< Anden Kongebog 9 >

1 Da kaldte Profeten Elisa ad en af Profeternes Børn, og han sagde til ham: Bind om dine Lænder og tag denne Oliekrukke i din Haand og gak til Ramoth i Gilead!
Profeten Elisa kalla til seg ein av profetsveinarne: «Bitt ikring deg beltet, tak denne oljeflaska med deg og gakk til Ramot i Gilead!
2 Og naar du kommer derhen, da se dig om efter Jehu, en Søn af Josafat, Nimsis Søn, og gak ind og lad ham staa op midt iblandt sine Brødre og led ham fra et Kammer til et andet;
Når du kjem dit, skal du leita upp Jehu, son åt Josafat Nimsison. Gakk burtåt honom, bed honom risa upp midt millom brørne sine, og før honom inn i det inste kammerset!
3 og tag Oliekrukken og øs paa hans Hoved og sig: Saa sagde Herren: Jeg har salvet dig til Konge over Israel; og du skal oplade Døren og fly og ikke bie.
So skal du taka oljeflaska og renna oljen yver hovudet hans med dei ordi: «So segjer Herren: «Eg hev salva deg til konge yver Israel!»» Dermed skal du opna døri og fly på fljugande flekken.»
4 Og Drengen, Profetens Dreng, gik til Ramoth i Gilead.
Guten, profetsveinen, gjekk til Ramot i Gilead.
5 Og der han kom derhen, se, da sade Høvedsmændene over Hæren der, og han sagde: Jeg har et Ord til dig, Høvedsmand! Og Jehu sagde: Til hvem iblandt os alle? og han sagde: Til dig, Høvedsmand!
Då han kom tid, fann han herførarane samla. «Eg kjem med eit bod til deg, herførar, » sagde han. «Til kven av oss?» spurde Jehu. «Til deg sjølv, herførar, » sagde han.
6 Da stod han op og gik ind i Huset, og han øste Olie paa hans Hoved og sagde til ham: Saa sagde Herren, Israels Gud: Jeg har salvet dig til Konge over Herrens Folk, over Israel.
Han reis upp og gjekk inn i huset. Der slo han olje yver hovudet hans med dei ordi: «So segjer Herren, Israels Gud: «Eg hev salva deg til konge yver Herrens folk, yver Israel.
7 Og du skal slaa Akabs, din Herres, Hus, og jeg vil hævne mine Tjeneres, Profeternes, Blod og alle Herrens Tjeneres Blod paa Jesabel.
Slå i hel ætti åt Ahab, herren din! Eg vil hemna blodet åt profetarne, tenarane mine, ja, blodet åt alle Herrens tenarar hemnar eg på Jezabel.
8 Og hele Akabs Hus skal omkomme, og jeg vil udrydde af Akabs alt Mandkøn, baade den bundne og den løsladte i Israel.
Øydast skal heile Ahabs hus. Rydja ut vil eg kvart karmannsemne av Ahabs-ætti, ufri og fri, innan Israel.
9 Og jeg vil gøre Akabs Hus ligesom Jeroboams, Nebats Søns, Hus og som Baesas, Ahias Søns, Hus.
Eg fer med Ahabs hus som med huset åt Jerobeam Nebatsson og med huset åt Baesa Ahiason.
10 Og Hundene skulle æde Jesabel paa Jisreels Ager, og ingen skal begrave hende; og han lod Døren op og flyede.
Hundarne skal eta upp Jezabel på Jizre’els-vangen; ingen skal jorda henne.»» Dermed opna han døri og flydde.
11 Og der Jehu gik ud til sin Herres Tjenere, sagde man til ham: Staar det sig vel? hvorfor kommer denne gale Mand til dig? Og han sagde til dem: I kende Manden og hans Tanke.
Då Jehu kom ut att til hermennerne, spurde dei honom: «Er noko på ferd? Kva var det denne skrullingen vilde deg?» Han svara deim: «De kjenner då sjølve den mannen og skravlet hans!»
12 Og de sagde: Det er falsk! giv os det dog til Kende; og han sagde: Saa og saa talte han til mig og sagde: Saa sagde Herren: Jeg har salvet dig til Konge over Israel.
«Din ljugar!» sagde dei, «seg oss det no!» Då sagde han: «So og so tala han til meg med dei ordi: «So segjer Herren: Eg hev salva deg til konge yver Israel.»»
13 Da skyndte de sig, og de toge hver sine Klæder og lagde under ham paa det øverste af Trapperne, og de blæste i Trompeten, og de sagde: Jehu er Konge.
Straks tok dei kvar si kappa og breidde under honom på sjølve troppestigi. So bles dei i luren og ropa: «Jehu er konge!»
14 Saa gjorde Jehu, en Søn af Josafat, Nimsis Søn, et Forbund imod Joram; og Joram laa for Ramoth i Gilead, han og al Israel, imod Hasael, Kongen af Syrien.
Soleis fekk Jehu, son åt Josafat Nimsison, i stand ei samansverjing mot Joram. Joram og heile Israel skulde verja Ramot i Gilead mot syrarkongen Hazael;
15 Men Kong Joram var kommen tilbage for at lade sig læge i Jisreel af de Saar, som Syrerne sloge ham, der han stred imod Hasael, Kongen af Syrien; og Jehu sagde: Dersom det er efter eders Sind, da skal ingen undkomme og slippe ud af Staden for at gaa bort og kundgøre det i Jisreel.
men sjølv hadde kong Joram fare attende til Jizre’el og vilde få lekt dei såri han hadde fenge av syrarane i slaget mot syrarkongen Hazael. Jehu sagde: «Um det tykkjer som eg, må ikkje ein einaste sleppa ut or byen og bera tiendi til Jizre’el!»
16 Da red Jehu hen og drog til Jisreel, fordi Joram laa der; og Ahasia, Judas Konge, var kommen ned at besøge Joram.
Dermed steig Jehu upp i vogni si og køyrde til Jizre’el; der låg Joram sjuk, og Juda-kongen Ahazja var komen dit ned og vilde sjå um Joram.
17 Og Skildvagten stod paa Taarnet i Jisreel og saa Jehus Hob, der han kom, og han sagde: Jeg ser en Hob; da sagde Joram: Tag en Rytter og send dem i Møde, og han skal sige: Er der Fred?
Då vaktmannen uppi tårnet i Jizre’el såg Jehu-skreidi koma, ropa han: «Eg ser ei skreid!» Då baud Joram: «Få tak i ein ridar, og send honom til møtes med deim, til å spyrja deim um dei kjem for det gode.»
18 Og Rytteren drog ham i Møde og sagde: Saa siger Kongen: Er der Fred? Og Jehu sagde: Hvad har du med Freden at gøre? vend dig omkring og følg mig; og Skildvagten kundgjorde det og sagde: Budet kom til dem og kommer ikke tilbage.
Ridaren reid til møtes med honom og ropa: «Kongen spør: «Kjem du for det gode?»» «Kva skil det deg?» svara Jehu; «snu um og fylg etter meg!» Vaktmannen melde: «Sendebodet hev nått deim, og kjem ikkje attende.»
19 Da sendte han en anden Rytter; der han kom til dem, da sagde han: Saa sagde Kongen: Er der Fred? Og Jehu sagde: Hvad har du med Freden at gøre? vend dig omkring og følg mig!
Han sende so ein annan ridande. Då han nådde deim, ropa han: «Kongen spør: «Kjem du for det gode?»» «Kva skil det deg?» svara Jehu; «snu um og fylg etter meg!»
20 Og Skildvagten kundgjorde det og sagde: Han kom til dem og kommer ikke tilbage, og det er en Fart ligesom Jehus, Nimsis Søns, Fart; thi han farer af Sted, som han var gal.
Vaktmannen melde: «Han nådde deim og kjem ikkje attende. Køyrsla svipar på Jehu Nimsison; for han køyrer som ein galning.»
21 Da sagde Joram: Spænd for, og man spændte for hans Vogn; og de droge ud, Joram, Israels Konge, og Ahasia, Judas Konge, hver paa sin Vogn, og de droge ud Jehu i Møde, og de traf ham paa Jisreeliteren Naboths Ager.
«Beit fyre!» sagde Joram. Dei beit fyre vogni hans. So drog Joram, Israels-kongen, ut, og Ahazja, Juda-kongen, sameleis, kvar på si vogn; dei køyrde ut til møtes med Jehu, og råka honom på odelsjordi hans Nabot frå Jizre’el.
22 Og det skete, der Joram saa Jehu, da sagde han: Jehu, er der Fred? Og han sagde: Hvad Fred? medens din Moder Jesabels Horerier og hendes Trolddomskunster ere saa mange!
Då no Joram fekk sjå Jehu, ropa han: «Kjem du for det gode, Jehu?» Han svara: «Kor kann eg koma for det gode, so lenge Jezabel, mor di, fær driva horskapen og trollskapen sin?»
23 Da vendte Joram om og flyede og sagde til Ahasia: Det er Forræderi, Ahasia!
Då snudde Joram um og rømde, med han ropa til Ahazja: «Svikferd, Ahazja!»
24 Men Jehu greb med fuld Magt fat paa Buen og skød Joram imellem hans Arme, at Pilen for ud af hans Hjerte, og han segnede ned i sin Vogn.
Men Jehu treiv bogen sin og skaut Joram millom herdarne, so pili gjekk ut gjenom hjarta hans, og han seig ned i vogni.
25 Og han sagde til sin Høvedsmand Bidekar: Tag ham op og kast ham paa Jisreeliteren Naboths Ager; thi kom i Hu, der jeg og du rede sammen efter hans Fader Akab, at Herren udtalte denne Spaadom over ham:
So sagde han til Bidkar, hermannen sin: «Tak og kasta honom på odelsmarki åt Nabot frå Jizre’el! Kom i hug den gongen eg og du reid jamsides etter Ahab, far hans, kor Herren bar upp dette domsordet yver honom:
26 Mon jeg ikke i Gaar saa Naboths Blod og hans Sønners Blod, siger Herren, og skal betale dig paa den Ager? siger Herren. Saa tag ham nu op og kast ham paa Ageren efter Herrens Ord!
«So visst som eg såg Nabots blod og blodet av sønerne hans i går, segjer Herren: sanneleg, nett på denne odelsmarki skal eg gjeva deg likt for like!» Tak då og kasta honom på odelsmarki, etter Herrens ord!»
27 Der Ahasia, Judas Konge, saa det, da flyede han ad Vejen til Havehuset; og Jehu forfulgte ham og sagde: Slaar ogsaa ham paa Vognen! Dette skete ved Opgangen til Gur, der ligger ved Jibleam; og han flyede til Megiddo og døde der.
Då Ahazja, kongen i Juda, såg det, rømde han på vegen til Hagehuset. Jehu sette etter honom og ropa: «Han og! skjot honom i vogni!» Dei råka honom, med han køyrde på fjellvegen til Gur, nær attmed Jibleam. Han rakk so langt som til Megiddo; der døydde han.
28 Og hans Tjenere lode ham føre til Jerusalem og begravede ham i hans Grav hos hans Fædre i Davids Stad.
Tenarane hans køyrde honom til Jerusalem, og jorda honom i fedregravi hans i Davidsbyen.
29 Og i Jorams, Akabs Søns, ellevte Aar, var Ahasia bleven Konge over Juda.
I det ellevte styringsåret åt Joram Ahabsson var det Ahazja vart konge yver Juda.
30 Og Jehu kom til Jisreel; og Jesabel hørte det og satte Sminke paa sine Øjne og smykkede sit Hoved og saa ud igennem Vinduet.
Då Jehu kom til Jizre’el, og Jezabel spurde det, sminka ho augo og sette hovud-prydnad på seg og gav seg til å sjå ut gjenom vindauga.
31 Og der Jehu kom i Porten, da sagde hun: Er der Fred, du Simri, som slog sin Herre ihjel?
Då Jehu køyrde inn gjenom porten, helsa ho: «Gjeng det vel for Zimri, som myrde herren sin?»
32 Og han løftede sit Ansigt op til Vinduet og sagde: Hvo er med mig, hvo? Da saa to eller tre Hofbetjente ud til ham.
Han såg upp mot vindauga og ropa: «Kven er med meg? kven?» Då tvo, tri hirdmenner skyngde ned til honom,
33 Og han sagde: Styrter hende ned! og de styrtede hende ned, og af hendes Blod overstænkedes Væggen og Hestene, og man søndertraadte hende.
sagde han: «Kasta henne ned!» Dei kasta henne ned, og blodet hennar spruta utyver veggen og på hestarne; og dei trakka henne ned.
34 Og der han var kommen ind og havde ædt og drukket, da sagde han: Kære, ser efter denne forbandede og begraver hende, thi hun er en Konges Datter.
So gjekk han inn og åt og drakk. Sidan baud han: «Sjå etter denne forbanna kvinna, og grav henne ned! Ho er då kongsdotter.»
35 Og der de gik hen at begrave hende, da fandt de intet af hende uden Pandeskallen og Fødderne og det flade af Hænderne.
Då dei skulde til å gravleggja henne, fann dei inkje att av henne anna hausen og føterne og henderne.
36 Da kom de igen og gave ham det til Kende, og han sagde: Det er det Herrens Ord, som han talte ved sin Tjener Thisbiteren Elias og sagde: Hundene skulle æde Jesabels Kød paa Jisreels Ager.
Då dei kom att og melde honom det, sagde han: «So var Herrens ord, som han tala ved tenaren sin, Elia frå Tisbe: «På Jizre’els-vangen skal hundarne eta Jezabels kjøt;
37 Og Jesabels døde Krop skal være som Møg paa Marken paa Jisreels Ager, saa at de ikke skulle kunne sige: dette er Jesabel.
liket åt Jezabel vert til møk på marki på Jizre’els-vangen, so ingen kann segja: Dette er Jezabel!»»

< Anden Kongebog 9 >