< 耶利米哀歌 4 >
1 黃金何其失光! 純金何其變色! 聖所的石頭倒在各市口上。
Kor vert då gullet skjemt, det finaste gullet brigda, dei heilage steinarne strådde på kvart eit gatemot!
2 錫安寶貴的眾子好比精金, 現在何竟算為窯匠手所做的瓦瓶?
Sions søner, dei dyrverdige, gjæve som skire gullet, kor er dei då haldne jamgode med leirkrukkor, med eit verk av krusmakar-hender!
3 野狗尚且把奶乳哺其子, 我民的婦人倒成為殘忍, 好像曠野的鴕鳥一般。
Jamvel sjakalarne held fram juret, so ungarne fær suga - Sions dotter heldt seg hard; ho likjest på strussen i øydemarki.
4 吃奶孩子的舌頭因乾渴貼住上膛; 孩童求餅,無人擘給他們。
Sogbarns-tunga kleimer seg til gomarne av torste; småborni bed um brød, men ingen etlar deim noko.
5 素來吃美好食物的, 現今在街上變為孤寒; 素來臥朱紅褥子的, 現今躺臥糞堆。
Dei som fyrr åt forkunnmat, ormegtast no på gatorne; dei som vart borne på skarlak, lyt no liggja i møk.
6 都因我眾民的罪孽比所多瑪的罪還大; 所多瑪雖然無人加手於她, 還是轉眼之間被傾覆。
Større vart soleis syndeskuldi til mitt folks dotter større enn syndi til Sodoma, som vart søkkt i jordi ein augneblink, utan at hender hjelpte til.
7 錫安的貴冑素來比雪純淨, 比奶更白; 他們的身體比紅寶玉更紅, 像光潤的藍寶石一樣。
Hovdingarne hennar var reinare enn snø, kvitare enn mjølk, raudare i holdet enn korallar; som safir såg dei ut.
8 現在他們的面貌比煤炭更黑, 以致在街上無人認識; 他們的皮膚緊貼骨頭, 枯乾如同槁木。
Myrkare enn svart er dei vortne å sjå til, ein kann ikkje kjenna deim att på gata; dei er vortne berre skinn og bein, hudi deira skrukkast som næver på tre.
9 餓死的不如被刀殺的, 因為這是缺了田間的土產, 就身體衰弱,漸漸消滅。
Det var betre for deim som fall for sverd, enn for deim som fall for svolten, deim som talmast av og var tynte av brødløysa.
10 慈心的婦人,當我眾民被毀滅的時候, 親手煮自己的兒女作為食物。
Hjartemilde kvende koka sjølve sine eigne born; dei hadde deim til mat, då mitt folks dotter vart tynt.
11 耶和華發怒成就他所定的, 倒出他的烈怒; 在錫安使火着起, 燒毀錫安的根基。
Herren tømde ut sin harm, auste ut sin brennande vreide; i Sion kveikte han eld og snøydde til grunnen.
12 地上的君王和世上的居民都不信 敵人和仇敵能進耶路撒冷的城門。
Ingen konge på jord kunde tru, ingen i all verdi kunde tenkja at motstandar og fiend’ skulde koma inn i Jerusalems portar.
13 這都因她先知的罪惡和祭司的罪孽; 他們在城中流了義人的血。
Men det hende like vel, for hennar profetar hadde synda, hennar prestar var illgjerningsmenner, dei rende ut blod av rettferdige hjå henne.
14 他們在街上如瞎子亂走, 又被血玷污, 以致人不能摸他們的衣服。
Dei for og vildra i gatorne som blinde, sulka med blod, so ein ikkje kunde taka i klædi deira.
15 人向他們喊着說: 不潔淨的,躲開,躲開! 不要挨近我! 他們逃走飄流的時候, 列國中有人說: 他們不可仍在這裏寄居。
«Hav dykk undan! Urein!» ropa folket framfyre deim; «hav dykk undan, hav dykk undan! kom ikkje burti!» Når dei flydde og vadra ikring, vart det sagt millom folki: «Her fær dei ikkje vera lenger.»
16 耶和華發怒,將他們分散, 不再眷顧他們; 人不重看祭司,也不厚待長老。
Herrens åsyn hev spreidt deim ikring, han ser ikkje lenger til deim. Prestar vyrder dei ikkje, gamle miskunnar dei ikkje.
17 我們仰望人來幫助, 以致眼目失明,還是枉然; 我們所盼望的,竟盼望一個不能救人的國!
Endå stirer våre augo etter hjelp, men til fåfengs. Frå vårt vakttårn einstirde me etter eit folk som ikkje kann hjelpa.
18 仇敵追趕我們的腳步像打獵的, 以致我們不敢在自己的街上行走。 我們的結局臨近; 我們的日子滿足; 我們的結局來到了。
Dei lurer på våre stig, so me ikkje kann ganga på våre gator. Det er nær innpå enden med oss, våre dager er ute, ja, vår ende er komen.
19 追趕我們的比空中的鷹更快; 他們在山上追逼我們, 在曠野埋伏,等候我們。
Våre forfylgjarar var snarare enn himmelens ørnar; burtetter fjelli elte dei oss, i øydemarki lurde dei på oss.
20 耶和華的受膏者好比我們鼻中的氣, 在他們的坑中被捉住; 我們曾論到他說: 我們必在他蔭下, 在列國中存活。
Vår livsande, den Herren salva, vart fanga i deira løyngraver, han som me sagde dette um: «I hans livd skal me leva millom folki.»
21 住烏斯地的以東民哪,只管歡喜快樂; 苦杯也必傳到你那裏; 你必喝醉,以致露體。
Fagna og gled deg, du Edoms dotter, du som bur i Us-landet! Du og skal drikka same skåli, du skal verta drukki og nækja deg.
22 錫安的民哪,你罪孽的刑罰受足了, 耶和華必不使你再被擄去。 以東的民哪,他必追討你的罪孽, 顯露你的罪惡。
Di misgjerd er ende, Sions dotter. Han vil ikkje gjera deg utlæg att. Di misgjerd vil han heimsøkja, Edoms dotter, gjera synberre dine synder.