< 耶利米書 27 >
1 猶大王約西亞的兒子約雅敬登基的時候,有這話從耶和華臨到耶利米說:
I den fyrste tidi som Sidkia Josiason, Juda-kongen, styrde, kom dette ordet til Jeremia frå Herren; han sagde:
2 「耶和華對我如此說:你做繩索與軛,加在自己的頸項上,
So sagde Herren med meg: Gjer deg band og ok, og hav det um halsen din!
3 藉那些來到耶路撒冷見猶大王西底家的使臣之手,把繩索與軛送到以東王、摩押王、亞捫王、泰爾王、西頓王那裏,
Send dei so til kongen i Edom og til kongen i Moab og til kongen yver Ammons-sønerne og til kongen i Tyrus og til kongen i Sidon med dei sendemennerne som kjem til Jerusalem til Sidkia, Juda-kongen.
4 且囑咐使臣,傳與他們的主人說,萬軍之耶和華-以色列的上帝如此說:
Og bed deim segja med herrarne sine: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: So skal de segja med herrarne dykkar:
5 我用大能和伸出來的膀臂,創造大地和地上的人民、牲畜。我看給誰相宜,就把地給誰。
Eg hev gjort jordi, menneskja og dyri på jordi med mi store magt og min strake arm, og eg gjev dette til den eg tykkjer er den rette.
6 現在我將這些地都交給我僕人巴比倫王尼布甲尼撒的手,我也將田野的走獸給他使用。
Og no hev eg gjeve alle desse landi i henderne på Nebukadnessar, Babel-kongen, tenaren min; jamvel dyri på marki hev eg gjeve honom, so dei kann tena honom.
7 列國都必服事他和他的兒孫,直到他本國遭報的日期來到。那時,多國和大君王要使他作他們的奴僕。
Og alle folki skal tena honom og sonen hans og sonesonen hans, til dess tidi for hans land og er komi; då skal velduge folk og store kongar gjera honom til træl.
8 「無論哪一邦哪一國,不肯服事這巴比倫王尼布甲尼撒,也不把頸項放在巴比倫王的軛下,我必用刀劍、饑荒、瘟疫刑罰那邦,直到我藉巴比倫王的手將他們毀滅。這是耶和華說的。
Og det folket og det riket som ikkje vil tena honom, Nebukadnessar, Babel-kongen, og som ikkje vil bøygja halsen sin under Babel-kongens ok, det folket vil eg heimsøkja med sverd og svolt og sott, segjer Herren, til eg hev gjort ende på deim ved hans hand.
9 至於你們,不可聽從你們的先知和占卜的、圓夢的、觀兆的,以及行邪術的;他們告訴你們說:『你們不致服事巴比倫王。』
Og de no - lyd ikkje på profetarne dykkar og spåmennerne dykkar og på draumarne dykkar og på runekallarne og tauvrekallarne dykkar, som segjer med dykk: «De kjem ikkje til å tena Babel-kongen!»
10 他們向你們說假預言,要叫你們遷移,遠離本地,以致我將你們趕出去,使你們滅亡。
For lygn er det dei spår åt dykk, for at eg skal føra dykk langt burt frå landet dykkar og driva dykk burt, so de vert tynte.
11 但哪一邦肯把頸項放在巴比倫王的軛下服事他,我必使那邦仍在本地存留,得以耕種居住。這是耶和華說的。」
Men det folket som bøygjer halsen sin under Babel-kongens ok og tener honom, det vil eg lata vera i fred i landet sitt, segjer Herren, so dei kann dyrka det og bu i det.
12 我就照這一切的話對猶大王西底家說:「要把你們的頸項放在巴比倫王的軛下,服事他和他的百姓,便得存活。
Og til Sidkia, Juda-kongen, tala eg alle desse ordi og sagde: Bøyg halsen dykkar under Babel-kongens ok, og ten honom og folket hans! då skal de få liva.
13 你和你的百姓為何要因刀劍、饑荒、瘟疫死亡,正如耶和華論到不服事巴比倫王的那國說的話呢?
Kvi vil de døy, du og folket ditt, for sverd, av svolt og i sott, so som Herren hev tala um det folket som ikkje vil tena Babel-kongen?
14 不可聽那些先知對你們所說的話;他們說:『你們不致服事巴比倫王』,其實他們向你們說假預言。
Lyd ikkje på ordi åt dei profetarne som segjer med dykk: «De kjem ikkje til å tena Babel-kongen!» For lygn er det dei spår åt dykk.
15 耶和華說:『我並沒有打發他們,他們卻託我的名說假預言,好使我將你們和向你們說預言的那些先知趕出去,一同滅亡。』」
For eg hev ikkje sendt deim, segjer Herren, men dei spår lygn i mitt namn, for at eg skal driva dykk burt, so de vert tynte, de og dei profetarne som spår åt dykk.
16 我又對祭司和這眾民說:「耶和華如此說:你們不可聽那先知對你們所說的預言。他們說:『耶和華殿中的器皿快要從巴比倫帶回來』;其實他們向你們說假預言。
Og til prestarne og heile dette folket tala eg og sagde: So segjer Herren: Lyd ikkje på ordi åt profetarne dykkar når dei spår åt dykk og segjer: «Sjå, kjeraldi or Herrens hus vert no snart flutte heim att frå Babel!» for lygn er det dei spår åt dykk.
17 不可聽從他們,只管服事巴比倫王便得存活。這城何致變為荒場呢?
Lyd ikkje på deim, men ten Babel-kongen! So skal de få liva. Kvi skal denne byen verta til ei audn?
18 他們若果是先知,有耶和華的話臨到他們,讓他們祈求萬軍之耶和華,使那在耶和華殿中和猶大王宮內,並耶路撒冷剩下的器皿,不被帶到巴比倫去。(
Men um dei er profetar og hev Herrens ord, so kann dei beda Herren, allhers drott, at ikkje dei kjeraldi som er att i Herrens hus og i Juda-kongens hus og i Jerusalem, vert førde til Babel.
19 因為萬軍之耶和華論到柱子、銅海、盆座,並剩在這城裏的器皿,
For so segjer Herren, allhers drott, um sulorne og um havet og understelli og alle hine ting som endå er att i denne byen,
20 就是巴比倫王尼布甲尼撒擄掠猶大王約雅敬的兒子耶哥尼雅,和猶大、耶路撒冷一切貴冑的時候所沒有掠去的器皿。)
som Nebukadnessar, Babel-kongen, ikkje tok då han førde Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, i utlægd frå Jerusalem til Babel i lag med alt storfolket i Juda og Jerusalem -
21 論到那在耶和華殿中和猶大王宮內,並耶路撒冷剩下的器皿,萬軍之耶和華-以色列的上帝如此說:
ja, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud, um dei kjeraldi som er att i Herrens hus og i Juda-kongens hus og i Jerusalem:
22 必被帶到巴比倫存在那裏,直到我眷顧以色列人的日子。那時,我必將這器皿帶回來,交還此地。這是耶和華說的。」
Til Babel skal dei verta flutte, og der skal dei vera alt til den dagen eg ser etter deim, segjer Herren, og fører deim upp og attende til denne staden.