< 阿摩司书 4 >
1 你们住撒马利亚山如巴珊母牛的啊, 当听我的话— 你们欺负贫寒的,压碎穷乏的, 对家主说:拿酒来,我们喝吧!
Det skal høyra på dette ordet, de Basans kyr, som er på Samariafjellet, de som piner dei små og dei arme mun slå, som segjer til dykkar herrar: «Lat oss få so me kann drikka!»
2 主耶和华指着自己的圣洁起誓说: 日子快到,人必用钩子将你们钩去, 用鱼钩将你们余剩的钩去。
Herren, Herren, svor ved sin heilagdom: Sjå, dagar det koma skal yver dykk då med hakar dei hentar dykk fram og resten med krokar dreg upp.
3 你们各人必从破口直往前行, 投入哈门。 这是耶和华说的。
Gjenom sprunger i muren fer det, ei um senn, og kastar gudarne burt, segjer Herren.
4 以色列人哪,任你们往伯特利去犯罪, 到吉甲加增罪过; 每日早晨献上你们的祭物, 每三日奉上你们的十分之一。
Kom til Betel og gjer synd, til Gilgal og synda enn meir; kvar morgon slagtoffer ber fram, kvar tridje dagen tiend,
5 任你们献有酵的感谢祭, 把甘心祭宣传报告给众人, 因为是你们所喜爱的。 这是主耶和华说的。
Til takkoffer syra brød brenn, lys ut at de fri-offer gjer. For slikt mun de lika, de Israels born, segjer Herren, Herren.
6 我使你们在一切城中牙齿干净, 在你们各处粮食缺乏, 你们仍不归向我。 这是耶和华说的。
Det var eg som let dykk i kvar ein by vanta maten i munn, brødløysa gav eg i kvar ein heim. Og De vende’kje um til meg, segjer Herren.
7 在收割的前三月,我使雨停止, 不降在你们那里; 我降雨在这城, 不降雨在那城; 这块地有雨, 那块地无雨; 无雨的就枯干了。
Det var eg som heldt regnet attende tri månader fyre skurden. Eg gav regn til den eine byen, den andre byen fekk ingen ting. Den eine åkren fekk regn, og den åkren som ikkje fekk regn, han turka burt.
8 这样,两三城的人凑到一城去找水, 却喝不足; 你们仍不归向我。 这是耶和华说的。
Og tvo, tri byar gjekk til ein by til ein vatsdrykk å få, og dei fekk ikkje nok. Men de vende’kje um til meg, segjer Herren.
9 我以旱风、霉烂攻击你们, 你们园中许多菜蔬、葡萄树、 无花果树、橄榄树都被剪虫所吃; 你们仍不归向我。 这是耶和华说的。
Kornet eg slo med sotbrand og rust, og hagarne mange og vinbergi og fike- og oljetrei. Deim åt grashoppen upp. Men de vende’kje um til meg, segjer Herren.
10 我降瘟疫在你们中间, 像在埃及一样; 用刀杀戮你们的少年人, 使你们的马匹被掳掠, 营中尸首的臭气扑鼻; 你们仍不归向我。 这是耶和华说的。
Eg sende sotti på dykk liksom i Egypt. Eg drap dykkar gutar med sverd. Hestarn’ vart herfang. Eg let dykk illtev frå valen i nasarne få. Men de vende’kje um til meg, segjer Herren.
11 我倾覆你们中间的城邑, 如同我从前倾覆所多玛、蛾摩拉一样, 使你们好像从火中抽出来的一根柴; 你们仍不归向我。 这是耶和华说的。
Eg gjorde ein omstøyt ibland dykk, som då Gud støytte ned Sodoma og Gomorra. Og de vart som ein brand berga or eld. Men de vende’kje um til meg, segjer Herren.
12 以色列啊,我必向你如此行; 以色列啊,我既这样行, 你当预备迎见你的 神。
Difor gjer eg med deg, Israel, so. Sidan eg gjerne vil gjera so med deg, bu deg til å møta din Gud, Israel.
13 那创山、造风、将心意指示人、 使晨光变为幽暗、脚踏在地之高处的, 他的名是耶和华—万军之 神。
For sjå: Han som lagar fjelli og skaper vinden, og ein mann sine tankar fortel, og myrker bryt til morgonljos, han som stig på jordheims haugar - Herren, allhers drott, er namnet hans.