< Izaija 44 >

1 Sad čuj, Jakove, slugo moj, Izraele, kog sam izabrao.
Men høyr no, Jakob, tenaren min, du Israel som eg hev valt ut!
2 Ovako kaže Jahve, koji te stvorio, koji te od utrobe sazdao i pomaže ti: “Ne boj se, Jakove, slugo moja, Ješurune, kog sam izabrao.
So segjer Herren som skapte deg, som laga deg frå morsliv og hjelper deg: Ver ikkje rædd, du min tenar Jakob, Jesurun som eg hev valt ut.
3 Jer na žednu ću zemlju vodu izliti i po tlu sušnome potoke. Izlit ću duh svoj na tvoje potomstvo i blagoslov na tvoja pokoljenja.
For eg vil renna vatn yver det tyrste, og straumar yver det turre. Eg vil renna min ande ut yver di ætt, og yver ditt avkjøme mi velsigning.
4 Rast će kao trava pokraj izvora, kao vrbe uz vode tekućice.
Dei skal veksa upp millom graset som pilar ved bekkjefar.
5 Jedan će reći: 'Ja sam Jahvin', drugi će se zvati imenom Jakovljevim. Treći će sebi na ruci napisati: 'Jahvin' i nazvat će se imenom Izraelovim.”
Ein segjer: «Eg høyrer Herren til, » ein annan kallar seg med Jakob-namnet, ein skriv med si hand: «For Herren, » og brukar til ærenamn Israel.
6 Ovako govori kralj Izraelov i otkupitelj njegov, Jahve nad Vojskama: “Ja sam prvi i ja sam posljednji: osim mene Boga nema.
So segjer Herren, Israels konge, og hans utløysar Herren, allhers drott: Eg er den fyrste og eg er den siste, og utan meg finst det ingen Gud.
7 Tko je kao ja? Nek' ustane i govori, nek' navijesti i nek' mi razloži! Tko je od vječnosti otkrio što se zbilo? Nek' nam navijesti što će još doći!
Kven forkynte jamt og samt som eg - lat han melda og leggja det fram for meg! - frå den tid eg skapte fornalder-folket? Og lat deim melda det som i framtidi kjem!
8 Ne plašite se, ne bojte se: nisam li vam to odavna navijestio i otkrio? Vi ste mi svjedoci: ima li Boga osim mene? Ima li Stijene? Ja ne znam!”
Ver ikkje forstøkte og rædde! Hev eg ikkje for lenge sidan forkynt og meldt deg det? De er mine vitne; finst det nokon Gud utan meg? Nei, eg veit ikkje um noko anna berg.
9 Tko god pravi kipove, ništavan je, i dragocjenosti njegove ne koriste ničemu. Svjedoci njihovi ništa ne vide i ništa ne znaju, da im budu na sramotu.
Dei som lagar gudebilæte er alle inkjevetta, og deira kjære gudar kann ikkje hjelpa; deira vitne ser inkje og skynar inkje, difor vert dei til skammar.
10 Tko pravi boga i lijeva kip da od toga korist ne očekuje?
Um nokon lagar ein gud og støyper eit bilæte, er det til unyttes.
11 Gle, svi će štovatelji likova biti osramoćeni, izrađivači njihovi više od bilo koga. Nek' se saberu svi i pojave: prepast će se i postidjeti odjednom.
Alle som held seg til det, skal verta til skammar, og meistrarne er berre menneskje, lat deim samla seg og stiga fram alle, dei skal ræddast og verta til skammar alle i hop.
12 Kovač ga izrađuje na živu ugljevlju, čekićem ga oblikuje, snažnom ga rukom obrađuje. Gladan je i iznemogao; ne pije vode, iscrpljuje se.
Smeden kvesser ei øks og lagar henne til i koleld og formar henne med sleggjor, og han gjer henne ferdig med sin sterke arm. Vert han so svolten, minkar magti, og fær han ikkje drikka vatn, vert han veik.
13 Drvodjelja uzima mjeru, pisaljkom lik ocrta, ostruže ga dlijetom, šestarom ga zaokruži i izdjelja ga po uzoru na lik ljudski, kao lijepo ljudsko obličje, da stoji u hramu.
Snikkaren spanar snori og ritar med gravstikka, han slettar med hyvelen og dreg ringar med passaren; so lagar han dei som eit mannslike, som ein fager mann som fær bu i eit hus.
14 Bijaše sebi nasjekao cedre, uzeo čempres ili hrast koje je za se njegovao među šumskim drvećem; ili je posadio bor koji raste od kiše.
Ein gjev seg til å hogga cedrar, og han tek steineik og eik og vel seg ut eit millom skogstrei. Han plantar ei fura, og regnet fær henne til å veksa.
15 Čovjeku su dobra za vatru; uzima ih da se ogrije; pali ih da ispeče kruh. Ali od njih djelja i boga pred kojim pada ničice, pravi kip i klanja mu se.
Mannen brukar treet til å brenna, han tek av det og vermer seg, ja, han kveikjer på og bakar brød. So gjer han og ein gud som han bed til, han formar eit gudebilæte som han bøygjer kne for.
16 Polovinom od toga naloži, dakle, oganj, peče meso na žeravi, jede pečenku i siti se: grije se i govori: “Ah, grijem se i uživam uz vatru.”
Helvti av det brenner han upp i elden, ved den helvti et han kjøt, steikjer ei steik og mettar seg. Han vermer seg og, og segjer: «Hå, eg vert varm, eg merkar eld!»
17 Ali od onoga što preostane pravi sebi boga, svog kumira, pada pred njim ničice i klanja mu se i moli: “Spasi me, jer si ti moj bog.”
Resten av det gjer han til ein gud, til sin avgud som han bøygjer seg for og bed til, og han bed soleis: «Frels meg, for du er min gud!»
18 Ne znaju oni i ne razumiju: zaslijepljene su im oči pa ne vide, i srce pa ne shvaćaju.
Dei er utan vit og skyn, for attklistra er augo deira, so dei ikkje ser, og hjarto deira so dei ikkje skynar.
19 Takav ne razmišlja, nema u njega znanja ni razbora da sebi kaže: “Polovinom od ovoga naložio sam oganj, na žeravici ispekao kruh, ispržio meso koje sam pojeo, pa zar ću od ostatka načiniti gnusobu? Zar ću se komadu drveta klanjati?”
Ingen tenkjer seg um, ingen hev klokskap og skyn nok til å segja med seg: «Helvti hev eg brent upp i elden, i gløderne hev eg baka brød og steikt kjøt og ete, og so skulde eg laga resten til eit ufyselegt bilæte og bøygja kne for ein trekubbe!»
20 On voli pepeo, zavodi ga prevareno srce. Neće spasti svog života i nikad neće reći: “Nije li varka ovo u mojoj desnici?”
Den som agtar på oska, honom hev eit forvilla hjarta dåra, so han ikkje kjem til å frelsa si sjæl og segja: «Det er lygn det eg held i mi høgre hand!»
21 Sjeti se toga, Jakove, i ti, Izraele, jer si sluga moj! Ja sam te stvorio i sluga si mi, Izraele, neću te zaboraviti!
Kom dette i hug, du Jakob, du Israel, min tenar! Eg hev skapt deg, du er min tenar, Israel, eg gløymer deg ikkje.
22 Kao maglu rastjerao sam tvoje opačine i grijehe tvoje poput oblaka. Meni se obrati jer ja sam te otkupio.
Eg hev stroke burt dine brot som ei skodda, og synderne dine som ei sky; vend um til meg, for eg hev løyst deg ut.
23 Kličite, nebesa, jer je Jahve učinio! Orite se, dubine zemljine! Odjekujte radošću, planine, i vi, šume, sa svim svojim drvećem! Jer Jahve je otkupio Jakova, proslavio se u Izraelu!
Jubla, himlar! For Herren hev sett det i verk. Ropa med frygd, de dypter i jordi! Set i med jubel, de fjell! Du skog med kvart eit tre! For Herren hev løyst ut Jakob, og syner seg herleg på Israel.
24 Ovako govori Jahve, otkupitelj tvoj i tvorac tvoj od utrobe: “Ja sam Jahve koji sam sve stvorio, koji sam nebesa sam razapeo i učvrstio zemlju bez pomoći ičije.
So segjer Herren, utløysaren din, skaparen din frå moderliv: Eg er Herren som allting gjer, himmelen spana eg ut åleine, jordi breidde eg ut utan medhjelp.
25 Ja osujećujem znamenja vrača, i čarobnjake u luđake promećem; silim mudrace da ustuknu i mudrost im obraćam u bezumlje,
Eg gjer juglarteikni um inkje, og spåmenner gjer eg til fåmingar; eg let vismenner koma til kort og gjer deira vitskap til dårskap.
26 ali potvrđujem riječ sluge svojega, ispunjam naum svojih glasnika. Ja govorim Jeruzalemu: 'Naseli se!' I gradovima judejskim: 'Sagradite se!' Iz razvalina ja ih podižem.
Eg stadfester ordet åt tenaren min og fullfører rådi åt sendebodi mine. Eg segjer um Jerusalem: «Der skal bu folk!» Og um Juda-byarne: «Dei skal byggjast!» Ruinarne der vil eg reisa att.
27 Ja govorim moru: 'Presahni! Presušujem ti rijeke.'
Eg segjer til djupet: «Torna, dine straumar turkar eg ut!»
28 Ja govorim Kiru: 'Pastiru moj!' I on će sve želje moje ispuniti govoreći Jeruzalemu: 'Sagradi se!' i Hramu: 'Utemelji se!'”
Eg segjer til Kyrus: «Min hyrding!» Han skal fullføra all min vilje og til Jerusalem segja: «Vert bygd! Og templet verta grunnlagt!»

< Izaija 44 >