< 約書亞記 24 >
1 約書亞將以色列的眾支派聚集在示劍,召了以色列的長老、族長、審判官,並官長來,他們就站在上帝面前。
So samla Josva alle Israels-ætterne i Sikem, og kalla til seg styresmennerne i Israel og hovdingarne og domarane og formennerne deira, og dei steig fram for Guds åsyn.
2 約書亞對眾民說:「耶和華-以色列的上帝如此說:『古時你們的列祖,就是亞伯拉罕和拿鶴的父親他拉,住在大河那邊事奉別神,
Då tala Josva soleis til heile lyden: «So segjer Herren, Israels Gud: «På hi sida Storelvi budde i gamle dagar federne dykkar, millom deim Tarah, far åt Abraham og Nahor, og dei tente framande gudar.
3 我將你們的祖宗亞伯拉罕從大河那邊帶來,領他走遍迦南全地,又使他的子孫眾多,把以撒賜給他;
Og eg henta Abraham, ættefaren dykkar, frå hi sida åt elvi og førde honom ikring i heile Kana’ans-landet; og eg auka ætti hans, og gav honom Isak.
4 又把雅各和以掃賜給以撒,將西珥山賜給以掃為業;後來雅各和他的子孫下到埃及去了。
Og Isak gav eg Jakob og Esau: Esau let eg få Se’irfjellet til eigedom, men Jakob og sønerne hans for ned til Egyptarland.
5 我差遣摩西、亞倫,並照我在埃及中所行的降災與埃及,然後把你們領出來。
Sidan sende eg Moses og Aron, og heimsøkte egyptarane med dei plågorne de veit, og so førde eg dykk ut.
6 我領你們列祖出埃及,他們就到了紅海;埃及人帶領車輛馬兵追趕你們列祖到紅海。
Då eg no førde federne dykkar ut or Egyptarland, kom de til sjøen; men egyptarane sette etter deim til Sevhavet med vogner og hestfolk.
7 你們列祖哀求耶和華,他就使你們和埃及人中間黑暗了,又使海水淹沒埃及人。我在埃及所行的事,你們親眼見過。你們在曠野也住了許多年日。
Då ropa dei til Herren, og han sende eit tett myrker millom dykk og egyptarane, og let havet slå i hop yver deim og grava deim ned. Med eigne augo såg de kva eg gjorde i Egyptarland. Sidan var de lenge i øydemarki.
8 我領你們到約旦河東亞摩利人所住之地。他們與你們爭戰,我將他們交在你們手中,你們便得了他們的地為業;我也在你們面前將他們滅絕。
So førde eg dykk inn til landet åt amoritarne, som budde austanfor Jordan, og dei stridde mot dykk, men eg gav deim i dykkar hender; de eigna til dykk landet deira, og eg rudde deim ut for dykk.
9 那時,摩押王西撥的兒子巴勒起來攻擊以色列人,打發人召了比珥的兒子巴蘭來咒詛你們。
Balak Sipporsson, kongen i Moab, budde seg til strid og tok på Israel; han sende bod på Bileam Beorsson, og bad honom lysa våbøn yver dykk;
10 我不肯聽巴蘭的話,所以他倒為你們連連祝福。這樣,我便救你們脫離巴勒的手。
men eg vilde ikkje lyda etter Bileam, og han laut velsigna dykk; soleis berga eg dykk ifrå honom.
11 你們過了約旦河,到了耶利哥;耶利哥人、亞摩利人、比利洗人、迦南人、赫人、革迦撒人、希未人、耶布斯人都與你們爭戰;我把他們交在你們手裏。
So for de yver Jordan, og kom til Jeriko, og Jeriko-buarne stridde mot dykk, og det same gjorde amoritarne og perizitarne og kananitarne og hetitarne og girgasitarne, hevitarne og jebusitarne; men eg gav deim i dykkar hender.
12 我打發黃蜂飛在你們前面,將亞摩利人的二王從你們面前攆出,並不是用你的刀,也不是用你的弓。
Ein kvefsesvarm sende eg fyre dykk, og dei støkte deim burt for dykk, liksom båe amoritarkongarne; det var ikkje med sverdet ditt eller bogen du dreiv deim ut.
13 我賜給你們地土,非你們所修治的;我賜給你們城邑,非你們所建造的。你們就住在其中,又得吃非你們所栽種的葡萄園、橄欖園的果子。』
Eg gav dykk eit land som du ikkje hev havt noko stræv med, og byar som ikkje de hev bygt, og der sette de dykk ned; de et av vinhagar som de ikkje sjølve hev stelt til, og av oljetre som de ikkje hev sett.»
14 「現在你們要敬畏耶和華,誠心實意地事奉他,將你們列祖在大河那邊和在埃及所事奉的神除掉,去事奉耶和華。
So ber då age for Herren og ten honom ærleg og trufast! Skil dykk av med dei gudarne som federne dykkar dyrka på hi sida Storelvi og i Egyptarland, og ten Herren!
15 若是你們以事奉耶和華為不好,今日就可以選擇所要事奉的:是你們列祖在大河那邊所事奉的神呢?是你們所住這地的亞摩利人的神呢?至於我和我家,我們必定事奉耶和華。」
Men hev de ikkje hug til å tena Herren, so vel i dag kven de vil tena, anten dei gudarne som federne dykkar austanfor Storelvi tente, eller gudarne åt amoritarne, som åtte det landet de bur i! Men eg og mitt hus me vil tena Herren.»
16 百姓回答說:「我們斷不敢離棄耶和華去事奉別神;
Då svara folket so: «Å, nei, aldri kunde me koma på slikt som å falla frå Herren og tena andre gudar!
17 因耶和華-我們的上帝曾將我們和我們列祖從埃及地的為奴之家領出來,在我們眼前行了那些大神蹟,在我們所行的道上,所經過的諸國,都保護了我們。
For Herren er vår Gud! Han var det som førde oss og federne våre ut or Egyptarlandet, or slavehuset, og som gjorde desse store teikni for augo våre, og vara oss på heile den vegen me for og millom alle dei folkeslagi me laut framum.
18 耶和華又把住此地的亞摩利人都從我們面前趕出去。所以,我們必事奉耶和華,因為他是我們的上帝。」
Herren var det som dreiv burt for oss amoritarne som budde her i landet, og alle dei andre folki. Me og vil tena Herren; for han er vår Gud.»
19 約書亞對百姓說:「你們不能事奉耶和華;因為他是聖潔的上帝,是忌邪的上帝,必不赦免你們的過犯罪惡。
«De er ikkje god til å tena Herren, » sagde Josva, «for han er ein heilag Gud; ein streng Gud er han; han vil ikkje hava tol med broti og synderne dykkar.
20 你們若離棄耶和華去事奉外邦神,耶和華在降福之後,必轉而降禍與你們,把你們滅絕。」
Fell de frå Herren og tener framande gudar, då kjem han til å taka ei onnor leid, og lata det ganga dykk ille og gjera ende på dykk, kor mykje godt han fyrr hev gjort dykk.»
21 百姓回答約書亞說:「不然,我們定要事奉耶和華。」
«Jau, me vil tena Herren, » svara folket.
22 約書亞對百姓說:「你們選定耶和華,要事奉他,你們自己作見證吧!」他們說:「我們願意作見證。」
Då sagde Josva til folket: «So vitnar de då mot dykk sjølve at de hev valt Herren og vil tena honom.» «Ja, det vitnar me, » svara dei.
23 約書亞說:「你們現在要除掉你們中間的外邦神,專心歸向耶和華-以色列的上帝。」
«Hav då burt dei framande gudarne som er hjå dykk, » sagde Josva, «og bøyg hjarta dykkar innåt Herren, Israels Gud!»
24 百姓回答約書亞說:「我們必事奉耶和華-我們的上帝,聽從他的話。」
Og folket svara: «Ja, Herren, vår Gud, vil me tena, og hans ord vil me lyda.»
25 當日,約書亞就與百姓立約,在示劍為他們立定律例典章。
Den dagen gjorde Josva ei pakt med folket. Der i Sikem sette han deim lov og rett,
26 約書亞將這些話都寫在上帝的律法書上,又將一塊大石頭立在橡樹下耶和華的聖所旁邊。
og skreiv alt upp i Guds lovbok. So tok han ein stor stein og reiste upp under ei eik som stend frammed heilagdomen åt Herren,
27 約書亞對百姓說:「看哪,這石頭可以向我們作見證;因為是聽見了耶和華所吩咐我們的一切話,倘或你們背棄你們的上帝,這石頭就可以向你們作見證。」
og tala soleis til heile folket: «Denne steinen skal vera vitne imot oss, han hev høyrt kvart ord som Herren hev tala med oss, og han skal vera vitne mot dykk, so de ikkje gløymer Herren, dykkar Gud.»
So bad Josva farvel med folket, og dei for heim att, kvar til sin eigedom.
29 這些事以後,耶和華的僕人嫩的兒子約書亞,正一百一十歲,就死了。
Ei tid etter dette hadde hendt, andast Josva Nunsson, Herrens tenar; han var då hundrad og ti år gamall.
30 以色列人將他葬在他地業的境內,就是在以法蓮山地的亭拿‧西拉,在迦實山的北邊。
Han vart gravlagd på sin eigen gard og grunn, i Timnat-Serah på Efraimsheidi, nordanfor Ga’asfjell.
31 約書亞在世和約書亞死後,那些知道耶和華為以色列人所行諸事的長老還在的時候,以色列人事奉耶和華。
Israel tente Herren so lenge Josva var til, og so lenge dei gamle var til som livde etter Josva og kjende til alt det som Herren hadde gjort for Israel.
32 以色列人從埃及所帶來約瑟的骸骨,葬埋在示劍,就是在雅各從前用一百塊銀子向示劍的父親、哈抹的子孫所買的那塊地裏;這就作了約瑟子孫的產業。
Beini åt Josef, som Israels-sønerne hadde ført med seg frå Egyptarland, gravla dei attmed Sikem, på den marki som Jakob hadde kjøpt av sønerne åt Hemor, far hans Sikem, for hundrad gullpenger, og som Josefs-borni hadde fenge til odel og eiga.
33 亞倫的兒子以利亞撒也死了,就把他葬在他兒子非尼哈所得以法蓮山地的小山上。
Sidan døydde Eleazar, son åt Aron, og vart gravlagd i Gibea på Efraimsheidi, ein by som hadde vorte gjeven åt Pinehas, son hans.