< 1 Kraljevima 21 >
1 Nakon tih događaja dogodilo se ovo: Nabot Jizreelac imao vinograd kraj palače Ahaba, kralja samarijskog,
Sidan hende denne tilburden: Jizre’eliten Nabot, hadde ein vinhage som låg i Jizre’el innåt slottet til Ahab, kongen i Samaria.
2 i Ahab ovako reče Nabotu: “Ustupi mi svoj vinograd da mi bude za povrtnjak jer je blizu moje kuće. Ja ću ti dati za nj bolji vinograd, ili, ako to želiš, dat ću ti novca koliko vrijedi.”
Og Ahab tala med Nabot og sagde: «Lat meg få vinhagen din, so eg kann hava honom til kålhage, for han ligg so nær innåt huset mitt. Eg skal gjeva deg ein betre vingard i staden, eller um du so tykkjer, skal eg greida verdet ut i reide pengar.»
3 Ali Nabot reče Ahabu: “Jahve me sačuvao od toga da ti ustupim baštinu svojih otaca!”
Men Nabot sagde til Ahab: «Aldri i verdi vil eg gjeva deg fedrearven min!»
4 Ahab se vrati kući mrk i ljutit zbog riječi koju mu je Nabot Jizreelac rekao: “Ne dam ti baštine svojih otaca.” Legao je na postelju i okrenuo lice i nije htio okusiti hrane.
Då gjekk Ahab heim, mismodig og harm for det svaret jisre’eliten Nabot hadde gjeve honom då han sagde: «Eg vil ikkje gjeva deg fedrearven min.» Og han lagde seg i sengi og snudde seg burt og vilde ikkje eta.
5 Dođe mu njegova žena Izebela i reče: “Zašto si zlovoljan i ne mariš za hranu?”
Då kom Jezabel, kona hans, inn til honom og sagde til honom: «Kvi er du so stur i hugen, so du ikkje vil eta?»
6 On joj odgovori: “Govorio sam Nabotu Jizreelcu i rekao mu: 'Ustupi mi svoj vinograd za novac, ili, ako ti je draže, dat ću ti drugi vinograd za taj.' Ali mi je on rekao: 'Ne dam ti svoga vinograda.'”
Han svara henne: «Eg tala med jizre’eliten Nabot og sagde til honom: «Lat meg få vinhagen din for pengar, eller um du so tykkjer, skal eg gjeva deg ein annan vinhage i staden.» Men han svara: «Eg vil ikkje gjeva deg vinhagen min.»»
7 Tada mu žena Izebela reče: “Jesi li ti onaj koji kraljuje nad Izraelom! Ustani i jedi i budi dobre volje. Ja ću ti pribaviti vinograd Nabota Jizreelca.”
Då sagde Jezabel, kona hans, til honom: «Er det du som no hev kongevelde i Israel? Statt upp, et og ver i godlag! Eg skal gjeva deg vinhagen åt jizre’eliten Nabot.»
8 I napisa ona pisma u ime Ahabovo i zapečati ih kraljevskim pečatom. Pisma je poslala starješinama i glavarima Nabotovim sugrađanima.
Og ho skreiv eit brev i namnet åt Ahab og sette innsigle under med hans seglring og sende brevet til styresmennerne og storfolket i byen hans Nabot, dei som budde saman med honom.
9 U tim je pismima napisala: “Proglasite post i postavite Nabota na čelo naroda.
Ho skreiv soleis i brevet: «Lys til ei fasta, og set so Nabot øvst millom folket,
10 Postavite prema njemu dva nitkova koji će ga optužiti: 'Proklinjao si Boga i kralja!' Tada ga izvedite i kamenujte ga da pogine.”
og set tvo uvyrdne karar midt imot honom, og lat deim vitna imot honom og segja: «Du hev banna Gud og kongen!» Før so honom ut og steina honom i hel!»
11 I učiniše ljudi Nabotova grada, starješine i glavari, kako im je Izebela zapovjedila i kako je pisalo u pismima koja im je uputila.
Mennerne i byen hans, styresmennerne og storfolket, dei som budde der i byen hans, gjorde etter det bodet som Jezabel hadde sendt deim, so som det var skrive i brevet ho hadde sendt til deim.
12 Proglasiše post i Nabota postaviše na čelo naroda.
Dei lyste til ei fasta og sette Nabot øvst millom folket;
13 Tada dođoše dva nitkova, sjedoše mu nasuprot i optužiše Nabota pred narodom: “Nabot je proklinjao Boga i kralja.” I tako izvedoše Nabota izvan grada, zasuše ga kamenjem i on pogibe.
og dei tvo uvyrdne kararne kom og sette seg midt imot honom, og uvyrdorne vitna imot Nabot for folket og sagde: «Nabot hev banna Gud og kongen.» So førde dei honom utanfor byen og kasta stein på honom til han døydde.
14 Zatim poručiše Izebeli: “Nabot je kamenovan i umro je.”
Og dei sende bod til Jezabel med dei ordi: «Nabot er steina i hel.»
15 Pošto je Izebela čula da je Nabot kamenovan i da je umro, reče Ahabu: “Ustani i zaposjedni vinograd što ti ga Nabot Jizreelac ne htjede ustupiti za novac. Nabot više nije živ, on je mrtav.”
Då Jezabel høyrde at Nabot var steina i hel, sagde Jezabel til Ahab: «Statt upp, eigna til deg vinhagen åt jizre’eliten Nabot, den som han ikkje vilde gjeva deg for pengar! For Nabot er ikkje lenger i live, han er dåen.»
16 Kada je Ahab doznao da je Nabot mrtav, ustade i siđe u vinograd Nabota Jizreelca da ga zaposjedne.
Då Ahab høyrde at Nabot var dåen, stod Ahab upp og gav seg på vegen til vinhagen åt jizre’eliten Nabot og vilde eigna honom til seg.
17 Tada bi upućena riječ Jahvina Iliji Tišbijcu:
Men Herrens ord kom til Elia frå Tisbe soleis:
18 “Ustani i siđi u Samariju, u susret Ahabu, kralju izraelskom. Eno ga u vinogradu Nabotovu u koji je sišao da ga zaposjedne.
«Statt upp, og far ned og møt Ahab, Israels-kongen, som bur i Samaria! No er han i vinhagen åt Nabot, han hev gjenge ned og vil eigna til seg.
19 Reci mu: 'Ovako veli Jahve: Umorio si, oteo si! Zato ovako veli Jahve: Na mjestu gdje su psi lizali Nabotovu krv, lizat će psi i tvoju.'”
Du skal tala med honom og segja: «So segjer Herren: Hev du no både drepe og eigna til deg arven?» Og du skal tala med honom og segja: «So segjer Herren: På same staden som hundarne hev slikka blodet åt Nabot, skal hundarne slikka blodet ditt og.»»
20 Ahab reče Iliji: “Nađe li me, neprijatelju moj?” Ilija odgovori: “Nađoh te, jer si se prodao da činiš što je zlo u očima Jahvinim.
Ahab sagde til Elia: «Hev du funne meg, du fienden min?» Han svara: «Ja, eg hev funne deg. Sidan du hev selt deg til å gjera det som vondt er i Herrens augo,
21 Evo, tek što nisam navukao na te nesreću. Pomest ću tvoje potomstvo, istrijebiti Ahabu sve što mokri uza zid, robove i slobodnjake u Izraelu.
so fører eg ulukka yver deg, og eg skal sopa etter deg og rydja ut or Ahabs-ætti kvar ein karmann, både ufri og fri i Israel.
22 Učinit ću s tvojom kućom kao s kućom Jeroboama, sina Nebatova, i s kućom Baše, sina Ahijina, jer si me rasrdio i naveo Izraela na grijeh.
Og eg skal fara med ditt hus som eg for med huset åt Jerobeam Nebatsson og huset åt Baesa Ahiason, for di du hev harma meg so mykje og forført Israel til synd.
23 I nad Izebelom reče Jahve: psi će proždrijeti Izebelu na Jizreelskom polju.
Um Jezabel og hev Herren tala og sagt: «Hundarne skal eta upp Jezabel attmed Jisre’elsmuren.
24 Tko od obitelji Ahabove umre u gradu, psi će ga izjesti, a tko umre u polju, pojest će ga ptice nebeske.”
Den av Ahabs-ætti som døyr i byen, skal hundarne eta upp, og den som døyr ute på marki, skal fuglarne eta upp.»»
25 Doista, nitko se nije prodao tako kao Ahab da čini što je zlo u očima Jahvinim, jer ga je zavodila njegova žena Izebela.
Aldri hev det vore nokon slik som Ahab, som selde seg sjølv til å gjera det som vondt var i Herrens augo, av di Jezabel, kona hans, eggja honom.
26 Činio je vrlo odvratna djela: išao je za idolima baš kao što su činili Amorejci, koje je Jahve protjerao ispred Izraelaca.
Mykje stygt gjorde han, med di han for etter dei ufyselege avgudarne, plent som amoritarne hadde gjort, dei som Herren dreiv burt for Israels-borni.
27 Kad je Ahab čuo te riječi, razdrije svoje haljine i stavi kostrijet na tijelo; i postio je, u kostrijeti je spavao i naokolo išao tiho jecajući.
Men då Ahab høyrde dei ordi, reiv han sund klædi sine og sveipte sekk um kroppen og fasta; og han sov i sekkjetyet og for stilt fram.
28 Tada dođe riječ Jahvina Iliji Tišbijcu:
Då kom Herrens ord til Elia frå Tisbe soleis:
29 “Jesi li vidio kako se Ahab preda mnom ponizio? Budući da se tako ponizio preda mnom, neću zla pustiti za njegova života; u vrijeme njegova sina pustit ću zlo na kuću njegovu.”
«Hev du set korleis Ahab audmykjer seg for meg? For di han audmykjer seg, skal eg ikkje lata ulukka koma i hans livstid; men i hans sons tid skal eg lata ulukka koma yver huset hans.»