< 約書亞記 7 >

1 以色列人在當滅的物上犯了罪;因為猶大支派中,謝拉的曾孫,撒底的孫子,迦米的兒子亞干取了當滅的物;耶和華的怒氣就向以色列人發作。
Men Israels-sønerne for ikkje ærleg åt med det som var vigt til Herren. Akan, son åt Karmi, som var son åt Zabdi og soneson åt Zerah av Juda-ætti, tok noko av det vigde. Då vart Herren brennande harm på Israels-sønerne.
2 當下,約書亞從耶利哥打發人往伯特利東邊、靠近伯‧亞文的艾城去,吩咐他們說:「你們上去窺探那地。」他們就上去窺探艾城。
Frå Jeriko sende Josva nokre menner til Aj, som ligg tett innmed Bet-Aven, austanfor Betel, og sagde til deim: «Far upp og njosna i landet!» So for mennerne upp og njosna i Aj.
3 他們回到約書亞那裏,對他說:「眾民不必都上去,只要二三千人上去就能攻取艾城;不必勞累眾民都去,因為那裏的人少。」
Og då dei kom attende til Josva, sagde dei med honom: «Lat ikkje alt folket fara der upp! Send tvo, tri tusund mann, so tek dei Aj! Du treng ikkje umaka heile heren dit; for dei er ikkje mange.»
4 於是民中約有三千人上那裏去,竟在艾城人面前逃跑了。
So for um lag tri tusund mann av heren der upp; men dei rømde for Aj-mennerne,
5 艾城的人擊殺了他們三十六人,從城門前追趕他們,直到示巴琳,在下坡殺敗他們;眾民的心就消化如水。
og Aj-mennerne slo i hel um lag seks og tretti av deim, og sette so etter deim frå porten til steinbrotet, og hogg deim ned i bakkarne. Då kolna Israels-sønerne all igjenom, og vart som dei var numne.
6 約書亞便撕裂衣服;他和以色列的長老把灰撒在頭上,在耶和華的約櫃前俯伏在地,直到晚上。
Og Josva reiv sund klædi sine og låg på kne framfor Herrens kista alt til kvelds, både han og styresmennerne i Israel, og dei strådde mold på hovudi sine.
7 約書亞說:「哀哉!主耶和華啊,你為甚麼竟領這百姓過約旦河,將我們交在亞摩利人的手中,使我們滅亡呢?我們不如住在約旦河那邊倒好。
Og Josva sagde: «Herre, min Gud, kvi førde du dette folket yver Jordan, når du vilde gjeva oss i henderne på amoritarne, so dei skulde tyna oss? Gjev me heller hadde vorte buande på hi sida Jordan!
8 主啊,以色列人既在仇敵面前轉背逃跑,我還有甚麼可說的呢?
Å kjære Herre min, kva skal eg segja no, når Israel hev snutt ryggen til fienden?
9 迦南人和這地一切的居民聽見了就必圍困我們,將我們的名從地上除滅。那時你為你的大名要怎樣行呢?」
Når kananitarne og alle andre som bur her i landet, fær høyra dette, so kjem dei til å kringsetja oss og rydja namnet vårt ut or verdi, og kva vil du då gjera med ditt store namn?»
10 耶和華吩咐約書亞說:「起來!你為何這樣俯伏在地呢?
Då sagde Herren til Josva: «Statt upp! Kvi ligg du her på kne?
11 以色列人犯了罪,違背了我所吩咐他們的約,取了當滅的物;又偷竊,又行詭詐,又把那當滅的放在他們的家具裏。
Israel hev synda! Dei hev brote det bodet eg lagde på deim, og teke av det som var vigt, og stole det og dult det burt, og gøymt det millom sine eigne ting.
12 因此,以色列人在仇敵面前站立不住。他們在仇敵面前轉背逃跑,是因成了被咒詛的;你們若不把當滅的物從你們中間除掉,我就不再與你們同在了。
No kann dei ikkje Israels-sønerne standa seg mot fienden, men lyt snu ryggen til deim; for dei er sjølve vigde til ulukka. Kvittar de dykk ikkje med det som er vigt, so vil eg ikkje vera med dykk lenger.
13 你起來,叫百姓自潔,對他們說:『你們要自潔,預備明天,因為耶和華-以色列的上帝這樣說:以色列啊,你們中間有當滅的物,你們若不除掉,在仇敵面前必站立不住!』
Statt no upp! Lat folket helga seg, og seg til deim: «Helga dykk til morgons! For so segjer Herren, Israels Gud: Det er noko vigt hjå deg, Israel! Du kann ikkje standa deg mot fiendarne fyrr de kvittar dykk med det som er vigt.
14 到了早晨,你們要按着支派近前來;耶和華所取的支派,要按着宗族近前來;耶和華所取的宗族,要按着家室近前來;耶和華所取的家室,要按着人丁,一個一個地近前來。
Tidleg i morgon skal de stiga fram, ætt for ætt, og den ætti som Herren tek ut, skal stiga fram grein for grein, og den ættgreini Herren tek ut, skal stiga fram, hus for hus, og den huslyden Herren tek ut, skal stiga fram mann for mann.
15 被取的人有當滅的物在他那裏,他和他所有的必被火焚燒;因他違背了耶和華的約,又因他在以色列中行了愚妄的事。」
Og den som det vigde vert funne hjå, skal brennast med alt sitt, for di han braut Herrens bod, og gjorde eit skjemdarverk i Israel.»»
16 於是,約書亞清早起來,使以色列人按着支派近前來,取出來的是猶大支派;
Morgonen etter reis Josva tidleg upp, og let Israels-folket stiga fram, ætt for ætt; og Juda-ætti vart utteki.
17 使猶大支派近前來,就取了謝拉的宗族;使謝拉的宗族,按着家室人丁,一個一個地近前來,取出來的是撒底;
So let han ættgreinene i Juda stiga fram, og zerahit-greini vart utteki. So let han zerahit-greini stiga fram, mann for mann, og Zabdi vart utteken.
18 使撒底的家室,按着人丁,一個一個地近前來,就取出猶大支派的人謝拉的曾孫,撒底的孫子,迦米的兒子亞干。
So let han huslyden hans stiga fram mann for mann, og Akan, son åt Karmi, som var son åt Zabdi og soneson åt Zerah av Juda-ætti, vart utteken.
19 約書亞對亞干說:「我兒,我勸你將榮耀歸給耶和華-以色列的上帝,在他面前認罪,將你所做的事告訴我,不要向我隱瞞。」
Då sagde Josva til Akan: «Min son, gjev Herren, Israels Gud, æra og pris, og seg meg kva du hev gjort! dyl ingen ting for meg!»
20 亞干回答約書亞說:「我實在得罪了耶和華-以色列的上帝。我所做的事如此如此:
«Å ja, ja, eg hev synda mot Herren, Israels Gud, » svara Akan; «no skal eg segja kva eg hev gjort:
21 我在所奪的財物中看見一件美好的示拿衣服,二百舍客勒銀子,一條金子重五十舍客勒,我就貪愛這些物件,便拿去了。現今藏在我帳棚內的地裏,銀子在衣服底下。」
Eg såg millom herfanget ei ven babylonsk kåpa og tvo hundrad sekel sylv og ei gullstong på femti lodd; dette fekk eg hug på og tok det; det ligg nedgrave under tjeldbudi mi; sylvet ligg underst.»
22 約書亞就打發人跑到亞干的帳棚裏。那件衣服果然藏在他帳棚內,銀子在底下。
So sende Josva nokre menner av stad; dei sprang burt til tjeldbudi hans, og der fann dei det; det låg nedgrave i tjeldbudi, og sylvet låg underst.
23 他們就從帳棚裏取出來,拿到約書亞和以色列眾人那裏,放在耶和華面前。
Dei tok det ut or tjeldbudi og bar det med seg til Josva og Israels-lyden og lagde det ned framfor Herrens åsyn.
24 約書亞和以色列眾人把謝拉的曾孫亞干和那銀子、那件衣服、那條金子,並亞干的兒女、牛、驢、羊、帳棚,以及他所有的,都帶到亞割谷去。
Og Josva og heile Israel tok Akan, zerahiten, og sylvet og kåpa og gullstongi, og sønerne og døtterne hans, og ukserne og asni og småfeet og tjeldbudi hans og alt det han åtte, og førde det upp i Akordalen.
25 約書亞說:「你為甚麼連累我們呢?今日耶和華必叫你受連累。」於是以色列眾人用石頭打死他,將石頭扔在其上,又用火焚燒他所有的。
Og Josva sagde til honom: «Kvi førde du slik ulukka yver oss? I dag skal Herren føra ulukka yver deg!» So tok heile Israel og steina honom i hel og brende og steina alt som høyrde honom til.
26 眾人在亞干身上堆成一大堆石頭,直存到今日。於是耶和華轉意,不發他的烈怒。因此那地方名叫亞割谷,直到今日。
Sidan kasta dei i hop ei stor steinrøys yver honom; den hev lege der alt til denne dag. Då døyvde Herren den brennande harmen sin. Men sidan vart den staden kalla Akordalen, og det namnet hev han den dag i dag.

< 約書亞記 7 >