< Psalmi 69 >
1 Zborovođi. Po napjevu “Ljiljani”. Davidov. Spasi me, Bože: vode mi dođoše do grla!
Til songmeisteren, etter «Liljor»; av David. Frels meg, Gud! for vatni trengjer seg inn på livet.
2 U duboko blato zapadoh i nemam kamo nogu staviti; u duboku tonem vodu, pokrivaju me valovi.
Eg er sokken ned i det djupe dike der det inkje fotfeste er, eg er komen ut i ovdjupe vatn, og flodi fløymer yver meg.
3 Iznemogoh od vikanja, grlo mi je promuklo, oči mi klonuše Boga mog čekajuć'.
Eg er trøytt av mi roping, det brenn i min strupe, mine augo er upptærde, med di eg ventar på min Gud.
4 Brojniji su od vlasi na glavi mojoj oni koji me mrze nizašto. Tvrđi su od kostiju mojih oni što mi se nepravedno protive: zar mogu vratiti što nisam oteo?
Fleire enn håri på mitt hovud er dei som hatar meg utan orsak, mange er dei som vil meg tyna meg, som utan grunn er mine fiendar; det eg ikkje hev rana, skal eg no gjeva attende.
5 Bože, ti znadeš bezumnost moju, moji ti grijesi nisu sakriti.
Gud, du kjenner min dårskap, og all mi syndeskuld er ikkje løynd for deg.
6 Nek' se ne postide zbog mene koji se u te uzdaju, Gospode, Jahve nad Vojskama! Neka se ne posrame zbog mene koji traže tebe, Bože Izraelov!
Lat deim ved meg ikkje verta til skammar, dei som ventar på deg, Herre, Herre, allhers drott! Lat deim ikkje ved meg verta skjemde, dei som søkjer deg, Israels Gud!
7 Jer zbog tebe podnesoh pogrdu, i stid mi pokri lice.
For di skuld ber eg hæding, skjemsla ligg yver mitt andlit.
8 Tuđinac postadoh braći i stranac djeci majke svoje.
Eg hev vorte framand hjå brørne mine, og ein utlending hjå borni til mor mi.
9 Jer me izjela revnost za Dom tvoj i poruge onih koji se rugaju tebi padoše na me.
For brennhug for ditt hus hev ete meg upp, og deira spottord som spottar deg, hev falle på meg.
10 Dušu sam postom mučio, okrenulo mi se u ruglo.
Då mi sjæl græt medan eg fasta, vart eg spotta for det.
11 Uzeh kostrijet za haljinu, i postah im igračka.
Då eg laga ein sekk til klædde for meg, vart eg eit ordtøke for deim.
12 Koji sjede na vratima protiv mene govore, vinopije mi rugalice poju.
Dei som sit i porten, røder um meg, og drikkarane syng um meg.
13 No tebi se molim, Jahve, u vrijeme milosti, Bože; po velikoj dobroti svojoj ti me usliši po svojoj vjernoj pomoći!
Men eg kjem med mi bøn til deg, Herre, i nådetidi, Gud, for di store miskunn; svara meg med di trufaste hjelp!
14 Izvuci me iz blata da ne potonem, od onih koji me mrze izbavi me - iz voda dubokih.
Fria meg ut or søyla, og lat meg ikkje søkka! Lat meg verta utfria frå deim som hatar meg og frå dei djupe vatni!
15 Nek' me ne pokriju valovi, nek' me ne proguta dubina, nek' bezdan ne zatvori usta nada mnom!
Lat ikkje vatsflodi fløyma yver meg, og ikkje djupet svelgja meg, og heller ikkje brunnen lata att sitt gap yver meg!
16 Usliši me, Jahve, jer je dobrostiva milost tvoja, po velikom milosrđu pogledaj na me!
Svara meg, Herre, for din nåde er god, etter di store miskunn vend deg til meg!
17 Ne sakrivaj lica pred slugom svojim; jer sam u stisci, usliši me brzo!
Og løyn ikkje di åsyn for tenaren din, for eg er i naud; svara meg snart!
18 Približi se duši mojoj i spasi je; zbog dušmana mojih oslobodi me!
Kom nær til mi sjæl, løys henne ut! Frels meg for mine fiendar skuld!
19 Ti mi znadeš porugu, stid i sramotu, pred tvojim su očima svi koji me muče.
Du kjenner mi spott og skam og vanæra, for di åsyn stend alle dei som trengjer meg.
20 Ruganje mi slomilo srce i klonuh; čekao sam da se tko sažali nada mnom, ali ga ne bi; i da me tko utješi, ali ga ne nađoh.
Spottord hev brote mitt hjarta sund, so eg er sjuk; eg venta på medynk, men der var ingi, og på trøystarar, men eg fann ingen.
21 U jelo mi žuči umiješaše, u mojoj me žeđi octom napojiše.
Og dei gav meg gall å eta, og då eg var tyrst, gav dei meg eddik å drikka.
22 Nek' im stol bude zamka, a žrtvene gozbe stupica!
Lat bordet deira framfyre deim verta ei snara, og ei gildra for deim når dei er trygge!
23 Nek' im potamne oči da ne vide, nek' im bokovi zasvagda oslabe!
Lat augo deira dimmast so dei ikkje ser, og lat deira lender alltid skjelva!
24 Izlij na njih ljutinu, žar tvoga gnjeva nek' ih zahvati!
Renn ut yver deim din vreide, og lat din brennande harm nå deim!
25 Njihova kuća nek' opusti, u njihovu šatoru nek' nitko ne stanuje!
Lat deira bustad verta øydd, lat det ingen vera som bur i deira tjeld!
26 Jer su progonili koga ti pokara, bol povećaše onomu koga ti rani.
For dei forfylgjer den som du hev slege, og dei fortel um pinsla åt deim som du hev gjenomstunge.
27 Na njihovu krivnju krivnju još dodaj, ne opravdali se pred tobom!
Lat deim leggja syndeskuld til si syndeskuld, og lat deim ikkje koma til di rettferd!
28 Nek' budu izbrisani iz knjige živih, među pravednike neka se ne broje!
Lat deim verta utstrokne or livsens bok, og ikkje verta innskrivne med dei rettferdige!
29 A ja sam jadnik i bolnik - nek' me štiti tvoja pomoć, o Bože!
Men eg er ein arming full av verk, Gud, lat di frelsa berga meg!
30 Božje ću ime hvaliti popijevkom, hvalit ću ga zahvalnicom.
Eg vil lova Guds namn med song og høglova honom med takksegjing,
31 Bit će to milije Jahvi no bik žrtveni, milije nego junac s papcima i rozima.
og det skal tekkjast Herren betre enn ein ung ukse med horn og klauver.
32 Gledajte, ubogi, i radujte se, nek' vam oživi srce, svima koji Boga tražite.
Når spaklyndte ser det, vil dei gleda seg; de som søkjer Gud - må dykkar hjarta liva!
33 Jer siromahe Jahve čuje, on ne prezire sužanja svojih.
For Herren høyrer på dei fatige, og sine fangar vanvyrder han ikkje.
34 Neka ga hvale nebesa i zemlja, mora i sve što se u njima miče.
Himmel og jord skal lova honom, havet og alt som krek i det.
35 Jer Bog će spasiti Sion - on će sagradit' gradove Judine - tu će oni stanovat', imati baštinu.
For Gud skal frelsa Sion og byggja byarne i Juda, og dei skal bu der og eiga deim.
36 Baštinit će ga potomci slugu njegovih; prebivat će u njemu oni što ljube ime Božje.
Og avkjømet til hans tenarar skal erva deim, og dei som elskar hans namn, skal bu der.