< 2 Mojžišova 9 >
1 Tedy řekl Hospodin Mojžíšovi: Vejdi k Faraonovi, a mluv k němu: Takto praví Hospodin, Bůh Hebrejský: Propusť lid můj, ať mi slouží.
Og Herren sagde til Moses: «Gakk fram for Farao og seg med honom: «So segjer Herren, Hebræarguden: «Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!
2 Pakli nebudeš chtíti propustiti, než předce držeti je budeš:
For meinkar du deim å fara, og held du deim att endå lenger,
3 Aj, ruka Hospodinova bude na dobytku tvém, kterýž jest na poli, na koních, na oslích, na velbloudích, na volích a na ovcech, mor těžký velmi.
so skal Herren leggja si hand på feet ditt, som beiter på bøen, både hestar og asen og kamelar og naut og sauer, og søkja deim med ei øgjeleg drepsott.
4 A učiní Hospodin rozdíl mezi dobytky Izraelských a mezi dobytky Egyptských, aby nic neumřelo ze všeho, což jest synů Izraelských.
Men Herren skal gjera skil på israelsfeet og egyptarfeet, og det skal ikkje døy noko av det som høyrer Israel til.»»»
5 A uložil Hospodin čas jistý, řka: Zítra učiní Hospodin věc takovou na zemi.
Og Herren sette tidi og sagde: «I morgon vil Herren lata dette henda i landet.»
6 I učinil Hospodin tu věc na zejtří, a pomřel všecken dobytek Egyptským; z dobytku pak synů Izraelských ani jedno neumřelo.
Dagen etter gjorde Herren som han hadde sagt, og alt egyptarfeet døydde, men av feet åt Israels-folket døydde ikkje eit liv.
7 I poslal Farao, a aj, neumřelo z dobytků Izraelských ani jedno. Ale obtíženo jest srdce Faraonovo, a nepropustil lidu.
Og Farao sende bod, og då hadde det ikkje døytt eit einaste liv av israelsfeet. Men Farao sette hardt imot hardt, og meinka folket å fara.
8 I řekl Hospodin Mojžíšovi a Aronovi: Vezměte sobě plné hrsti své popela z peci, a ať jej sype Mojžíš k nebi před očima Faraonovýma.
Då sagde Herren til Moses og Aron: «Tak henderne fulle med omnsoska, og Moses skal kasta henne upp i veret, so Farao ser på det.
9 I obrátí se v prach po vší zemi Egyptské, a budou z něho na lidech i na hovadech vředové prýštící se neštovicemi po vší zemi Egyptské.
Då skal ho verta til dumba og fjuka utyver heile Egyptarland, og av dumba skal det koma ei sott som bryt ut med kaunar på folk og fe i alt Egyptarlandet.»
10 Nabravše tedy popela z peci, stáli před Faraonem, a sypal jej Mojžíš k nebi. I byli vředové plní neštovic, prýštící se na lidech i na hovadech.
So tok dei oska or masomnen, og steig fram for Farao, og Moses kasta henne upp i veret; då kom det ei kaunsott som braut ut på folk og på fe.
11 Aniž mohli čarodějníci státi před Mojžíšem pro vředy; nebo byli vředové na čarodějnících i na všech Egyptských.
Og runemeistrarne orka ikkje å standa framfor Moses for verken skuld; for kaunarne hadde sett seg på runemeistrarne som på alle egyptarane.
12 I zsilil Hospodin srdce Faraonovo, a neposlechl jich, tak jakž byl mluvil Hospodin k Mojžíšovi.
Men Herren gjorde Farao strid i hugen; og det gjekk som han hadde sagt med Moses: Farao høyrde ikkje på deim.
13 Tedy řekl Hospodin Mojžíšovi: Vstana ráno, postav se před Faraonem, a rci k němu: Takto praví Hospodin, Bůh Hebrejský: Propusť lid můj, ať mi slouží.
Då sagde Herren til Moses: «Ris tidleg upp i morgon, og stig beint fram for Farao, og seg med honom: «So segjer Herren, Hebræarguden: «Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!
14 Nebo já teď již pošli všecky rány své na srdce tvé, i na služebníky tvé a na lid tvůj, abys věděl, žeť není podobného mně na vší zemi.
For denne gongen vil eg senda alle mine plågor yver deg sjølv og mennerne dine og folket ditt, so du skal sanna at ingen er som eg på heile jordi.
15 Nebo nyní, když jsem vztáhl ruku svou, byl bych tebe také ranil i lid tvůj morem tím; a tak bys byl vyhlazen z země.
No hadde eg alt lyft handi mi, og vilde slege deg og folket ditt med drepsott, og då hadde du vorte utrudd av verdi.
16 Ale však proto jsem tě zachoval, abych ukázal na tobě moc svou, a aby vypravovali jméno mé na vší zemi.
Men eg sparde deg, av di eg vilde syna deg magti mi og gjera namnet mitt kunnigt yver all jordi.
17 Ještě ty pozdvihuješ se proti lidu mému, nechtěje ho propustiti?
Endå legg du deg i vegen for folket mitt, og vil ikkje lata deim fara.
18 Aj, já dštíti budu zítra v tentýž čas krupobitím těžkým náramně, jakéhož nebylo v Egyptě od toho dne, jakž založen jest, až do tohoto času.
Sjå, difor vil eg i morgon dette bil senda eit øgjeleg haglver, som det aldri hev vore maken til i Egyptarlandet, frå den dag det vart grunna og til no.»»
19 Protož nyní pošli, shromažď dobytek svůj a cokoli máš na poli. Na všecky lidi i hovada, kteráž by nalezena byla na poli, a nebyla by shromážděna do domu, spadne krupobití, a pomrou.
Send no bod, og berga buskapen din og alt de du hev på marki! Alt som er ute og ikkje kjem seg i hus, anten det er folk eller fe, skal haglet koma yver, og dei skal døy.»
20 Kdo tedy z služebníků Faraonových ulekl se slova Hospodinova, svolal hbitě služebníky své i dobytek svůj do domu.
Dei av kongsmennerne som hadde age for ordi åt Herren, dei berga då tenarane og buskapen sin i hus.
21 Ale kdož nepřiložil srdce svého k slovu Hospodinovu, nechal služebníků svých a dobytka svého na poli.
Men dei som ikkje agta på Herrens ord, let både tenarane og buskapen vera ute.
22 I řekl Hospodin Mojžíšovi: Vztáhni ruku svou k nebi, ať jest krupobití po vší zemi Egyptské, na lidi i na hovada i na všelikou bylinu polní v zemi Egyptské.
Då sagde Herren til Moses: «Rett handi di upp imot himmelen, so skal haglet koma sturtande yver heile Egyptarland, på folk og på fe og på kvart strå som på marki veks i Egyptarlandet.»
23 Tedy vztáhl Mojžíš hůl svou k nebi, a Hospodin vydal hřímání a krupobití. I sstoupil oheň na zem, a dštil Hospodin krupobitím na zemi Egyptskou.
So rette Moses staven sin upp imot himmelen. Då sende Herren torever og hagl, og eldingarne for ned til jordi, medan Herren let det hagla yver Egyptarlandet.
24 I bylo krupobití a oheň smíšený s krupobitím těžký velmi, jakéhož nebylo nikdy ve vší zemi Egyptské, jakž v ní bydliti lidé začali.
Haglet kom drusande, og midt i haglflodi gjekk det ljon i ljon. Aldri hadde det vore slikt uver i Egyptarlandet, frå den tid det vart bygt.
25 I ztloukly kroupy po vší zemi Egyptské, cožkoli bylo na poli od člověka až do hovada; všecku také bylinu polní potloukly kroupy, i všecko stromoví na poli zpřerážely.
Og haglet slo ned alt som ute var i heile Egyptarland, både folk og fe, og all grøda på marki slo haglet ned, og kvart tre braut det sund.
26 Toliko v zemi Gesen, v níž byli synové Izraelští, nebylo krupobití.
Men i Gosenlandet, der Israels-folket budde, der gjekk ikkje haglflodi.
27 Poslav tedy Farao, povolal Mojžíše a Arona a řekl jim: Zhřešil jsem i nyní. Hospodinť jest spravedlivý, ale já a lid můj bezbožní jsme.
Då sende Farao bod etter Moses og Aron, og sagde med deim: «Denne gongen hev eg synda. Herren er den som hev rett, og eg og folket mitt me hev urett.
28 Modlte se Hospodinu, (nebo dosti jest), ať není hřímání Božího a krupobití. Tedy propustím vás, aniž déle zůstávati budete.
Bed til Herren at det må hava ein ende med toreslåtten og haglet, so skal eg lata dykk fara, og de tarv ikkje bia lenger.»
29 I řekl jemu Mojžíš: Když vyjdu ven z města, rozprostru ruce své k Hospodinu, a hřímání přestane, i krupobití více nebude, abys poznal, že Hospodinova jest země.
«Med same eg kjem ut or byen, skal eg lyfta henderne og beda til Herren, » svara Moses. «Då skal tora halda upp, og haglet driva av, so du skal sanna at jordi høyrer Herren til.
30 Ale vím, že ani ty, ani služebníci tvoji ještě se nebudete báti tváři Hospodina Boha.
Men det veit eg vel at du og mennerne dine endå ikkje hev age for Herren Gud.»
31 I potlučen jest len a ječmen; nebo ječmen se byl vymetal, len také byl v hlávkách.
Både lin og bygg var nedslege; for bygget stod med aks, og linet med blom.
32 Ale pšenice a špalda nebyla ztlučena, nebo pozdní byla.
Men kveiten og rugen var ikkje nedslege; for dei årar seinare.
33 Tedy Mojžíš vyšed od Faraona z města, rozprostřel ruce své k Hospodinu. I přestalo hřímání a krupobití, a ani déšť nelil se na zemi.
Og Moses gjekk burt frå Farao og ut or byen, og lyfte henderne til Herren. Då heldt tora og haglveret upp, og regnet hylja ikkje meir ned på jordi.
34 Uzřev pak Farao, že přestal déšť a krupobití a hřímání, opět hřešil; a více obtížil srdce své, on i služebníci jeho.
Men då Farao såg at regnet og haglet og tora hadde stogga, so heldt han på og synda, og herde seg til, både han og mennerne hans.
35 I zsililo se srdce Faraonovo, a nepropustil synů Izraelských, tak jakž byl mluvil Hospodin skrze Mojžíše.
Det gjekk som Herren hadde havt Moses til å segja: Farao var hard som stein, og vilde ikkje lata Israels-folket fara.