< 撒母耳記下 10 >

1 此後,亞捫人的王死了,他兒子哈嫩接續他作王。
Det hende seg deretter at ammonitarkongen døydde. Og Hanun, son hans, vart konge etter honom.
2 大衛說:「我要照哈嫩的父親拿轄厚待我的恩典厚待哈嫩。」於是大衛差遣臣僕,為他喪父安慰他。大衛的臣僕到了亞捫人的境內。
Då sagde David: «Eg vil syna Hanun Nahasson venskap, liksom far hans synte meg venskap.» David sende nokre av tenarane sine til å trøysta honom i sorgi yver faren. Tenarane åt David kom til Ammonitarlandet.
3 但亞捫人的首領對他們的主哈嫩說:「大衛差人來安慰你,你想他是尊敬你父親嗎?他差臣僕來不是詳察窺探、要傾覆這城嗎?」
Då sagde ammonitarfyrstarne til Hanun, herren sin: «Trur du det er til heider for far din at David hev sendt trøystarar til deg? Å nei, David hev sendt tenarane til deg berre for di han vil granska byen og njosna, og sidan gjera enden på honom.»
4 哈嫩便將大衛臣僕的鬍鬚剃去一半,又割斷他們下半截的衣服,使他們露出下體,打發他們回去。
So tok Hanun tenarane hans David og let raka av deim halve skjegget og skjera klædi deira midt yver like upp til seten, og sende deim heim soleis.
5 有人告訴大衛,他就差人去迎接他們,(因為他們甚覺羞恥),告訴他們說:「可以住在耶利哥,等到鬍鬚長起再回來。」
Då David frette det, sende han folk til møtes med deim, og kongen let segja med deim: «Stana i Jeriko til dess skjegget hev vakse ut på dykk, so kann de koma heim att!» For mennerne hadde vorte øgjeleg svivyrde.
6 亞捫人知道大衛憎惡他們,就打發人去,招募伯‧利合的亞蘭人和瑣巴的亞蘭人,步兵二萬,與瑪迦王的人一千、陀伯人一萬二千。
Då no ammonitarne skyna dei hadde gjort David hatig på seg, sende dei bod og leigde tjuge tusund mann fotfolk, syrarar frå Bet-Rehob og syrarar frå Soba, eit tusund mann hjå kong Ma’aka, og tolv tusund av mannskapet åt Tob.
7 大衛聽見了,就差派約押統帶勇猛的全軍出去。
Då David høyrde gjete det, sende han Joab med heile heren, det vil segja dei djervaste stridsmennerne.
8 亞捫人出來,在城門前擺陣;瑣巴與利合的亞蘭人、陀伯人,並瑪迦人,另在郊野擺陣。
Ammonitarne drog ut og fylkte seg framfor byporten, medan syrarane frå Soba og Rehob og Tob-folket og Ma’aka-folket stod for seg sjølve på opi mark.
9 約押看見敵人在他前後擺陣,就從以色列軍中挑選精兵,使他們對着亞蘭人擺陣。
Då Joab gådde han laut vera budd på åtak både framme og bak, gjorde han eit utval millom dei utvalde Israels-hermennerne, og fylkte deim mot syrarane.
10 其餘的兵交與他兄弟亞比篩,對着亞捫人擺陣。
Resten av folket let han åt Abisai, bror sin, som so fylkte deim beint imot ammonitarne.
11 約押對亞比篩說:「亞蘭人若強過我,你就來幫助我;亞捫人若強過你,我就去幫助你。
Og han sagde: «Um syrarane vinn på meg, so kjem du meg til hjelp. Og um ammonitarne vinn på deg, so skal eg koma og hjelpa deg.
12 我們都當剛強,為本國的民和上帝的城邑作大丈夫。願耶和華憑他的意旨而行!」
Ver sterk! Lat oss syna oss sterke i striden for folket vårt og for byarne åt vår Gud! So fær Herren gjera det han tykkjer best.
13 於是,約押和跟隨他的人前進攻打亞蘭人;亞蘭人在約押面前逃跑。
Joab drog fram med mannskapet sitt og stridde mot syrarane, og dei rømde for honom.
14 亞捫人見亞蘭人逃跑,他們也在亞比篩面前逃跑進城。約押就離開亞捫人那裏,回耶路撒冷去了。
Då ammonitarne såg at syrarane rømde, so rømde dei og for Abisai, og sprang inn i byen. Og Joab drog burt frå ammonitarne og kom heim att til Jerusalem.
15 亞蘭人見自己被以色列人打敗,就又聚集。
Då syrarane såg at dei var slegne av Israel, samla dei seg i hop.
16 哈大底謝差遣人,將大河那邊的亞蘭人調來;他們到了希蘭,哈大底謝的將軍朔法率領他們。
Hadadezer baud ut dei syrarane som budde på hi sida Storelvi. Og dei kom til Helam, med Sobak, herhovdingen åt Hadadezer, til førar.
17 有人告訴大衛,他就聚集以色列眾人,過約旦河,來到希蘭。亞蘭人迎着大衛擺陣,與他打仗。
Då David spurde dette, stemnde han saman heile Israel, gjekk yver Jordan og kom til Helam. Syrarane fylkte seg og gjorde åtak på David og slost med honom.
18 亞蘭人在以色列人面前逃跑;大衛殺了亞蘭七百輛戰車的人,四萬馬兵,又殺了亞蘭的將軍朔法。
Men syrarane rømde for Israel, og David hogg ned sju hundrad krigshestar og fyrti tusund hestfolk av syrarheren; og herhovdingen Sobak fekk banehogg der.
19 屬哈大底謝的諸王見自己被以色列人打敗,就與以色列人和好,歸服他們。於是亞蘭人不敢再幫助亞捫人了。
Då alle lydkongarne under Hadadezer såg dei var slegne av Israel, gjorde dei fred med Israel og vart tenarane deira. So våga ikkje syrarane hjelpa ammonitarne meir.»

< 撒母耳記下 10 >