< 1 Mojžišova 25 >
1 Abraham pak opět pojal ženu jménem Ceturu.
Og Abraham tok seg ei kona att; ho heitte Ketura.
2 Kterážto porodila jemu Zamrana, a Jeksana, a Madana, a Madiana, Jezbocha a Suecha.
Med henne fekk han Simran og Joksan og Medan og Midjan og Jisbak og Suah.
3 Jeksan potom zplodil Sábu a Dedana. Synové pak Dedanovi byli: Assurim, a Latuzim, a Laomim.
Og Joksan var far til Sjeba og Dedan. Og sønerne hans Dedan var Assurar og Letusar og Leummar.
4 Ale synové Madianovi: Efa, a Efer, a Enoch, a Abida, a Helda; všickni ti synové byli Cetury.
Og sønerne hans Midjan var Efa og Efer og Hanok og Abida og Elda’a. Alle desse var borni hennar Ketura.
5 I dal Abraham Izákovi všecko, což měl.
Abraham gav Isak alt det han åtte.
6 Synům pak ženin svých dal Abraham dary, a odeslal je od Izáka syna svého, ještě živ jsa, k východu do země východní.
Men sønerne åt fylgjekonorne sine gav Abraham gåvor og let deim flytja burt frå Isak, son sin, og taka austetter, til Austerland, medan han endå livde.
7 Tito pak jsou dnové let života Abrahamova, v nichž byl živ: Sto sedmdesáte a pět let.
Og dette er dagarne hans Abraham og den alderen han nådde: hundrad og fem og sytti år.
8 I skonal a umřel Abraham v starosti dobré, stár jsa a plný dnů; a připojen jest k lidu svému.
Og Abraham sålast og døydde etter ein god alderdom, gamall og mett av dagar, og kom til federne sine.
9 Tedy pochovali ho Izák a Izmael synové jeho v jeskyni Machpelah, na poli Efrona, syna Sohar Hetejského, naproti Mamre,
Og Isak og Ismael, sønerne hans, jorda honom i Makpelahelleren, på gjordet hans Efron, son åt Sohar, hetiten, austanfor Mamre,
10 Na tom poli, kteréž byl koupil Abraham od synů Het; tu pochován jest Abraham i Sára manželka jeho.
det gjordet som Abraham hadde kjøpt av Hets-sønerne. Der vart Abraham og Sara, kona hans, jorda.
11 Po smrti pak Abrahamově požehnal Bůh Izákovi synu jeho, a bydlil Izák u studnice Živého vidoucího mne.
Men då Abraham var slokna, gav Gud velsigningi si til Isak, son hans. Og Isak, han budde attmed «Kjelda åt den som liver, og ser meg».
12 Tito jsou pak rodové Izmaele syna Abrahamova, jehož porodila Agar Egyptská, děvka Sářina, Abrahamovi.
Dette er ættartalet åt Ismael, son hans Abraham, han som Abraham fekk med Hagar frå Egyptarland, terna hennar Sara.
13 A tato jsou jména synů Izmaelových, jimiž se jmenují po rodech svých: Prvorozený Izmaelův Nabajot, po něm Cedar, a Adbeel a Mabsan,
Og dette er namni på sønerne hans Ismael, dei namni som er i ættarsoga deira: Nebajot, det var eldste son hans Ismael, og Kedar og Adbe’el og Mibsam
14 A Masma, a Dumah a Massa,
og Misma og Duma og Massa
15 Hadar a Tema, Jetur, Nafis a Cedma.
og Hadar og Tema og Jetur og Nafis og Kedma.
16 Ti jsou synové Izmaelovi, a ta jména jejich, po vsech jejich, a po městech jejich, dvanáctero knížat po čeledech jejich.
Dette var sønerne hans Ismael, og dette var namni deira, med grenderne og lægri deira, tolv ættarhovdingar.
17 (Bylo pak života Izmaelova sto třidceti a sedm let, i skonal; a umřev, připojen jest k lidu svému.)
Og dette er liveåri hans Ismael: hundrad og sju og tretti år. Og han sålast og døydde, og kom til federne sine.
18 A bydlili od Hevilah až do Sur, jenž jest proti Egyptu, když jdeš do Assyrie; před tváří všech bratří svých položil se.
Og dei budde frå Havila til Sur, som ligg midt for Egyptarland, når du tek leidi mot Assur. Midt for augo åt alle brørne sine slo han seg ned.
19 Tito jsou také rodové Izáka syna Abrahamova: Abraham zplodil Izáka.
Dette er ættarsoga hans Isak, son åt Abraham:
20 Byl pak Izák ve čtyřidcíti letech, když sobě vzal za manželku Rebeku, dceru Bathuele Syrského, z Pádan Syrské, sestru Lábana Syrského.
Abraham var far åt Isak. Og Isak var fyrti år gamall, då han gifte seg med Rebekka, dotter åt Betuel, aramæaren frå Mesopotamia, syster åt Laban, aramæaren.
21 I modlil se Izák pokorně Hospodinu za manželku svou; nebo byla neplodná. A uslyšel jej Hospodin; a tak počala Rebeka manželka jeho.
Og Isak bad til Herren for Rebekka, kona si, av di ho var barnlaus. Og Herren høyrde bøni hans, og Rebekka, kona hans, vart umhender.
22 A když se děti potiskali v životě jejím, řekla: Má-liť tak býti, proč jsem já počala? Šla tedy, aby se otázala Hospodina.
Men borni drogst i livet hennar. Då sagde ho: «Er det so, kvi skal eg då vera til?» Og ho gjekk av stad og spurde Herren.
23 I řekl jí Hospodin: Dva národové jsou v životě tvém, a dvůj lid z života tvého se rozdělí; lid pak jeden nad druhý bude silnější, a větší sloužiti bude menšímu.
Og Herren sagde til henne: «I livet ditt er lydar tvo, Tvo folk skal frå ditt fang seg greina; Eitt folk er sterkare enn hitt. Den eldre skal den yngre tena!»
24 A když se naplnili dnové její, aby porodila, a aj, blíženci byli v životě jejím.
Då so tidi hennar kom, at ho skulde eiga barn, sjå, då var det tvillingar i livet hennar.
25 I vyšel první ryšavý všecken, a jako oděv chlupatý; i nazvali jméno jeho Ezau.
Og den som kom fyrst, var raud, og loden yver allan, som ein feld; so kalla dei honom Esau.
26 Potom pak vyšel bratr jeho, a rukou svou držel Ezau za patu; pročež nazváno jest jméno jeho Jákob. A byl Izák v šedesáti letech, když ona je porodila.
Og då bror hans kom, heldt han med handi i hælen på Esau. So kalla dei honom Jakob. Då dei kom til verdi, var Isak seksti år gamall.
27 A když dorostli ti děti, byl Ezau lovec umělý, chodě po polích; Jákob pak byl muž prostý a v staních bydlil.
Og sveinarne voks upp, og Esau vart ein glup veidemann, og heldt til i skog og mark; men Jakob var ein mild og fredsam kar, og heldt seg heime, attmed tjeldbuderne.
28 I byl Izák laskav na Ezau, proto že z lovu jeho míval pokrm; ale Rebeka laskava byla na Jákoba.
Og Isak tykte gildast um Esau, for han åt gjerne vilt; men Rebekka tykte gildast um Jakob.
29 Uvařil pak Jákob krmičku. Tedy Ezau přišel z pole zemdlený,
Ein gong koka Jakob ein velling; då kom Esau heim av skogen, og var trøytt og mod.
30 A řekl Jákobovi: Dej mi, prosím, jísti krmě té červené, nebo jsem umdlel. (Protož nazváno jest jméno jeho Edom.)
Og Esau sagde med Jakob: «Å lat meg få gløypa i meg noko av det raude, dette raude der; eg er reint kvitt!» Difor kallar dei honom Edom.
31 Odpověděl Jákob: Prodej mi dnes hned prvorozenství své.
Då sagde Jakob: «Sel meg fyrst odelen din!»
32 I řekl Ezau: Aj, já k smrti se blížím, k čemuž mi tedy to prvorozenství?
Og Esau sagde: «Du ser, eg er åt og skal døy; kva skal eg då med odelen?»
33 Dí Jákob: Přisáhni mi dnes hned. I přisáhl mu, a prodal prvorozenství své Jákobovi.
«Gjer fyrst eiden på det!» sagde Jakob. So gjorde Esau eiden på det, og selde odelen sin til Jakob.
34 Tedy Jákob dal Ezauchovi chleba a té krmě z šocovice. Kterýžto jedl a pil, a vstav, odšel; a tak pohrdl Ezau prvorozenstvím.
Og Jakob gav Esau brød og linsevelling, og han åt, og drakk, og reis upp, og gjekk sin veg. So lite vyrde Esau odelen.