< 以斯帖記 1 >
1 亞哈隨魯作王,從印度直到古實,統管一百二十七省。
Det hende seg i styringstidi åt Ahasveros - som rådde frå India alt til Ætiopia yver eit hundrad og sju og tjuge jarlerike -
i dei dagarne då kong Ahasveros sat på kongsstolen i borgi Susan:
3 在位第三年,為他一切首領臣僕設擺筵席,有波斯和米底亞的權貴,就是各省的貴冑與首領,在他面前。
i det tridje styringsåret hans gjorde han eit gjestebod for alle hovdingarne og tenarane sine, medan heren frå Persia og Media var samla hjå honom, saman med storfolket og jarlarne.
4 他把他榮耀之國的豐富和他美好威嚴的尊貴給他們看了許多日,就是一百八十日。
I mange dagar, eit hundrad og åtteti dagar, synte han deim sin kongelege rikdom og herlegdom og stordom med all dramb og drust.
5 這日子滿了,又為所有住書珊城的大小人民在御園的院子裏設擺筵席七日。
Då dei dagarne var lidne, gjorde kongen eit gjestebod i sju dagar for alt folket som fanst i borgi Susan, frå den høgste til den lægste, i den inngjerde hagen ved kongsborgi.
6 有白色、綠色、藍色的帳子,用細麻繩、紫色繩從銀環內繫在白玉石柱上;有金銀的床榻擺在紅、白、黃、黑玉石的鋪石地上。
Der hekk tjeld av kvitt lin og bomull og purpurblått ty, feste med kvite og purpur-raude snorer til sylvringar på kvite marmorsulor. Der stod benkjer av gull sylv, på eit golv av grønt og kvitt marmor og perlemorstein og svart stein.
7 用金器皿賜酒,器皿各有不同。御酒甚多,足顯王的厚意。
Drykkjerne vart skjenkte i gullstaup, kvart staup hadde sers skap. Og der var nøgdi av kongeleg vin, på kongevis.
8 喝酒有例,不准勉強人,因王吩咐宮裏的一切臣宰,讓人各隨己意。
Den fyresegni vart sett drikkingi, at ingen skulde nøydast; kongen hadde bode alle hovmeistrarne at dei skulde lata kvar mann få so mykje han sjølv hadde hug på.
9 王后瓦實提在亞哈隨魯王的宮內也為婦女設擺筵席。
Dronning Vasti gjorde samstundes eit gjestebod for kvinnorne i det kongelege huset åt kong Ahasveros.
10 第七日,亞哈隨魯王飲酒,心中快樂,就吩咐在他面前侍立的七個太監米戶幔、比斯他、哈波拿、比革他、亞拔他、西達、甲迦,
Sjuande dagen då kongen var fjåg av vinen, baud han dei sju hirdmennerne som gjorde tenesta hjå kong Ahasveros: Mehuman, Bizta, Harbona, Bigta, og Abagta, Zetar og Karkas,
11 請王后瓦實提頭戴王后的冠冕到王面前,使各等臣民看她的美貌,因為她容貌甚美。
at dei skulde henta dronning Vasti og leida henne fram for kongen, med kongskruna på, so han kunde syna fram vænleiken hennar for folki og for hovdingarne; for ho var fager å sjå til.
12 王后瓦實提卻不肯遵太監所傳的王命而來,所以王甚發怒,心如火燒。
Men dronning Vasti vilde ikkje koma, tråss i det kongsbodet hirdmennerne bar fram. Då vart kongen veldugt vreid, og harmen loga upp i honom.
13 那時,在王左右常見王面、國中坐高位的,有波斯和米底亞的七個大臣,就是甲示拿、示達、押瑪他、他施斯、米力、瑪西拿、米母干,都是達時務的明哲人。按王的常規,辦事必先詢問知例明法的人。王問他們說:
Kongen sagde til vismennerne, dei som hadde vit på tiderne - soleis vart alle kongssakar framlagde for deim som hadde vit på lov og rett,
og dei som stod honom næmast, var Karsena, Setar, Admata, Tarsis, Meres, Marsena og Memukan, dei sju hovdingarne i Persia og Media, som stod kongen næmast, og åtte øvste sæti i riket -:
15 「王后瓦實提不遵太監所傳的王命,照例應當怎樣辦理呢?」
«Kva skal det etter lovi gjerast med dronning Vasti, sidan ho ikkje lyder det bodet kong Ahasveros sende henne med hirdmennerne?»
16 米母干在王和眾首領面前回答說:「王后瓦實提這事,不但得罪王,並且有害於王各省的臣民;
Memukan tok til ords for kongen og hovdingarne: «Dronning Vasti hev ikkje berre forbrote seg mot kongen, men mot alle hovdingarne og alle folki i alle jarleriki åt kong Ahasveros.
17 因為王后這事必傳到眾婦人的耳中,說:『亞哈隨魯王吩咐王后瓦實提到王面前,她卻不來』,她們就藐視自己的丈夫。
Åtferdi hennar vil koma ut millom alle konorne, og vil føra til at dei vanvyrdar mennerne sine; for dei vil segja: «Kong Ahasveros baud at dei skulde føra dronning Vasti fram for honom, men ho kom ikkje!»
18 今日波斯和米底亞的眾夫人聽見王后這事,必向王的大臣照樣行;從此必大開藐視和忿怒之端。
Ja, alt i dag vil hovdingfruorne i Persia og Media høyra gjete åtferdi til dronningi og svara alle kongens hovdingar sameleis, og det vil verta nok av vanvyrdnad og harm.
19 王若以為美,就降旨寫在波斯和米底亞人的例中,永不更改,不准瓦實提再到王面前,將她王后的位分賜給比她還好的人。
Tekkjest det kongen, so lat eit kongebod verta utferda, og uppskrive millom loverne i Persia og Media, so det stend uruggeleg fast, at Vasti skal aldri meir koma fram for kong Ahasveros; hennar kongelege stand gjev kongen til ei onnor, som er likare enn ho.
20 所降的旨意傳遍通國(國度本來廣大),所有的婦人,無論丈夫貴賤都必尊敬他。」
Når dette kongelege påbodet vert utferda og kunngjort i heile kongens rike, so vida det rekk, då vil alle konor syna mennerne sine æra, frå dei høgste til dei lægste.»
21 王和眾首領都以米母干的話為美,王就照這話去行,
Dette ordet lika kongen og stormennerne godt, og kongen gjorde som Memukan hadde sagt.
22 發詔書,用各省的文字、各族的方言通知各省,使為丈夫的在家中作主,各說本地的方言。
Brev vart sende til alle jarledømi åt kongen, til kvart jarledøme med deira skrift og til kvart folk på deira tungemål: at kvar mann skulde vera herre i sitt hus, og tala sitt eige folkemål.