< 創世記 33 >
1 雅各舉目觀看,見以掃來了,後頭跟着四百人,他就把孩子們分開交給利亞、拉結,和兩個使女,
Og Jakob skoda framyver, og sjå, der kom Esau og fire hundrad mann med honom. Då skifte han borni millom Lea og Rakel og båe ternorne,
2 並且叫兩個使女和她們的孩子在前頭,利亞和她的孩子在後頭,拉結和約瑟在儘後頭。
og sette ternorne og borni deira fremst, og Lea og borni hennar attanfor, og Rakel og Josef attarst.
3 他自己在他們前頭過去,一連七次俯伏在地才就近他哥哥。
Og sjølv gjekk han fram fyre deim, og bøygde seg nedåt jordi sju gonger, til dess han kom tett innåt bror sin.
4 以掃跑來迎接他,將他抱住,又摟着他的頸項,與他親嘴,兩個人就哭了。
Men Esau sprang imot honom, og tok honom i fanget, og lagde armarne um halsen hans, og kysste honom, og dei gret.
5 以掃舉目看見婦人孩子,就說:「這些和你同行的是誰呢?」雅各說:「這些孩子是上帝施恩給你的僕人的。」
Då han såg upp, vart han var konorne og borni; då sagde han: «Kva er dette for folk du hev med deg?» «Det er dei borni som Gud hev unnt tenaren din, » sagde Jakob.
So gjekk ternorne fram med borni sine og bøygde seg.
7 利亞和她的孩子也前來下拜;隨後約瑟和拉結也前來下拜。
Og Lea og borni hennar gjekk og fram og bøygde seg. Sidan gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg.
8 以掃說:「我所遇見的這些群畜是甚麼意思呢?」雅各說:「是要在我主面前蒙恩的。」
Då sagde han: «Kva vilde du med heile denne buskapen som eg møtte?» «Eg vilde gjera deg blid på meg, herre bror, » sagde hin.
9 以掃說:「兄弟啊,我的已經夠了,你的仍歸你吧!」
Då sagde Esau: «Eg hev nok, bror. Hav du sjølv det som ditt er!»
10 雅各說:「不然,我若在你眼前蒙恩,就求你從我手裏收下這禮物;因為我見了你的面,如同見了上帝的面,並且你容納了我。
«Å nei, kjære væne!» sagde Jakob. «Hev du noko godvilje for meg, so tak imot gåva mi! For då eg såg deg i andlitet, var det som eg såg Guds andlit, med di du var so blid imot meg.
11 求你收下我帶來給你的禮物;因為上帝恩待我,使我充足。」雅各再三地求他,他才收下了。
Kjære deg, tak imot gåva eg sende deg! For Gud hev vore god mot meg, og eg hev nok av alle slag.» Og han nøydde honom, til han tok imot det.
12 以掃說:「我們可以起身前往,我在你前頭走。」
So sagde Esau: «Lat oss taka ut og koma i vegen, so skal eg fara jamte med deg.»
13 雅各對他說:「我主知道孩子們年幼嬌嫩,牛羊也正在乳養的時候,若是催趕一天,群畜都必死了。
Men Jakob sagde: «Du veit, herre bror, at borni ikkje toler mykje, og eg hev lambsøyor og nybære kyr å taka vare på. Driv ein deim for hardt, um det berre er ein dag, so døyr heile buskapen.
14 求我主在僕人前頭走,我要量着在我面前群畜和孩子的力量慢慢地前行,直走到西珥我主那裏。」
Vil ikkje du gjera vel og fara fyre meg, herre bror! So kann eg rusla so smått, etter som drifterne og borni orkar til, til dess eg kjem til deg i Se’ir.»
15 以掃說:「容我把跟隨我的人留幾個在你這裏。」雅各說:「何必呢?只要在我主眼前蒙恩就是了。」
«So vil eg lata nokre av dei mennerne eg hev med, vera att hjå deg, » sagde Esau. «Kvi då?» sagde hin; «berre du vil vera blid på meg, herre bror!»
So snudde Esau um same dagen, og for sin veg heim att til Se’ir.
17 雅各就往疏割去,在那裏為自己蓋造房屋,又為牲畜搭棚;因此那地方名叫疏割。
Og Jakob tok vegen til Sukkot, og bygde seg eit hus, og til buskapen sin gjorde han skålar. Difor kallar dei den staden Sukkot.
18 雅各從巴旦‧亞蘭回來的時候,平平安安地到了迦南地的示劍城,在城東支搭帳棚,
Og Jakob kom seg vel fram til Sikemsbyen i Kana’ans-land, den gongen han for frå Mesopotamia, og han fann seg eit læger framanfor byen.
19 就用一百塊銀子向示劍的父親、哈抹的子孫買了支帳棚的那塊地,
Og det jordstykket som han hadde sett upp tjeldbudi si på, kjøpte han av sønerne hans Hemor, far åt Sikem, for hundrad gullpengar.
20 在那裏築了一座壇,起名叫伊利‧伊羅伊‧以色列 。
Og han bygde eit altar der, og kalla det: «Gud er Gud åt Israel».