< 撒母耳記下 8 >

1 此後,大衛攻打非利士人,把他們治服,從他們手下奪取了京城的權柄;
Ei tid deretter vann David yver filistarane og lagde deim under seg. David fekk dermed teke taumarne yver hovudstaden utor henderne på filistarne.
2 又攻打摩押人,使他們躺臥在地上,用繩量一量:量二繩的殺了,量一繩的存留。摩押人就歸服大衛,給他進貢。
So vann han yver moabitarne; deim mælte han med ei snor, det vil segja: han let deim leggja seg ned på marki, og mælte med tvo snorlengder deim som skulde lata livet, og med ei snorlengd deim som skulde liva. Moabitarne vart David undergjevne og laut leggja skatt.
3 瑣巴王利合的兒子哈大底謝往大河去,要奪回他的國權。大衛就攻打他,
Dessutan vann David yver Soba-kongen Hadadezer Rehobsson, då han for i herferd og vilde tøygja magti si alt til Storelvi.
4 擒拿了他的馬兵一千七百,步兵二萬,將拉戰車的馬砍斷蹄筋,但留下一百輛車的馬。
David tok syttan hundrad hestfolk og tjuge tusund fotfolk. Og David let skjera sund hasarne på alle vognhestarne, sparde berre hundrad hestar.
5 大馬士革的亞蘭人來幫助瑣巴王哈大底謝,大衛就殺了亞蘭人二萬二千。
Då Syria-folket frå Damaskus kom Soba-kongen Hadadezer til hjelp, slo David tvo og tjuge tusund Syria-menner.
6 於是大衛在大馬士革的亞蘭地設立防營,亞蘭人就歸服他,給他進貢。大衛無論往哪裏去,耶和華都使他得勝。
David sette hervakter yver syrarane i Damaskus, og Syria-folket vart David undergjevne og laut leggja skatt. Soleis gav Herren David siger kvar helst han for fram.
7 他奪了哈大底謝臣僕所拿的金盾牌,帶到耶路撒冷。
David tok dei gylte skjoldarne som Hadadezer-folki hadde bore, og førde til Jerusalem.
8 大衛王又從屬哈大底謝的比他和比羅他城中奪取了許多的銅。
Og frå Hadadezer-byarne Betah og Berotai tok kong David store mengder av kopar.
9 哈馬王陀以聽見大衛殺敗哈大底謝的全軍,
Då Hamat-kongen To’i frette at David hadde vunne yver heile Hadadezer-heren,
10 就打發他兒子約蘭去見大衛王,問他的安,為他祝福,因為他殺敗了哈大底謝(原來陀以與哈大底謝常常爭戰)。約蘭帶了金銀銅的器皿來,
sende han Joram, son sin, til kong David til å helsa på honom og ynskja honom til lukka med krigen mot Hadadezer og med sigeren yver honom - for Hadadeser hadde jamt ført krig mot To’i - og han hadde med seg kostnadting av sylv, av gull og av kopar.
11 大衛王將這些器皿和他治服各國所得來的金銀都分別為聖,獻給耶和華,
Kong David vigde deim og til Herren, like eins som han hadde gjort med sylvet og gullet frå folki han hadde lagt under seg:
12 就是從亞蘭、摩押、亞捫、非利士、亞瑪力人所得來的,以及從瑣巴王利合的兒子哈大底謝所掠之物。
frå syrarane, moabitarne, ammonitarne, filistarane og amalekitarne; like eins med herfanget frå Soba-kongen Hadadezer Rehobsson.
13 大衛在鹽谷擊殺了亞蘭一萬八千人回來,就得了大名;
Då David kom heim etter sigeren yver syrarane, auka han frægdi si med di han slo attan tusund mann i Saltdalen.
14 又在以東全地設立防營,以東人就都歸服大衛。大衛無論往哪裏去,耶和華都使他得勝。
Han sette hervakter yver Edom; i heile Edomlandet sette han vakter; og alle edomitarne vart David undergjevne. Soleis gav Herren David siger kvar helst han drog fram.
15 大衛作以色列眾人的王,又向眾民秉公行義。
David var no konge yver heile Israel. Og David skipa lov og rett for heile folket sitt.
16 洗魯雅的兒子約押作元帥;亞希律的兒子約沙法作史官;
Joab Serujason var øvste herhovding. Josafat Ahiludsson var kanslar.
17 亞希突的兒子撒督和亞比亞他的兒子亞希米勒作祭司長;西萊雅作書記;
Sadok Ahitubsson og Ahimelek Abjatarsson var prestar. Og Seraja var riksskrivar.
18 耶何耶大的兒子比拿雅統轄基利提人和比利提人。大衛的眾子都作領袖。
Benaja Jojadason var hovding yver livvakti. Sønerne åt David var prestar.

< 撒母耳記下 8 >