< Første Krønikebog 13 >

1 Og David holdt et Raad med Høvedsmændene over tusinde og over hundrede og med alle Fyrsterne.
Og David samrådde seg med dei øvste herførarane og underførarane, med alle hovdingarne.
2 Og David sagde til hele Israels Forsamling: Dersom det synes godt for eder, og det er fra Herren, vor Gud, saa lader os hastelig sende Bud til dem af vore Brødre, som ere blevne tilbage i alle Israels Lande, og ligervis til Præsterne og Leviterne i Stæderne paa deres Marker, at de kunne forsamle sig med os.
Og David sagde til heile Israels-lyden: «I fall de so finn fyre, og um dette er ifrå Herren, vår Gud, so lat oss senda bod til alle kantar åt dei andre brørne våre i alle Israels bygder, og dessutan åt prestarne og levitarne i dei byarne som dei hev bumark ikring, at dei skal koma saman hjå oss.
3 Og lader os flytte vor Guds Ark over til os; thi vi søgte den ikke i Sauls Dage.
Og lat oss flytja kista åt vår Gud hit til oss! For i Sauls dagar spurde me ikkje etter henne.»
4 Da sagde den hele Forsamling, at man skulde gøre saa; thi den Ting syntes at være ret for hele Folkets Øjne.
Og heile lyden svara at dei skulde gjera det; for alt folket lika denne rådi.
5 Saa samlede David hele Israel fra Ægyptens Sihor og til Hamath for at føre Guds Ark fra Kirjath-Jearim.
So samla då David heile Israel ifrå kvisli frammed Egyptarlandet og alt dit der vegen gjeng til Hamat, at dei skulde føra Guds kista frå Kirjat-Jearim.
6 Og David og hele Israel drog op til Baalath, til Kirjath-Jearim, som hører til Juda, for at hente Gud Herrens Ark op derfra, hans, som sidder paa Keruber, og hvis Navn paakaldes.
Og David for med heile Israel upp til Ba’ala, til Kirjat-Jearim, som høyrer til Juda, med den etlingi å føra upp kista åt Gud Herren, han som tronar yver kerubarne, og som ho hev fenge namnet sitt etter.
7 Og de førte Guds Ark paa en ny Vogn fra Abinadabs Hus, og Ussa og Ahio førte Vognen.
Og dei sette Guds kista på ei ny vogn og førde henne burt frå huset hans Abinadab, og Uzza og Ahjo køyrde vogni.
8 Og David og hele Israel legede for Guds Ansigt af al Magt baade med Sange og med Harper og med Psaltre og med Trommer og med Cymbler og med Basuner.
Og David og heile Israel leika for Gud av all si magt med song og med cithrar, harpor, trummor, cymblar og trompetar.
9 Og der de kom til Kidons Lade, da udrakte Ussa sin Haand for at gribe fat paa Arken, thi Øksnene vege ud af Sporet.
Men då dei kom til treskjestaden hans Kidon, rette Uzza ut handi og vilde fata i kista; for uksarne snåva.
10 Da optændtes Herrens Vrede imod Ussa, og han slog ham, fordi han udrakte sin Haand til Arken, og han døde der for Guds Ansigt.
Då vart Herren brennande harm på Uzza, og han slo honom for di han hadde rett ut handi si åt kista, so han døydde der for Guds åsyn.
11 Da blev David ilde tilfreds, fordi Herren havde gjort et Skaar paa Ussa, og han kaldte det samme Sted Perez-Ussa indtil denne Dag.
Men David vart ille ved, av di Herren soleis hadde slege ned Uzza, og han kalla den staden Peres-Uzza, som det heiter den dag i dag.
12 Og David frygtede for Gud paa den samme Dag og sagde: Hvorledes skal jeg lade Guds Ark komme til mig?
Og David fekk ei slik rædsla for Gud den dagen, at han sagde: «Kor kann eg våga føra Guds kista til meg?»
13 Og David vilde ikke føre Arken til sig i Davids Stad; men han lod den føre hen til Githiten Obed-Edoms Hus.
Difor flutte ikkje David kista til seg i Davidsbyen, men sette henne inn i huset åt gatiten Obed-Edom.
14 Og Guds Ark blev ved Obed-Edoms Hus, i hans Hus, i tre Maaneder, og Herren velsignede Obed-Edoms Hus og alt det, han havde.
Guds kista vart då verande ved huset hans Obed-Edom, der ho stod i sitt eige hus i tri månader; men Herren velsigna Obed-Edoms hus og alt det som høyrde honom til.

< Første Krønikebog 13 >