< 申命记 7 >

1 “耶和华—你 神领你进入要得为业之地,从你面前赶出许多国民,就是赫人、革迦撒人、亚摩利人、迦南人、比利洗人、希未人、耶布斯人,共七国的民,都比你强大。
Sjå no fører Herren deg inn i det landet du etlar deg til, og vil for di skuld driva ut store folkeslag: hetitarne og girgasitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne, sju folk som er større og sterkare enn du;
2 耶和华—你 神将他们交给你击杀,那时你要把他们灭绝净尽,不可与他们立约,也不可怜恤他们。
men når han hev gjeve deim i di magt, og du hev vunne yver deim, då skal du bannstøyta deim; du må ikkje gjera nokor semja med deim, og ikkje gjeva deim grid;
3 不可与他们结亲。不可将你的女儿嫁他们的儿子,也不可叫你的儿子娶他们的女儿;
du må ikkje hava nokor hopegifting med deim; ikkje må du gjeva døtterne dine til sønerne deira, og ikkje taka døtterne deira til konor åt sønerne dine;
4 因为他必使你儿子转离不跟从主,去事奉别神,以致耶和华的怒气向你们发作,就速速地将你们灭绝。
for dei kunde få sønerne dine til å falla frå Herren og tena andre gudar, og då kom Herren til å harmast på dykk, og rydja dykk ut, og det fort.
5 你们却要这样待他们:拆毁他们的祭坛,打碎他们的柱像,砍下他们的木偶,用火焚烧他们雕刻的偶像。
Høyr no korleis de skal fara med desse folki: Altari deira skal de riva ned, og minnesteinarne skal de slå sund; dei heilage trei deira skal de fella, og avgudsbilæti skal de brenna upp.
6 因为你归耶和华—你 神为圣洁的民;耶和华—你 神从地上的万民中拣选你,特作自己的子民。
For du er eit heilagt folk, vigt åt Herren, din Gud; deg valde han ut millom alle folkeslag på jordi, og vilde du skulde vera hans eige folk.
7 “耶和华专爱你们,拣选你们,并非因你们的人数多于别民,原来你们的人数在万民中是最少的。
Ikkje av di du var større enn alle dei andre folki, tok Herren deg åt seg og kåra deg ut; for du er det minste av alle folk.
8 只因耶和华爱你们,又因要守他向你们列祖所起的誓,就用大能的手领你们出来,从为奴之家救赎你们脱离埃及王法老的手。
Men han elska deg, og vilde halda det han hadde lova federne dine; difor førde han deg burt med fast hand og fria deg ut or slavehuset, or henderne på Farao, egyptarkongen.
9 所以,你要知道耶和华—你的 神,他是 神,是信实的 神;向爱他、守他诫命的人守约,施慈爱,直到千代;
So må du då vita at Herren, din Gud, han er den rette Gud, den trufaste Gud, som held det han lovar. Mot deim som elskar honom og held bodi hans, gjer han vel i tusunde leden,
10 向恨他的人当面报应他们,将他们灭绝。凡恨他的人必报应他们,决不迟延。
og deim som hatar honom, gjev han løni på loven, og let deim ganga til grunnar; han held ikkje att løni for deim, men greider henne midt upp i handi deira.
11 所以,你要谨守遵行我今日所吩咐你的诫命、律例、典章。”
So kom då i hug dei bodi og fyresegnerne og loverne som eg ber fram for deg i dag, og liv etter deim!
12 “你们果然听从这些典章,谨守遵行,耶和华—你 神就必照他向你列祖所起的誓守约,施慈爱。
Lyder du no etter desse bodi, og kjem deim i hug, og held deim, so skal Herren, din Gud, koma i hug den truskap og nåde han lova federne dine;
13 他必爱你,赐福与你,使你人数增多,也必在他向你列祖起誓应许给你的地上赐福与你身所生的,地所产的,并你的五谷、新酒,和油,以及牛犊、羊羔。
han skal elska deg, og velsigna deg, og auka ætti di; han skal velsigna både det du avlar og det du el: kornet og druvesafti og oljen, det som fell undan storfeet og det som kjem til i småfenadflokken, på den jordi han lova federne dine å gjeva deg.
14 你必蒙福胜过万民;你们的男女没有不能生养的,牲畜也没有不能生育的。
Velsigna skal du vera framum alle folkeslag. Hjå deg skal det aldri finnast eit liv, korkje av folk eller fe, som vantar avkjøme.
15 耶和华必使一切的病症离开你;你所知道埃及各样的恶疾,他不加在你身上,只加在一切恨你的人身上。
All sjukdom skal Herren halda burte frå deg, og alle dei vonde sotterne du kjenner frå Egyptarland, deim skal han ikkje leggja på deg, men på dine fiendar skal han leggja deim.
16 耶和华—你 神所要交给你的一切人民,你要将他们除灭;你眼不可顾惜他们。你也不可事奉他们的神,因这必成为你的网罗。
Alle dei folki Herren, din Gud, gjev deg magt yver, skal du tyna, og ikkje kvida deg for å drepa deim. Og aldri må du tena gudarne deira; for det vert ulukka di.
17 “你若心里说,这些国的民比我更多,我怎能赶出他们呢?
Men um du tenkjer som so: «Desse folki er sterkare enn eg! korleis kann eg driva deim ut?»
18 你不要惧怕他们,要牢牢记念耶和华—你 神向法老和埃及全地所行的事,
so ver ikkje rædd deim for det! Kom i hug kva Herren, din Gud, gjorde med Farao og alle egyptarane,
19 就是你亲眼所看见的大试验、神迹、奇事,和大能的手,并伸出来的膀臂,都是耶和华—你 神领你出来所用的。耶和华—你 神必照样待你所惧怕的一切人民。
dei store plågorne du såg for augo dine, og teikni og underi som hende då Herren med fast hand og strak arm henta deg ut or Egyptarlandet; det same skal Herren, din Gud, gjera med alle dei folki du ræddast for.
20 并且耶和华—你 神必打发黄蜂飞到他们中间,直到那剩下而藏躲的人从你面前灭亡。
Endå kvefsen skal han senda imot dei, til alle dei er burte som var att og hadde løynt seg for deg.
21 你不要因他们惊恐,因为耶和华—你 神在你们中间是大而可畏的 神。
Du skal ikkje fæla deg for deim; for Herren, din Gud, er med deg, ein stor og ageleg Gud.
22 耶和华—你 神必将这些国的民从你面前渐渐赶出;你不可把他们速速灭尽,恐怕野地的兽多起来害你。
Smått um senn skal Herren driva desse folki ut for deg; du skal ikkje få øyda deim ut med ein gong; for då kom villdyri til å auka for mykje.
23 耶和华—你 神必将他们交给你,大大地扰乱他们,直到他们灭绝了;
Herren, din Gud, skal gjeva deg magt yver deim; han skal fjetra deim, so dei ikkje veit anten att eller fram, og vert nedhogne.
24 又要将他们的君王交在你手中,你就使他们的名从天下消灭。必无一人能在你面前站立得住,直到你将他们灭绝了。
Kongarne deira og skal han gjeva i ditt vald, og du skal rydja ut namni deira or verdi. Ingen skal kunna standa seg mot deg; du skal øyda deim ut for ende.
25 他们雕刻的神像,你们要用火焚烧;其上的金银,你不可贪图,也不可收取,免得你因此陷入网罗;这原是耶和华—你 神所憎恶的。
Gudebilæti deira skal du kasta på elden, og ikkje bry deg um sylvet og gullet på deim, eller eigna det til deg; det vilde føra deg i ulukka; for det er ein styggedom for Herren, din Gud,
26 可憎的物,你不可带进家去;不然,你就成了当毁灭的,与那物一样。你要十分厌恶,十分憎嫌,因为这是当毁灭的物。”
og slik styggedom skal du ikkje hava inn i huset ditt, so du vert forbanna liksom det; du skal styggjast ved det og sky det; for det er bannstøytt.

< 申命记 7 >