Joab svara kongen: «Gjev Herren, din Gud, må gjera dette folket hundrad gonger so talrikt som det er! Og gjev du, herre konge, må få sjå det med eigne augo! Men kvifor hev du, herre konge, fenge hug på sovore?»
4 Men Kongens Ord fik Overhaand imod Joab og imod Høvedsmændene for Hæren; saa drog Joab ud og Høvedsmændene for Hæren fra Kongens Ansigt til at tælle Folket Israel.
Like ved stod kongsbodet fast. Joab og dei hine herhovdingarne laut lyda. Joab og dei hine herhovdingarne drog då ut i kongens ærend og mynstra Israels-folket.
5 Og de gik over Jordanen, og de lejrede sig i Aroer paa den højre Side af Staden, som ligger midt i Gads Dal, og Jaeser.
Dei gjekk yver Jordan og slo lægra seg ved Aroer på høgre sida av byen, i Gadsdalen burtimot Jazer.
6 Og de kom til Gilead og til det nedenfor liggende Land, som nylig var indtaget, og de kom til Dan-Jaan og trindt omkring til Zidon.
Derifrå kom dei til Gilead og Tatim-Hodsilandet. So kom dei til Dan-Ja’an, og so rundt ikring til Sidon.
7 Og de kom til den faste Stad Tyrus og til alle Heviternes og Kananiternes Stæder, og de gik ud imod Sønden i Juda indtil Beersaba.
Deretter kom dei til festningi i Tyrus og alle hevitarbyarne og kananitarbyarne. Til slutt drog dei til Be’erseba i Juda-sudlandet.
8 Og de gik omkring i alt Landet og kom, der ni Maaneder og tyve Dage vare til Ende, til Jerusalem.
Då dei hadde fare soleis gjenom heile landet, kom dei heim til Jerusalem. Ferdi hadde teke ni månader og tjuge dagar.
9 Og Joab overgav Tallet paa Folket, som var talt, til Kongen, og der var i Israel otte Hundrede Tusinde stridbare Mænd, som kunde uddrage Sværd, og Judas Mænd vare fem Hundrede Tusinde Mand.
Joab gav upp åt kongen heile talet som folketeljingi synte: Israel åtte hundrad tusund fullgode våpnføre stridsmenner, og Juda-folki fem hundrad tusund.
10 Da slog Davids Hjerte ham, efter at han havde talt Folket, og David sagde til Herren: Jeg har saare syndet, at jeg har gjort det, og nu, Herre, kære, borttag din Tjeners Misgerning; thi jeg har handlet meget daarligt.
Men David fekk samvitsagg etter han hadde talt folket. Og David sagde til Herren: «Eg hev synda grovt med det eg hev gjort. Men tilgjev no, Herre, illgjerdi åt tenaren din! for det var mykje uvisleg gjort av meg.»
11 Og der David stod op om Morgenen, da skete Herrens Ord til Gad, Profeten, Davids Seer, og han sagde:
Då David reis upp um morgonen, var Herrens ord kome til profeten Gad, sjåaren åt David. Han hadde sagt:
12 Gak og sig til David: Saa sagde Herren: Jeg lægger dig tre Ting for, udvælg dig en af dem, den vil jeg gøre dig.
Gakk og seg med David: «So segjer Herren: Tri ting legg eg fram for deg; vel ein av deim som du vil eg skal gjera med deg!»»
13 Og Gad kom til David og gav ham det til Kende, og han sagde til ham: Skal der komme dig syv Aars Hunger i dit Land? eller skal du fly tre Maaneder for din Fjendes Ansigt, og han skal forfølge dig? eller skal der være tre Dage Pest i dit Land? vid nu og se, hvad Svar jeg skal sige den igen, som sendte mig.
Gad gjekk inn til David og forkynte honom dette. Han spurde honom: «Vil du at det skal koma sju store uår i landet ditt? Eller vil du i tri månader ljota røma for uvenerne dine med dei forfylgjer deg? Eller at eg skal søkja landet ditt med drepsott i tri dagar? Tenk no yver det, og sjå til kva svar eg skal gjeva honom som hev sendt meg!»
14 Og David sagde til Gad: Jeg er saare angest; kære, lad os falde i Herrens Haand, thi hans Barmhjertighed er stor, men jeg vil nødig falde i Menneskens Haand.
David svara Gad: «Eg er i stor vande. Men lat oss då falla i Herrens hand! for hans miskunn er stor. I menneskjehand vil eg ikkje falla.»
15 Saa lod Herren Pest komme i Israel fra Morgenen indtil den bestemte Tid, og der døde halvfjerdsindstyve Tusinde Mænd af Folket fra Dan og indtil Beersaba.
So søkte Herren Israel med drepsott frå morgonen til den fastsette tidi. Sju og sytti tusund mann døydde av folket frå Dan til Be’erseba.
16 Og der Engelen udrakte sin Haand over Jerusalem til at ødelægge den, da angrede Herren det onde, og han sagde til Engelen, som ødelagde Folket: Det er nok, drag nu din Haand tilbage; og Herrens Engel var da ved Jebusiteren Aravnas Tærskeplads.
Men då engelen rette ut handi yver Jerusalem og vilde tyna det, so angra Herren det vonde. Og han sagde til engelen som tynte folket: «Det er nok! Drag no handi di attende!» Og Herrens engel var då ved treskjarvollen åt jebusiten Aravna.
17 Og David sagde til Herren, der han saa Engelen, som slog iblandt Folket, og han sagde: Se, jeg har syndet, og jeg har handlet ilde; men disse Faar, hvad have de gjort? Kære, lad din Haand være imod mig og imod min Faders Hus.
Men då David fekk sjå engelen som herja millom folket, tala han so til Herren: «Det er då eg som hev synda, det er eg som hev fare gale! men desse sauerne - kva hev dei gjort? Gjev handi di må venda seg mot meg og farshuset mitt!»
18 Og Gad kom til David paa den samme Dag og sagde til ham: Gak op, oprejs Herren et Alter paa Jebusiteren Aravnas Tærskeplads.
Og Gad kom til David same dagen og sagde til honom: «Gakk av stad og reis eit altar åt Herren på treskjarvollen åt jebusiten Aravna!»
19 Saa gik David op efter Gads Ord, som Herren havde befalet.
David gjekk av stad etter Gads ord, so som Herren hadde bode honom.
20 Og Aravna saa ud og saa Kongen og hans Tjenere komme over til sig; og Aravna gik ud og bøjede sit Ansigt for Kongen til Jorden.
Då Aravna skoda ut og fekk sjå kongen og kongstenarane koma til honom, gjekk han ut og fall å gruve til jordi framfor kongen.
21 Og Aravna sagde: Hvorfor kommer min Herre Kongen til sin Tjener? Og David sagde: For at købe denne Tærskeplads af dig til at bygge Herren et Alter, at denne Plage maa holde op for Folket.
Aravna spurde: «Kvifor kjem du, herre konge, til tenaren din?» David svara: «Eg vil kjøpa treskjarvollen av deg og byggja der eit altar åt Herren, so sotti må stana som hev herja folket.»
22 Og Aravna sagde til David: Min Herre Kongen tage og ofre det, ham godt synes; se, der er en Okse til Brændofferet og Tærskeslæderne og Tøjet paa Oksen til Veddet.
Då sagde Aravna med David: «Tak du og ofra kva du tykkjer høvlegast, herre konge! Her er fe til brennoffer. Her er treskjarvogni og oket på feet til ved.
23 Kong Aravna gav Kongen alt det, og Aravna sagde til Kongen: Herren din Gud have Behagelighed til dig!
Alt saman, konge, gjev Aravna kongen.» Og Aravna lagde til: «Gjev Herren, din Gud, må hava hugnad i deg!»
24 Men Kongen sagde til Aravna: Ikke saa, men jeg vil købe det af dig for dets Værd, thi jeg vil ikke ofre Brændofre for intet til Herren min Gud. Saa købte David Tærskepladsen og Oksen for halvtredsindstyve Sekel Sølv.
Kongen svara Aravna: «Nei, eg vil kjøpa det av deg for full pris. Eg vil ikkje ofra åt Herren, min Gud, brennoffer som ingen ting kostar.» So kjøpte David treskjarvollen og feet for femti sylvdalar.
25 Og David byggede Herren der et Alter og ofrede Brændofre og Takofre; og Herren bønhørte Landet, og Plagen holdt op for Israel.
David bygde der eit altar åt Herren, og ofra brennoffer og takkoffer. Då bønhøyrde Herren landet. Og då stana sotti som hadde herja Israel.

< 2 Samuel 24 >