< 1 Samuel 3 >

1 Og Drengen Samuel tjente Herren for Elis Ansigt; og Herrens Ord var dyrt i de samme Dage; der udbrød intet Syn.
Guten Samuel gjorde tenesta for Herren hjå Eli. Herrens ord var dyrt i dei dagarne, og profetsynerne var sjeldfengde.
2 Og det skete paa den samme Dag, der Eli laa paa sit Sted, og hans Øjne begyndte at blive dunkle, at han ikke kunde se;
Då bar det so til med Eli låg i det vanlege kvileromet sitt - han tok til å dimmast på syni, so han ikkje kunde skilja -
3 og Samuel havde lagt sig, førend Guds Lampe sluktes i Herrens Tempel, hvor Guds Ark var:
og dei endå ikkje hadde sløkt Guds lampa, og Samuel sov i Herrens heilagdom, der Guds kista stod:
4 Da kaldte Herren ad Samuel, og han sagde: Se, her er jeg.
då ropa Herren på Samuel, og han svara: «Ja, her er eg.»
5 Og han løb til Eli og sagde: Se, her er jeg, thi du kaldte ad mig; men han sagde: Jeg kaldte ikke, gak tilbage, læg dig; og han gik hen og lagde sig.
Han sprang til Eli og sagde: «Her er eg, du ropa på meg.» Han svara: «Nei, eg ropa ikkje; gakk og legg deg att!» Han gjekk og lagde seg.
6 Da blev Herren ved at kalde ydermere ad Samuel, og Samuel stod op og gik til Eli og sagde: Se, her er jeg, thi du kaldte ad mig; og han sagde: Jeg kaldte ikke, min Søn, gak tilbage, læg dig!
Herren ropa ein gong til: «Samuel!» Samuel reis upp og gjekk til Eli og sagde: «Ja, her er eg, du ropa på meg!» Han svara: «Nei, eg ropa ikkje, guten min! gakk og legg deg att!»
7 Men Samuel kendte endnu ikke Herren, og Herrens Ord var endnu ikke aabenbaret for ham.
Samuel hadde ikkje endå lært å kjenna Herren; Herrens ord hadde ikkje openberra seg for honom endå.
8 Da blev Herren ved at kalde ad Samuel tredje Gang, og han stod op og gik til Eli og sagde: Se, her er jeg, thi du kaldte ad mig; da forstod Eli, at Herren kaldte ad Drengen.
Tridje venda heldt Herren fram og ropa på Samuel. Han reis upp og gjekk til Eli og sagde: «Ja, her er eg, du ropa på meg.» Då skyna Eli det var Herren som ropa på guten.
9 Og Eli sagde til Samuel: Gak, læg dig, og det skal ske, dersom han kalder ad dig, da skal du sige: Tal, Herre, thi din Tjener hører; og Samuel gik hen og lagde sig paa sit Sted.
Og Eli sagde til Samuel: «Gakk du og legg deg! Hender det so at einkvan ropar på deg, skal du svara: «Tala, Herre! tenaren din høyrer!»» Samuel gjekk og lagde seg i romet sitt.
10 Da kom Herren og stillede sig frem og kaldte som de forrige Gange: Samuel! Samuel! og Samuel sagde: Tal, thi din Tjener hører.
Då so Herren gjekk innåt og ropa som gongerne fyrr: «Samuel, Samuel!» då svara Samuel: «Tala, Herre! tenaren din høyrer.»
11 Og Herren sagde til Samuel: Se, jeg gør en Ting i Israel, at hvo den hører, for ham skulle begge hans Øren klinge.
Då sagde Herren til Samuel: «Eg kjem til å gjera verk i Israel som kjem til å ringja for båe øyro på deim som høyrer det.
12 Paa den samme Dag vil jeg stadfæste over Eli alt det, som jeg har talet imod hans Hus; jeg vil begynde og fuldende det.
På den dagen skal eg lata koma yver Eli alt det eg hev tala um ætti hans, frå fyrst til sist.
13 Thi jeg har givet ham det til Kende, at jeg vil være Dommer over hans Hus til evig Tid for den Misgernings Skyld, at han vidste, at hans Sønner droge Forbandelse over sig, og han saa ikke mørkt til dem.
Eg hev kunngjort for honom at eg vil døma ætti hans til æveleg tid, for den misgjerning som han visste um, at sønerne hans drog forbanning yver seg, og likevel aga han deim ikkje.
14 Derfor har jeg svoret Elis Hus, at Elis Huses Misgerning ikke skal blive forsonet med Slagtoffer eller med Madoffer til evig Tid.
Difor hev eg svore Eli-ætti: «Aldri i æva skal syndi i Eli-ætti kunna sonast antan med slagtoffer eller noko anna offer.»»
15 Og Samuel laa indtil om Morgenen, og han lod Døren op for Herrens Hus; men Samuel frygtede for at give Eli det Syn til Kende.
Samuel vart liggjande til morgons, då han skulde opna dørerne til Herrens hus. Samuel torde ikkje fortelja Eli um syni.
16 Da kaldte Eli ad Samuel og sagde: Samuel, min Søn! og han sagde: Se, her er jeg.
Men Eli ropa på Samuel, og sagde: «Samuel, guten min!» Han svara: «Her er eg.»
17 Og han sagde: Hvad er det for et Ord, som han sagde til dig? Kære, dølg intet for mig; Gud gøre nu og fremdeles saa og saa imod dig, dersom du dølger for mig et Ord af alle de Ord, som han talede til dig.
Han sagde: «Kva var det Gud tala til deg? Kjære, dyl det ikkje for meg! Gud late deg bøta no og sidan, dersom du løynar noko for meg av det han tala til deg!»
18 Da forkyndte Samuel ham alle de Ord og dulgte dem ikke for ham; og han sagde: Han er Herren, han gøre, hvad som er godt for hans Øjne.
So fortalde Samuel alt saman, og løynde ingen ting for honom. Eli svara: Han er Herren. Han gjere som tekkjest honom!
19 Og Samuel blev stor, og Herren var med ham og lod ikke noget af alle sine Ord falde til Jorden.
Samuel voks til, og Herren, var med honom, og let ikkje eitt av alle sine ord falla til jordi.
20 Og al Israel fra Dan og indtil Beersaba kendte, at Samuel var betroet til at være en Profet for Herren.
Heile Israel frå Dan til Be’erseba skyna at Samuel var utvald til profet for Herren.
21 Og Herren blev ved at lade sig se i Silo; thi Herren havde aabenbaret sig for Samuel i Silo ved Herrens Ord.
Og Herren heldt fram med å syna seg i Silo. For Herren openberra seg for Samuel i Silo gjenom Herrens ord.

< 1 Samuel 3 >