< 以賽亞書 23 >

1 論泰爾的默示: 他施的船隻都要哀號; 因為泰爾變為荒場, 甚至沒有房屋,沒有可進之路。 這消息是從基提地得來的。
Framsegn um Tyrus. Jamra dykk, de Tarsis-skip! For de er lagt i øyde, utan hus og utan heimkoma. Frå Kittims land fær dei fretnad um det.
2 沿海的居民, 就是素來靠航海西頓的商家得豐盛的, 你們當靜默無言。
Sit tagalle, de som bur på havstrandi! Kjøpmenner frå Sidon, sjøfarande menner, fyllte deg;
3 在大水之上, 西曷的糧食、 尼羅河的莊稼是泰爾的進項; 她作列國的大碼頭。
av sædet i Sihor og kornet ved Nilen gjorde du deg vinning, med di du for yver store vatn og dreiv handel millom folki.
4 西頓哪,你當慚愧; 因為大海說, 就是海中的保障說: 我沒有劬勞,也沒有生產, 沒有養育男子,也沒有撫養童女。
Men statt no der med skam, du Sidon; for so segjer havet, havborgi: «Eg hev ikkje vore barnsjuk og hev ikkje født born, ikkje ale unge menner eller fostra ungmøyar.»
5 這風聲傳到埃及; 埃及人為泰爾的風聲極其疼痛。
Når dei fær høyra dette i Egyptarland, so bivrar dei ved fretnaden um Tyrus.
6 泰爾人哪,你們當過到他施去; 沿海的居民哪,你們都當哀號。
Far yver til Tarsis og jamra dykk, de som bur på havstrandi.
7 這是你們歡樂的城, 從上古而有的嗎? 其中的居民往遠方寄居。
Er dette dykkar glade by, som rekna upphavet sitt frå eldegamle dagar, og som av føterne sine vert boren til land langt burte til å vera gjest der?
8 泰爾本是賜冠冕的。 她的商家是王子; 她的買賣人是世上的尊貴人。 遭遇如此是誰定的呢?
Kven hev tenkt ut dette mot Tyrus, mot henne som deilte ut kongekrunor - der som kjøpmennerne var fyrstar og kræmarane høyrde med til stormennerne på jordi?
9 是萬軍之耶和華所定的! 為要污辱一切高傲的榮耀, 使地上一切的尊貴人被藐視。
Herren, allhers drott, er den som hev tenkt det ut, han vilde vanhelga all skrøytande herlegdomen og vanæra alle desse stormennerne.
10 他施的民哪, 可以流行你的地,好像尼羅河; 不再有腰帶拘緊你。
Flød yver landet ditt, liksom Nilelvi, du dotter Tarsis! Du hev ingi demming meir.
11 耶和華已經向海伸手, 震動列國。 至於迦南, 他已經吩咐拆毀其中的保障。
Han rette ut handi si yver havet, han fekk kongeriki til å skjelva. Herren baud at borgerne i Kana’ans-landet skulde øydeleggjast.
12 他又說:受欺壓西頓的居民哪, 你必不得再歡樂。 起來!過到基提去; 就是在那裏也不得安歇。 (
Han sagde: «Du skal ikkje meir få gama deg, du valdtekne møy, dotter Sidon. Tak ut og far yver til Kittim, ikkje heller der skal du finna kvild.
13 看哪,迦勒底人之地向來沒有這民,這國是亞述人為住曠野的人所立的。現在他們建築戍樓,拆毀泰爾的宮殿,使她成為荒涼。)
Sjå landet åt kaldæarane, eit folk som ikkje var til, Assur gjorde grenderne deira til bustad for villdyri. Dei reiser no upp hertårni sine, dei riv ned slotti i byen og gjer honom til ein grushaug.
14 他施的船隻都要哀號, 因為你們的保障變為荒場。
Jamra dykk, de Tarsis-skip, for borgi dykkar er lagd i øyde.»
15 到那時,泰爾必被忘記七十年,照着一王的年日。七十年後,泰爾的景況必像妓女所唱的歌:
På den dagen skal Tyrus gløymast i sytti år, ein kongealder; men når sytti år er lidne, skal det ganga med Tyrus som det heiter i visa um skjøkja:
16 你這被忘記的妓女啊, 拿琴周流城內, 巧彈多唱,使人再想念你。
«Tak din cither og gakk umkring i byen, du gløymde skjøkja! Spel fagert, og syng trottugt, so dei kann koma deg i hug!»
17 七十年後,耶和華必眷顧泰爾,她就仍得利息,與地上的萬國交易。
Når dei sytti åri er lidne, skal Herren gjesta Tyrus, og ho skal atter få fara til å taka imot skjøkjeløn og driva utukt med alle kongeriki på den vide jord.
18 她的貨財和利息要歸耶和華為聖,必不積攢存留;因為她的貨財必為住在耶和華面前的人所得,使他們吃飽,穿耐久的衣服。
Men handelsvinsten hennar og skjøkjeløni skal verta helga åt Herren. Det skal ikkje leggjast upp eller gøymast, men dei som bur for Herrens åsyn, skal av denne vinsten hava rikeleg føda og prydelege klæde.

< 以賽亞書 23 >