< 1 Johannes 1 >

1 Det, som var fra Begyndelsen, det, vi have hørt, det, vi have set med vore Øjne, det, vi skuede og vore Hænder følte paa, nemlig om Livets Ord; —
Det som var ifrå upphavet, det som me hev høyrt, det som me hev set med augo våre, det som me skoda, og henderne våre tok på, um livsens ord
2 og Livet blev aabenbaret, og vi have set og vidne og forkynde eder det evige Liv, som jo var hos Faderen og blev aabenbaret for os; — (aiōnios g166)
- og livet vart openberra, og me hev set det og vitnar og forkynner dykk livet, det ævelege, som var hjå Faderen og vart openberra for oss - (aiōnios g166)
3 hvad vi have set og hørt, forkynde vi ogsaa eder, for at ogsaa I maa have Samfund med os; men vort Samfund er med Faderen og med hans Søn Jesus Kristus.
det som me hev set og høyrt, det forkynner me dykk og, so de kann hava samfund med oss. Men vårt samfund er med Faderen og med hans son Jesus Kristus.
4 Og dette skrive vi til eder, for at eders Glæde maa være fuldkommen.
Og dette skriv me, so dykkar gleda kann vera fullkomi.
5 Og dette er det Budskab, som vi have hørt af ham og forkynde eder, at Gud er Lys, og der er slet intet Mørke i ham.
Og dette er den bodskapen me hev høyrt av honom og forkynner dykk, at Gud er ljos, og det finst inkje myrker i honom.
6 Dersom vi sige, at vi have Samfund med ham, og vandre i Mørket, da lyve vi og gøre ikke Sandheden.
Dersom me segjer at me hev samfund med honom, og me ferdast i myrkret, so lyg me og gjer ikkje sanningi.
7 Men dersom vi vandre i Lyset, ligesom han er i Lyset, have vi Samfund med hverandre, og Jesu, hans Søns, Blod renser os fra al Synd.
Men dersom me ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, so hev me samfund med kvarandre, og Jesu, hans sons, blod reinsar oss frå all synd.
8 Dersom vi sige, at vi ikke have Synd, bedrage vi os selv, og Sandheden er ikke i os.
Dersom me segjer at me ikkje hev synd, so dårar me oss sjølve, og sanningi er ikkje i oss.
9 Dersom vi bekende vore Synder, er han trofast og retfærdig, saa at han forlader os Synderne og renser os fra al Uretfærdighed.
Dersom me sannar synderne våre, so er han trufast og rettferdig, so han forlet oss synderne og reinsar oss frå all urettferd.
10 Dersom vi sige, at vi ikke have syndet, gøre vi ham til en Løgner, og hans Ord er ikke i os.
Dersom me segjer at me ikkje hev synda, so gjer me honom til ljugar, og hans ord er ikkje i oss.

< 1 Johannes 1 >