< Sudcov 1 >
1 Stalo se pak po smrti Jozue, otázali se synové Izraelští Hospodina, řkouce: Kdo z nás potáhne proti Kananejskému napřed, aby bojoval s ním?
Då Josva var avliden, spurde Israels-sønerne Herren: «Kven av oss skal taka fyrst ut i striden mot kananitarne?»
2 Jimž řekl Hospodin: Juda nechť táhne, aj, dal jsem tu zemi v ruku jeho.
Og Herren svara: «Juda skal taka ut. No gjev eg landet i hans hender!»
3 (Řekl pak byl Juda Simeonovi bratru svému: Potáhni se mnou k dobývání losu mého, abychom bojovali proti Kananejskému, a já také potáhnu s tebou k dobývání losu tvého. I táhl s ním Simeon.)
Då sagde Juda med Simeon, bror sin: «Ver med meg til min lut, og lat oss båe strida mot kananitarne, so skal eg vera med deg til din lut.» Og Simeon vart med honom.
4 Tedy vytáhl Juda, i dal Hospodin Kananejského a Ferezejského v ruce jejich, a porazili z nich v Bezeku deset tisíc mužů.
So tok Juda-sønerne ut, og Herren gav kananitarne og perizitarne i henderne deira; dei slo deim i Bezek og felte ti tusund mann.
5 Nebo nalezše Adonibezeka v Bezeku, bojovali proti němu, a porazili Kananejského i Ferezejského.
I Bezek møtte dei Adoni-Bezek, og dei stridde mot honom og slo kananitarne og perizitarne.
6 Když pak utíkal Adonibezek, honili ho, a chytivše jej, zutínali mu palce u rukou i noh.
Adoni-Bezek rømde; men dei sette etter honom, og tok honom og hogg av honom tumarsfingrarne og stortærne.
7 Tedy řekl Adonibezek: Sedmdesáte králů s uťatými palci u rukou i noh svých sbírali drobty pod stolem mým; jakž jsem činil, tak odplatil mi Bůh. I přivedli jej do Jeruzaléma, a tam umřel.
Då sagde han: «Sytti kongar med avhogne tumarsfingrar og stortær sanka smular under mitt bord. No hev Gud gjeve meg like for det eg gjorde!» So førde dei honom til Jerusalem, og der døydde han.
8 Nebo byli vybojovali synové Juda Jeruzalém, a vzavše jej, zbili obyvatele jeho ostrostí meče a město vypálili.
Juda-sønerne kringsette Jerusalem, og tok byen, og øydde honom med odd og egg, og sette eld i husi.
9 Potom také vytáhli synové Judovi, aby bojovali proti Kananejskému, bydlícímu na horách při straně polední i na rovinách.
Sidan for dei ned og stridde mot dei kananitarne som budde i fjell-landet og i Sudlandet og i låglandet.
10 Nebo byl vytáhl Juda proti Kananejskému, kterýž bydlil v Hebronu, (jméno pak Hebronu prvé bylo Kariatarbe, ) a pobil Sesaie, a Achimana, a Tolmaie.
Fyrst gjekk dei mot kananitarne som budde i Hebron - Hebron heitte fyrr i tidi Kirjat-Arba - og dei slo Sesai og Ahiman og Talmai.
11 A odtud byl táhl na obyvatele Dabir, (jméno pak Dabir prvé bylo Kariatsefer).
So gjekk dei mot Debir-buarne. - Debir heitte fyrr i tidi Kirjat-Sefer -
12 Kdežto řekl Kálef: Kdo by dobyl Kariatsefer a vzal by je, dám jemu Axu dceru svou za manželku.
Då sagde Kaleb: «Den som kann taka Kirjat-Sefer, skal få Aksa, dotter mi.»
13 Tedy dobyl ho Otoniel, syn Cenezův, bratra Kálefova mladšího, i dal jemu Axu dceru svou za manželku.
Otniel, son åt Kenaz, Kalebs yngre bror, tok byen, og fekk Aksa, dotter hans Kaleb.
14 Stalo se pak, že když přišla k němu, ponukla ho, aby prosil otce jejího za pole; i ssedla s osla. A řekl jí Kálef: Cožť jest?
Då so ho skulde flytja heim til honom, eggja ho honom til å beda far hennar um ein jordveg, og sjølv hoppa ho ned av asnet. «Kva er det du vil?» spurde Kaleb.
15 A ona odpověděla: Dej mi dar; poněvadžs mi dal zemi suchou, dej mi také studnice vod. I dal jí Kálef studnice v horních i dolních končinách.
«Lat meg få ei velfargåva!» svara ho. «Du hev gift meg burt til dette turre Sudlandet; gjev meg no vatskjeldor!» So gav han henne Øvregullot og Nedregullot.
16 Synové také Cinejského, tchána Mojžíšova, odebrali se z města palmového s syny Juda na poušť Judovu, jenž jest k straně polední městu Arad; a odšedše, bydlili s lidem tím.
Etterkomarane etter keniten, verbror åt Moses, for med Juda-sønerne frå Palmestaden upp til Judaheidi som ligg sunnanfor Arad, og vart buande der saman med folket.
17 Potom táhl Juda s Simeonem, bratrem svým, a porazili Kananejské přebývající v Sefat, a zkazili je. I nazváno jest jméno města toho Horma.
Sidan gjekk Juda med Simeon, bror sin, og dei vann yver kananitarne som budde i Sefat. Dei bannstøytte byen; difor heitar han no Horma.
18 Dobyl také Juda Gázy a pomezí jeho, i Aškalonu s pomezím jeho, též Akaronu a pomezí jeho.
Og Juda-mennerne tok Gaza og Askalon og Ekron med alt landet som låg til dei byarne.
19 Nebo byl Hospodin s Judou, a vyhnal obyvatele hor, ale nevyhnal obyvatelů údolí, proto že vozy železné měli.
Herren var med Juda-sønerne, og dei lagde under seg fjellbygderne; men dei var ikkje god til å driva ut slettebuararne; for dei hadde jarnvogner.
20 I dali Kálefovi Hebron, jakož byl mluvil Mojžíš, a vyhnal odtud tři syny Enakovy.
Dei gav Hebron til Kaleb, som Moses hadde sagt, og han dreiv dei tri Anaks-sønerne ut or bygdi.
21 Jebuzejského pak, bydlícího v Jeruzalémě, nevyhnali synové Beniamin; protož bydlil Jebuzejský v Jeruzalémě s syny Beniamin až do tohoto dne.
Benjamins-sønerne dreiv ikkje ut jebusitarne som budde i Jerusalem; jebusitarne vart buande i Jerusalem saman med Benjamins-sønerne og hev butt der til denne dag.
22 Vytáhla také i čeled Jozefova do Bethel, a Hospodin byl s nimi.
Josefs-ætti tok og ut i striden; dei gjekk mot Betel, og Herren var med deim.
23 Nebo shlédla čeled Jozefova Bethel, kteréhožto města jméno prvé bylo Lůza.
Då dei låg på vakt kring Betel - den byen heitte fyrr i tidi Luz -
24 Uzřevše pak ti špehéři muže vycházejícího z města, řekli jemu: Medle ukaž nám, kudy bychom mohli vjíti do města, a učinímeť milost.
fekk spæjarane deira sjå ein mann som kom ut or byen. Og dei sagde til honom: «Kjære, syn oss kvar me kann koma inn i byen, so skal me gjera vel mot deg!»
25 Kterýžto ukázal jim, kudy by mohli vjíti do města; i vyhubili to město mečem, muže pak toho se vší čeledí jeho propustili.
So synte han dei kvar dei kunde koma inn, og dei øydde byen med odd og egg, men mannen og heile ætti hans let dei fara sin veg.
26 I šel muž ten do země Hetejských, kdež vystavěl město, a nazval jméno jeho Lůza; to jest jméno jeho až do tohoto dne.
Han for til Hetitarlandet, og bygde ein by; den kalla han Luz, og det namnet hev byen havt til denne dag.
27 Manasses také nevyhnal obyvatelů Betsan a městeček jeho, ani Tanach a městeček jeho, ani obyvatelů Dor a Jibleam, a Mageddo a městeček jejich; i počal Kananejský svobodně bydliti v zemi té.
Manasse øydde ikkje Bet-Sean og Ta’anak og Dor og Jibleam og Megiddo og bygderne som låg under dei byarne, og kananitarne var god til å halda seg der i landet.
28 Když se pak zsilil Izrael, uvedl Kananejského pod plat, a maje jej vyhnati, nevyhnal.
Då Israels-folket vart sterkare, tvinga dei kananitarne til å træla for seg, men dreiv deim ut gjorde dei ikkje.
29 Efraim také nevyhnal Kananejského bydlícího v Gázer, protož bydlil Kananejský u prostřed něho v Gázer.
Efraim dreiv ikkje ut kananitarne som budde i Gezer; kananitarne vart buande millom Efraims-sønerne i Gezer.
30 Zabulon též nevyhnal obyvatelů Cetron, a obyvatelů Naalol, protož bydlil Kananejský u prostřed něho, a dával jemu plat.
Sebulon dreiv ikkje ut deim som budde i Kitron og i Nahalol; kananitarne vart buande millom Sebulons-sønerne, men laut gjera trælearbeid.
31 Asser také nevyhnal obyvatelů Acho a obyvatelů Sidonu, ani Ahalab, ani Achzib, ani Helba, ani Afek, ani Rohob.
Asser dreiv ikkje ut dei som budde i Akko og i Sidon, og øydde ikkje Ahlab og Akzib og Helba og Afik og Rehob;
32 I bydlil Asser mezi Kananejskými obyvateli země té, nebo nevyhnal jich.
asseritarne busette seg millom kananitarne som åtte heime i landet, og dreiv deim ikkje ut.
33 Též Neftalím nevyhnal obyvatelů Betsemes, ani obyvatelů Betanat, protož bydlil mezi Kananejskými přebývajícími v zemi té; a však obyvatelé Betsemes a Betanat dávali jim plat.
Naftali-sønerne dreiv ikkje ut deim som budde i Bet-Semes og i Bet-Anat; dei busette seg millom kananitarne som åtte heime i landet. Men folket i Bet-Semes og Bet-Anat laut træla for deim.
34 Ssužovali pak Amorejští syny Dan na horách, tak že nedali jim scházeti do údolí.
Amoritarne trengde Dans-sønerne upp i fjelli, og let deim ikkje få koma ned på sletta.
35 Nebo počal Amorejský svobodně bydliti na hoře Heres, v Aialon a v Salbim, ale když se zsilila ruka čeledi Jozefovy, uvedeni jsou pod plat.
Sjølve var dei god til å halda seg i Har-Heres og i Ajjalon og Sa’albim, men sidan fekk Josefs-ætti yvertaket, og nøydde deim til å træla for seg.
36 Pomezí pak Amorejského bylo od začátku hor Akrabim, od skály jejich i výše.
Landskilet åt amoritarne gjekk frå Skorpionskardet um Knausen og uppetter.