< 1 Mojžišova 19 >

1 Přišli pak dva andělé do Sodomy u večer, a Lot seděl v bráně Sodomské. Kteréžto když uzřel, vstav, šel jim v cestu a sklonil se tváří až k zemi.
Og dei tvo englarne kom til Sodoma um kvelden, medan Lot sat i byporten. Då Lot fekk sjå deim, reiste han seg og gjekk imot deim, og bøygde seg nedåt jordi,
2 A řekl: Aj, prosím páni moji, uchylte se nyní do domu služebníka svého, a zůstaňte přes noc; umyjete také nohy své a ráno vstanouce, půjdete cestou svou. Oni pak odpověděli: Nikoli, ale přenocujeme na ulici.
og sagde: «Gode herrar, gjer so vel og ver med tenaren dykkar heim, og gjev dykk til hjå meg i natt, og två føterne dykkar. So kann de vera tidleg uppe i morgon og taka på vegen att.» Og dei sagde: «Nei, me vil vera ute på torget i natt.»
3 Ale když on je velmi nutil, obrátivše se k němu, vešli do domu jeho. I udělal jim hody, a napekl chlebů přesných, i jedli.
Men han nøydde deim so lenge til dei fylgde honom heim, og var med honom inn. Og han gjorde eit gjestebod åt deim, og baka søtebrød, og so åt dei.
4 Prvé pak než lehli, muži města toho, muži Sodomští, osuli se vůkol domu toho, od mladého až do starého, všecken lid odevšad.
Dei hadde endå ikkje lagt seg, so kom byfolket, mennerne i Sodoma, både unge og gamle, heile lyden, frå alle kantar, og slo ring um huset.
5 I volali na Lota, a řekli jemu: Kde jsou ti muži, kteříž přišli k tobě v noci? Vyveď je k nám, ať je poznáme.
Og dei ropa til Lot og sagde med honom: «Kvar er dei mennerne som kom heim til deg i kveld? Lat deim koma ut til oss, so me kann få vår vilje med deim!»
6 I vyšel k nim Lot ven, a zavřel po sobě dvéře.
Då gjekk Lot ut i døri til deim, og let hurdi att etter seg
7 A řekl: Prosím, bratří moji, nečiňte zlého.
og sagde: «Kjære brør, gjer då ikkje slik ei ugjerning!
8 Aj, mám teď dvě dcery, kteréžto nepoznaly muže; vyvedu je nyní k vám, čiňte s nimi, jak se vám líbí; toliko mužům těmto nic nečiňte, poněvadž vešli pod stín střechy mé.
Sjå, eg hev tvo døtter, som ingen kar hev vore nær. Lat meg senda deim ut til dykk, so kann de gjera med deim som de synest. Men desse mennerne her, deim må de ikkje gjera noko, etter di dei hev kome inn under skuggen av taket mitt.»
9 I řekli: Odejdi tam! A mluvili: Sám se dostal sem pohostinu, a chce nás souditi? Nyní tobě hůř uděláme, než jim. I obořili se násilně na muže toho, totiž na Lota, a přistoupili, aby vylomili dvéře.
Men dei sagde: «Or vegen med deg! Her kjem denne framandkaren og fær bu her, » sagde dei, «og so gjev han seg til å døma jamt og samt! No skal me fara verre med deg enn med deim!» Og dei gjekk hardt inn på mannen, på Lot, og styrmde innåt og vilde brjota sund hurdi.
10 Tedy muži ti vztáhli ven ruku svou, a uvedli Lota k sobě do domu, a dvéře zavřeli.
Då rette mennerne ut handi, og tok Lot inn i huset til seg, og stengde att hurdi.
11 A ty muže, kteříž byli přede dveřmi domu, ranili slepotou velikou, od nejmenšího až do největšího, tak že ustali, hledajíce dveří.
Og dei vildra syni på dei kararne som var utfyre husdøri, både små og store, so dei fann ikkje døri, kor mykje dei stræva.
12 I řekli muži k Lotovi: Máš-li ještě zde koho, buď zetě neb syny své, neb dcery své, i všecko, což máš v městě, vyveď z místa tohoto.
Og mennerne sagde med Lot: «Hev du elles nokon her som er skyld deg? nokon måg? Både søner og døtter og alt ditt folk her i byen lyt du få med deg burt.
13 Nebo zkazíme místo toto, proto že se velmi rozmohl křik jejich před Hospodinem, a poslal nás Hospodin, abychom zkazili je.
For no skal me leggja denne byen i øyde, av di eit øgjelegt klagerop yver deim hev nått upp til Herren, og Herren hev sendt oss på den måten at me skal øydeleggja byen.»
14 Vyšed tedy Lot, mluvil k zeťům svým, kteříž již měli pojímati dcery jeho, a řekl: Vstaňte, vyjděte z místa tohoto, nebo zkazí Hospodin město toto. Ale zdálo se zeťům jeho, jako by žertoval.
Då gjekk Lot ut og tala til mågarne sine, deim som skulde hava døtterne hans, og sagde: «Upp, og kom dykk burt frå denne staden! For no vil Herren øydeleggja byen.» Men mågarne hans tenkte at han berre vilde narra deim.
15 A když zasvitávalo, nutili andělé Lota, řkouce: Vstaň, vezmi ženu svou a dvě dcery své, kteréž tu jsou, abys nezahynul v pomstě města.
Det fyrste det tok til å dagast, skunda englarne på Lot og sagde: «Upp! Tak kona di og dei tvo døtterne dine som er her, so du ikkje skal missa livet for alt det vonde skuld som er gjort her i byen!»
16 A když prodléval, chopili muži ruku jeho, a ruku ženy jeho, a ruku dvou dcer jeho, nebo se slitoval nad ním Hospodin; i vyvedli jej, a pustili za městem.
Men han tøvra. Då greip mennerne honom i handi, både honom og kona og døtterne hans, av di Herren vilde spara honom, og dei leidde honom ut, og slepte honom ikkje, fyrr dei var utanfor byen.
17 A stalo se, když je vedli ven, řekl jeden: Zachovejž život svůj, neohlédej se zpět, ani se zastavuj na vší této rovině; ujdi na horu, abys nezahynul.
Då dei no var utum byen komne, sagde han: «Vil du berga livet, so røm! Sjå deg ikkje attende, og stana ikkje i heile kverven! Røm upp på fjellet! elles ryk du med.»
18 I řekl jim Lot: Ne tak, prosím, páni moji.
Då sagde Lot til deim: «Å nei, Herre!
19 Aj, nyní nalezl služebník tvůj milost před očima tvýma, a veliké jest milosrdenství tvé, kteréž jsi učinil se mnou, když jsi zachoval duši mou; ale jáť nebudu moci ujíti na tu horu, aby mne nepostihlo to zlé, a umřel bych.
Sjå, tenaren din hev funne nåde hjå deg, og stor er den miskunn du hev gjort meg, med di du hev berga livet mitt. Men upp på fjellet kann eg ikkje nå. Ulukka kunde koma yver meg, so eg laut døy.
20 Hle, teď jest toto město blízko, do něhož bych utekl, a toť jest malé; prosím, nechť tam ujdu; však pak neveliké jest, a živa bude duše má.
Sjå, denne byen der er snar å røma til, og han er so liten! Er han ikkje liten? Kjære væne, lat meg få berga meg dit, so eg vert verande i live!»
21 I řekl k němu: Aj, uslyšel jsem žádost tvou i v této věci, abych nepodvrátil města toho, o němž jsi mluvil.
Då sagde han til honom: «Ja, eg vil gjera deg til viljes i dette og, og ikkje søkkja ned den byen du talar um.
22 Pospěšiž, ujdi tam; neboť nebudu moci učiniti ničehož, dokudž tam nedojdeš. A z té příčiny nazváno jest jméno města toho Ségor.
Skunda deg og røm dit, for eg kann ingen ting gjera, fyrr du er komen der.» Difor kallar dei den byen Soar.
23 Slunce vzcházelo nad zemi, když Lot všel do Ségor.
Soli hadde runne på fjell, då Lot kom til Soar.
24 A Hospodin dštil na Sodomu a na Gomoru sirou a ohněm od Hospodina s nebe.
Då let Herren det regna svåvel og eld, frå Herren, frå himmelen, nedyver Sodoma og Gomorra,
25 A podvrátil ta města i všecku tu rovinu, všecky také obyvatele těch měst, i všecko, což roste z země.
og søkkte i kav båe dei byarne og heile kverven, med alle som i byarne budde, og alt som på vollarne voks.
26 I ohlédla se žena jeho, jduc za ním, a obrácena jest v sloup solný.
Og kona hans Lot såg attum seg. Då vart ho til ein saltstein.
27 Vstav pak Abraham ráno, pospíšil k místu tomu, kdež byl stál před Hospodinem.
Um morgonen tidleg gjekk Abraham til den staden han var, då han stod framfor Herren,
28 A pohleděv k Sodomě a Gomoře, i na všecku zemi té roviny, uzřel, a aj, vystupoval dým z země té, jako dým z vápenice.
og han skoda utyver Sodoma og Gomorra og utyver alt landet i kverven, og då såg han - såg røyken valt upp av jordi, som røyken av ein masomn.
29 Stalo se tedy, když kazil Bůh města té roviny, že se rozpomenul Bůh na Abrahama, a vytrhl Lota z prostředku podvrácení, když podvracel města, v nichž bydlil Lot.
So gjekk det til, at då Gud øydelagde byarne på Jordan-kverven, då kom Gud i hug Abraham, og leidde Lot midt utor øydeleggjingi, den gongen han søkkte ned dei byarne som Lot hadde butt i.
30 Potom vyšel Lot z Ségor, a bydlil na hoře té, a obě dvě dcery jeho s ním; nebo nesměl bydliti v Ségor. I bydlil v jeskyni s oběma dcerami svými.
Og Lot for frå Soar upp i fjellet, og gav seg til der, og båe døtterne hans med honom; for han torde ikkje bu i Soar. Og han budde i ein heller, både han og døtterne hans.
31 I řekla prvorozená k mladší: Otec náš jest již starý, a není žádného muže na zemi, ješto by všel k nám podlé obyčeje vší země.
Då sagde den eldste dotteri til den yngste: «Far vår er gamall, og det finst ikkje menner i landet, so dei kunde ganga til oss, som visi er i all verdi.
32 Poď, dejme píti otci našemu vína, a spěme s ním, abychom zachovaly z otce našeho símě.
Kom, lat oss gjeva far vår vin å drikka og leggja oss hjå honom, so me held uppe ætti åt far vår!»
33 I daly píti otci svému vína té noci; a všedši prvorozená, spala s otcem svým, kterýžto necítil, ani když lehla, ani když vstala.
So skjenkte dei far sin vin same kvelden, og den eldste gjekk inn og lagde seg hjå far sin. Og han hådde ikkje då ho lagde seg, og heller ikkje då ho reis upp att.
34 Nazejtří pak řekla prvorozená k mladší: Aj, spala jsem včerejší noci s otcem svým; dejme mu píti vína ještě této noci; potom vejduc, spi s ním, a zachovejme símě z otce našeho.
Og dagen etter sagde den eldste dotteri med den yngste: «Høyr her! I natt låg eg med far min. Lat oss gjeva honom vin å drikka i kveld og, og gakk du inn og legg deg hjå honom, so held me uppe ætti åt far vår!»
35 I daly píti ještě té noci otci svému vína; a vstala ta mladší, a spala s ním; on pak necítil, ani když ona lehla, ani když vstala.
So skjenkte dei far sin vin den kvelden og. Og den yngste kom og lagde seg hjå honom. Og han hådde ikkje at ho lagde seg, og heller ikkje at ho reis upp att.
36 A tak počaly obě dcery Lotovy z otce svého.
Og båe døtterne hans Lot vart umhender med far sin.
37 I porodila prvorozená syna, a nazvala jméno jeho Moáb; onť jest otec Moábských až do dnešního dne.
Og den eldste fekk ein son, og kalla honom Moab. Frå honom er Moab-folket ætta, alt til den dag i dag.
38 I mladší také porodila syna, a nazvala jméno jeho Ben Ammon; onť jest otcem Ammonitských až do dnešního dne.
Og den yngste fekk og ein son, og kalla honom Ben-Ammi. Frå honom er Ammons-sønerne ætta, alt til den dag i dag.

< 1 Mojžišova 19 >