< 耶利米哀歌 1 >

1 先前满有人民的城, 现在何竟独坐! 先前在列国中为大的, 现在竟如寡妇; 先前在诸省中为王后的, 现在成为进贡的。
Kor sit ho då so einsleg, borgi den folkerike! Ho er vorti som ei enkja. Ho den velduge millom folki, fyrstinna millom byarne er trælkvinna vorti.
2 她夜间痛哭,泪流满腮; 在一切所亲爱的中间没有一个安慰她的。 她的朋友都以诡诈待她, 成为她的仇敌。
Ho græt so sårt um natti, og hennar tåror trillar på kinn. Ho hev ingen trøystar millom alle sine elskarar. Alle hennar vener hev svike henne, dei er vortne hennar fiendar.
3 犹大因遭遇苦难, 又因多服劳苦就迁到外邦。 她住在列国中,寻不着安息; 追逼她的都在狭窄之地将她追上。
Land laut Juda fly, utor trengsla og stor træling. Ho bur millom folki, finn ingen kvildarstad. Alle hennar forfylgjarar nådde henne på trongstigarne.
4 锡安的路径因无人来守圣节就悲伤; 她的城门凄凉; 她的祭司叹息; 她的处女受艰难,自己也愁苦。
Vegarne til Sion syrgjer av di ingen kjem til høgtiderne. Alle hennar portar er aude, hennar prestar sukkar. Hennar ungmøyar er sorgtyngde, og for henne sjølv er det beiskt.
5 她的敌人为首; 她的仇敌亨通; 因耶和华为她许多的罪过使她受苦; 她的孩童被敌人掳去。
Hennar uvener er vortne dei fremste, hennar fiendar er velnøgde. For Herren hev lagt sorgi på henne for hennar mange misgjerningar skuld. Hennar småborn for fangar burt framfor fiendens åsyn.
6 锡安城的威荣全都失去。 她的首领像找不着草场的鹿; 在追赶的人前无力行走。
So hev kvorve for Sions dotter all hennar pryda. Hennar hovdingar vart som hjortar som ikkje finn beite, og magtstolne gjekk dei der for forfylgjarens åsyn.
7 耶路撒冷在困苦窘迫之时, 就追想古时一切的乐境。 她百姓落在敌人手中,无人救济; 敌人看见,就因她的荒凉嗤笑。
Og i sin vesaldoms dagar, med ho flakkar ikring, kjem Jerusalem i hug sine hugnads-ting, som ho hadde i forne dagar. Då hennar folk fall i fiendehand, og ingen hjelpte henne, då såg fiendarne henne; dei log åt hennar tjon.
8 耶路撒冷大大犯罪, 所以成为不洁之物; 素来尊敬她的,见她赤露就都藐视她; 她自己也叹息退后。
Storleg hev Jerusalem synda, difor hev ho vorte eit styggje. Alle dei som æra henne, vanvyrder henne, for dei såg hennar skam. Ja, ho sjølv sukka og snudde seg ifrå.
9 她的污秽是在衣襟上; 她不思想自己的结局, 所以非常地败落, 无人安慰她。 她说:耶和华啊,求你看我的苦难, 因为仇敌夸大。
Utsulka er hennar klæde av hennar ureinska; ho tenkte ikkje på endelykti. Hennar fall var reint som eit under; ingen trøysta henne. Sjå, Herre, min stakarsdom, for fienden gjer seg stor.
10 敌人伸手,夺取她的美物; 她眼见外邦人进入她的圣所— 论这外邦人,你曾吩咐不可入你的会中。
Si hand rette fienden ut etter alle hennar hugnads-ting; ja, ho såg heidningar koma inn i hennar heilagdom, dei som var forbodne å koma i di samling.
11 她的民都叹息,寻求食物; 他们用美物换粮食,要救性命。 他们说:耶和华啊,求你观看, 因为我甚是卑贱。
Alt hennar folk sukkar med dei vil finna seg brød; dei gjev sine hugnads-ting for mat til å kveikja sjæli. Sjå, Herre, og skoda etter! for eg hev vorti svivyrd.
12 你们一切过路的人哪,这事你们不介意吗? 你们要观看: 有像这临到我的痛苦没有— 就是耶和华在他发烈怒的日子使我所受的苦?
Tek det dykk ikkje, alle de som fer vegen framum? Skoda etter og sjå, um ein lagnad var so tung som min - den sorgi Herren hev etla meg på sin brennande vreide-dag.
13 他从高天使火进入我的骨头, 克制了我; 他铺下网罗,绊我的脚, 使我转回; 他使我终日凄凉发昏。
Frå høgdi sende han eld i mine bein og trakka deim sund. Han breidde ut eit garn for mine føter, han støytte meg undan, han gjorde meg aud, sjuk all dagen.
14 我罪过的轭是他手所绑的, 犹如轭绳缚在我颈项上; 他使我的力量衰败。 主将我交在我所不能敌挡的人手中。
Mitt synde-ok batt han saman med si hand; ihopknytt er det lagt på min hals - tok magti ifrå meg. Herren hev gjeve meg i henderne på deim eg ikkje kann standa meg for.
15 主轻弃我中间的一切勇士, 招聚多人攻击我, 要压碎我的少年人。 主将犹大居民踹下, 像在酒榨中一样。
Herren agta for inkje alle dei velduge hjå meg; han hev kalla i hop ei samling mot meg til å krasa mine gutar. Herren trødde vinpersa for møyi dotteri Juda.
16 我因这些事哭泣; 我眼泪汪汪; 因为那当安慰我、救我性命的, 离我甚远。 我的儿女孤苦, 因为仇敌得了胜。
Yver dette græt eg; mitt auga, mitt auga let tårorne renna; langt burte frå meg er trøystaren som skulde kveikja mi sjæl. Mine born er tynte, for fienden vart den sterkaste.
17 锡安举手,无人安慰。 耶和华论雅各已经出令, 使四围的人作他仇敌; 耶路撒冷在他们中间像不洁之物。
Sion retter ut sine hender; ingen trøystar hev ho. Herren baud ut imot Jakob hans fiendar rundt ikring; Jerusalem byd deim imot som eitkvart ureint.
18 耶和华是公义的! 他这样待我,是因我违背他的命令。 众民哪,请听我的话, 看我的痛苦; 我的处女和少年人都被掳去。
Rettferdig er han, Herren; for eg gjorde meg hard mot hans munns ord. Høyr no, alle folk, og sjå min tunge lagnad; mine møyar og gutar for fangar burt.
19 我招呼我所亲爱的, 他们却愚弄我。 我的祭司和长老正寻求食物、救性命的时候, 就在城中绝气。
Eg kalla på mine elskarar; dei sveik meg. Mine prestar og styresmenner let livet i byen, med dei leita etter mat til å metta seg med.
20 耶和华啊,求你观看, 因为我在急难中。 我心肠扰乱; 我心在我里面翻转, 因我大大悖逆。 在外,刀剑使人丧子; 在家,犹如死亡。
Sjå, Herre, eg er i trengsla! Det syd inni bringa og barm, hjarta snur seg i mitt brjost, for eg var so tråssug. Ute hev sverdet gjort meg barnlaus, inne er det som dauden.
21 听见我叹息的有人; 安慰我的却无人! 我的仇敌都听见我所遭的患难; 因你做这事,他们都喜乐。 你必使你报告的日子来到, 他们就像我一样。
Dei høyrde kor eg sukka, eg; åt meg var der ingen trøystar. Alle mine fiendar høyrde um mi ulukka; dei gledde seg yver at du hadde gjort det. Men du let koma ein dag du hev forkynt; og då skal dei verta som eg.
22 愿他们的恶行都呈在你面前; 你怎样因我的一切罪过待我, 求你照样待他们; 因我叹息甚多,心中发昏。
Lat all deira vondskap koma for di åsyn, og gjer mot deim som du hev gjort mot meg for alle mine synder skuld. For mine sukkar er mange, og hjarta mitt er sjukt.

< 耶利米哀歌 1 >