< 1 Mojžišova 37 >
1 Jákob pak bydlil v zemi putování otce svého, v zemi Kananejské.
Jakob vart buande i Kana’ans-landet, der som far hans hadde halde til.
2 Tito jsou příběhové Jákobovi: Jozef, když byl v sedmnácti letech, pásl s bratřími svými dobytek, (a byl mládenček), s syny Bály a Zelfy, žen otce svého. A oznamoval Jozef zlou pověst o nich otci svému.
Dette er soga um Jakobs-ætti: Då Josef var syttan år gamall, gjætte han fenaden i lag med brørne sine; han var busvein hjå sønerne til Bilha og Zilpa, konorne åt far hans, og alt det vonde som vart sagt um deim, gjekk Josef til far deira med.
3 Izrael pak miloval Jozefa nad všecky syny své; nebo v starosti své zplodil jej. A udělal mu sukni proměnných barev.
Men Israel heldt Josef kjærast av alle borni sine, for han hadde fenge honom på sine gamle dagar; og han gjorde ein sid ermekjole åt honom.
4 A když spatřili bratří jeho, že ho miluje otec jejich nad všecky bratří jeho, nenáviděli ho, aniž mohli pokojně k němu promluviti.
Og då brørne hans såg at far deira heldt meir av honom enn av alle brørne hans, vart dei hatige på honom, og kunde ikkje tala eit godt ord til honom.
5 Měl pak Jozef sen, a vypravoval jej bratřím svým; pročež v větší nenávisti ho měli.
Ein gong hadde Josef ein draum, som han fortalde brørne sine, og då vart dei endå meir hatige på honom.
6 Nebo pravil jim: Slyšte, prosím, sen, kterýž jsem měl.
«No skal de høyra kva eg hev drøymt, » sagde han til deim.
7 Hle, vázali jsme snopy na poli, a aj, povstal snop můj, a stál. Vůkol také stáli snopové vaši, a klaněli se snopu mému.
«Eg tykte me var utpå åkeren og skar. Best det var, reiste mitt kornband seg upp og stod, og dykkar kornband stod rundt ikring og bøygde seg for mitt.»
8 Jemužto odpověděli bratří jeho: Zdaliž kralovati budeš nad námi, aneb pánem naším budeš? Z té příčiny ještě více nenáviděli ho pro sny jeho, a pro slova jeho.
Då sagde brørne hans med honom: «Skal du, kann henda, verta kongen vår og råda yver oss?» Og sidan hata dei honom endå meir for draumarne og rødorne hans.
9 Potom ještě měl jiný sen, a vypravoval jej bratřím svým, řka: Hle, opět jsem měl sen, a aj, slunce a měsíc, a jedenácte hvězd klanělo mi se.
So hadde han ein draum att, og den fortalde han og brørne sine. «Veit de kva eg no hev drøymt?» sagde han: «Eg tykte soli og månen og elleve stjernor lagde seg å gruve for meg.»
10 I vypravoval otci svému a bratřím svým. A domlouval mu otec jeho, a řekl jemu: Jakýž jest to sen, kterýž jsi měl? Zdaliž přijdeme, já a matka tvá i bratří tvoji, abychom se klaněli před tebou až k zemi?
Men då han sagde det med far sin og brørne sine, skjemde far hans på honom og sagde med honom: «Kva er det no du hev drøymt att! Skulde eg og mor di og brørne dine koma og leggja oss å gruve for deg?»
11 Tedy záviděli mu bratří jeho; ale otec jeho měl pozor na tu věc.
Og brørne hans var ovundsjuke på honom, men far hans lagde seg dette på minne.
12 Odešli pak bratří jeho, aby pásli dobytek otce svého v Sichem.
So var det ein gong brørne hans var av og gjætte buskapen åt far sin burtmed Sikem.
13 A řekl Izrael Jozefovi: Zdaliž nepasou bratří tvoji v Sichem? Poď, a pošli tě k nim. Kterýžto odpověděl: Aj, teď jsem.
Då sagde Israel med Josef: «Gjæter ikkje brørne dine burtmed Sikem? Kom, eg vil senda deg til deim!» Og han svara: «Ja, her er eg.»
14 I řekl jemu: Jdi nyní, zvěz, jak se mají bratří tvoji, a co se děje s dobytkem; a zase mi povíš o tom. A tak poslal ho z údolí Hebron, a on přišel do Sichem.
Då sagde Israel med honom: «Kjære deg, gakk av og sjå korleis det stend til med brørne dine og korleis det er med buskapen, og kom so heim att og seg meg det!» Dermed so sende han Josef av stad frå Hebrondalen, og so kom han til Sikem.
15 Našel ho pak muž nějaký, an bloudí po poli. I zeptal se ho muž ten, řka: Čeho hledáš?
Medan han no vanka umkring i marki, møtte han ein mann, og mannen tala til honom og spurde: «Kva leitar du etter?»
16 Odpověděl: Bratří svých hledám; pověz mi, prosím, kde oni pasou?
«Eg leitar etter brørne mine, » svara han. «Kjære deg, seg meg kvar dei gjæter!»
17 I řekl muž ten: Odešli odsud; nebo slyšel jsem je, ani praví: Poďme do Dothain. Tedy šel Jozef za bratřími svými, a našel je v Dothain.
«Dei hev teke ut herifrå, » sagde mannen: «Eg høyrde dei sagde: «No vil me til Dotan.»» So gjekk Josef til Dotan, og der fann han brørne sine.
18 Kteřížto, jakž ho uzřeli zdaleka, prvé než k nim došel, ukládali o něm, aby jej zahubili.
Dei såg honom langt burte, og fyrr han kom innåt deim, samråddest dei um å drepa honom,
19 Nebo řekli jeden druhému: Ej, mistr snů teď jde.
og dei sagde seg imillom: «Sjå, der kjem denne stordrøymaren!
20 Nyní tedy poďte, a zabíme jej, a uvržeme ho do některé čisterny, a díme: Zvěř lítá sežrala jej. I uzříme, nač jemu vyjdou snové jeho.
Kom og lat oss slå honom i hel og kasta honom ned i ein av desse brunnarne her, og so segja at eit udyr hev ete honom upp! Då skal me sjå kva det vert av draumarne hans.»
21 A uslyšev to Ruben, aby ho vytrhl z ruky jejich, (nebo řekl: Neodjímejme mu hrdla, )
Då Ruben høyrde det, vilde han berga honom utor henderne deira og sagde: «Lat oss ikkje taka livet hans!»
22 Řekl jim Ruben: Nevylévejte krve. Vrzte jej do této čisterny, kteráž jest na poušti, a nevztahujte ruky na něj. Ale on chtěl vysvoboditi ho z ruky jejich, a pomoci mu, aby se navrátil k otci svému.
Og Ruben sagde med deim: «Lat det ikkje renna blod! Kasta honom heller ned i denne brunnen, som er i øydemarki, men legg ikkje hand på honom!» Dette sagde han av di han vilde berga honom utor henderne deira og få honom heim att til far hans.
23 A když přišel Jozef k bratřím svým, strhli s něho sukni jeho, sukni proměnných barev, kterouž měl na sobě.
Då no Josef var komen innåt brørne sine, hadde dei av honom kjolen hans, den side ermekjolen han gjekk i,
24 A pochopivše, uvrhli jej do čisterny. Čisterna pak ta byla prázdná, v níž ne bylo vody.
og tok og kasta honom ned i brunnen; men brunnen var tom; det var ikkje vatn i honom.
25 I usadili se, aby jedli chléb. A pozdvihše očí svých, uzřeli, a aj, množství Izmaelitských přicházejících z Galád, kteřížto na velbloudích svých nesli vonné věci a kadidlo a mirru do Egypta.
So sette dei seg ned, og vilde få seg mat. Men då dei såg upp og skoda kring seg, vart dei vare eit ferdafylgje: det var ismaelitar, som kom frå Gilead, og førde kryddor og balsam og rosekvåda på kamelarne sine; det var dei på veg til Egyptarland med.
26 I řekl Juda bratřím svým: Jaký zisk míti budeme, zabijeme-li bratra svého, a zatajíme-li krve jeho?
Då sagde Juda med brørne sine: «Kva bate hev me av det at me slær bror vår i hel og dyl dråpet?
27 Poďte, prodejme ho Izmaelitským, a nevztahujme na něj rukou svých, nebo bratr náš, tělo naše jest. I uposlechli ho bratří jeho.
Kom, og lat oss selja honom til ismaelitarne, og ikkje leggja hand på honom; han er då bror vår, vårt eige kjøt og blod!» Og brørne hans lydde honom,
28 Když pak mimo ně jeli muži ti, kupci Madianští, vytáhli a vyvedli Jozefa z té čisterny, a prodali jej Izmaelitským za dvadceti stříbrných. Ti zavedli Jozefa do Egypta.
og då kjøpmennerne - dei var frå Midjan - for framum, drog dei Josef upp or brunnen, og so selde dei Josef for tjuge sylvdalar til ismaelitarne; og dei tok Josef med seg til Egyptarland.
29 A navrátil se Ruben k čisterně, a aj, již ne bylo Jozefa v ní. I roztrhl roucha svá.
So kom Ruben attende til brunnen, men då han skulde sjå, var ikkje Josef i brunnen. Då reiv han sund klædi sine,
30 A navrátiv se k bratřím svým, řekl: Pacholete není, a já kam se mám podíti?
og han gjekk attende til brørne sine, og sagde: «Sveinen er der ikkje! Og eg, kvar skal eg no gjera av meg?»
31 Tedy vzali sukni Jozefovu, a zabivše kozla, smočili sukni tu ve krvi.
So tok dei kjolen åt Josef, og slagta ein bukk, og duppa kjolen i blodet.
32 A poslali sukni tu proměnných barev, a dali ji donésti k otci svému, aby řekli: Tuto jsme nalezli; pohleď nyní, jest-li sukně syna tvého, či není?
Og dei sende ermekjolen heim til far sin og sagde: «Denne hev me funne. Sjå etter um det ikkje er kjolen åt son din!»
33 A on poznav ji, řekl: Sukně syna mého jest; zvěř lítá sežrala jej, konečně roztrhán jest Jozef.
Og han kjende honom att, og sagde: «Jau, det er kjolen åt son min. Eit udyr hev ete honom upp. Josef er ihelriven!»
34 I roztrhl Jákob roucha svá, a vloživ žíni na bedra svá, zámutek nesl po synu svém za mnoho dní.
Og Jakob reiv sund klædi sine, og sveipte ein sekk um mjødmarne, og syrgde yver son sin i lang, lang tid.
35 Sešli se pak všickni synové jeho, a všecky dcery jeho, aby ho těšili. Ale on nedal se potěšiti, a řekl: Nýbrž já tak v zámutku sstoupím za synem svým do hrobu. A plakal ho otec jeho. (Sheol )
Og alle sønerne og døtterne hans kom og vilde trøysta honom, men han let seg ikkje trøysta; «Med sorg og sut lyt eg fara ned til son min i nåheimen!» sagde han. Og far hans gret yver honom; (Sheol )
36 Mezi tím Madianští prodali Jozefa do Egypta Putifarovi, dvořeninu Faraonovu, hejtmanu žoldnéřů.
men midjanitarne selde honom i Egyptarland, til Potifar, som var hirdmann hjå Farao og hovding yver livvakti.