< 啟示錄 1 >

1 耶穌基督的啟示,是天主賜給他,叫他把那些必須快要發生的事,指示給自己的僕人們;他遂打發天使,告訴自己的僕人若望;
Jesu Kristi openberring, som Gud gav honom til å visa tenarane sine det som snart skal hendast; og han sende bod ved engelen sin og synte det i teikn for tenaren sin Johannes,
2 若望便為天主的話和為耶穌基督作了見證,即對他所見到的一切作了證。
som hev vitna um Guds ord og Jesu Kristi vitnemål, alt det han såg.
3 那誦讀和那些聽了這預言,而又遵行書中所記載的,是有福的!因為時期已臨近了。
Sæl er den som les og dei som høyrer det profetiske ord og gøymer det som stend skrive der; for tidi er nær!
4 若望致書給亞細亞的七個教會:願恩寵與平安由那今在、昔在及將來永在者,由在他寶座前的七神,
Johannes til dei sju kyrkjelydarne i Asia: Nåde vere med dykk og fred frå honom som er og som var og som kjem, og frå dei sju ånder som er framfor hans kongsstol,
5 並由那原為忠實的見證,死者中的首生者,和地上萬王的元首耶穌基督賜與你們。願光榮與權能歸於那愛我們,並以自己的血解救我們脫離我們的罪過,
og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den fyrstefødde av dei daude og herren yver kongarne på jordi! Honom som elskar oss og hev fria oss frå synderne våre med sitt blod,
6 使我們成為國度,成為侍奉他的天主和父的司祭的那位,直到萬世萬代。阿們。 (aiōn g165)
og som hev gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud og sin Fader, honom tilhøyrer æra og magti i all æva! Amen. (aiōn g165)
7 看,他乘著雲彩降來,眾目都要瞻望他,連那些刺透了他的人,也要瞻望他,地上的各種族都要哀悼他。的確這樣。阿們。
Sjå, han kjem med skyerne, og kvart auga skal sjå honom, ogso dei som hev gjenomstunge honom, og alle ætter på jordi skal gråta sårt for honom. Ja, Amen!
8 「我是『阿耳法』和『敖默加』,」那今在、昔在及將來永在的全能者上主天主這樣說。
Eg er A og Å, segjer Herren Gud, han som er og som var og som kjem, den Allmegtige.
9 我若望,你們的弟兄,並在耶穌內與你們共患難,同王權和同忍耐的,為天主的話,並為給耶穌作證,曾到了一座名叫帕特摩的海島上。
Eg, Johannes, som er dykkar bror og luthavande i trengsla og i riket og i tolmodet i Jesus, eg var på den øyi som heiter Patmos, for Guds ord og Jesu vitnemål skuld.
10 在一個主日上,我在神魂超拔中,聽見在我背後有一個大聲音,好似號角的聲音,
Eg var burtrykt i Anden på Herrens dag, og eg høyrde attanfor meg ei sterk røyst som av ein basun, som sagde:
11 說:「將你所聽見的寫在書上,送到厄弗所、斯米納、培爾加摩、提雅提辣,撒爾德、非拉德非雅和勞狄刻雅七個教會。」
«Det du ser, skriv det upp i ei bok og send det til dei sju kyrkjelydarne, til Efesus og til Smyrna og til Pergamum og til Tyatira og til Sardes og til Filadelfia og til Laodikea!»
12 我就轉過身來,要看看那同我說話的聲音;我一轉身就看見了七盞金燈臺,
Og eg snudde meg, so eg kunde sjå røysti som tala med meg, og då eg snudde meg, såg eg sju ljosestakar av gull,
13 在燈臺當中有似人子的一位,身穿長衣,胸間佩有金帶。
og midt imillom dei sju ljosestakarne ein som var lik ein menneskjeson, klædd i ein fotsid kjole og umbunden under bringa med eit gullbelte,
14 他的頭和頭髮皓白,有如潔白的羊毛,又如同雪;他的眼睛有如火燄;
og hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull, som snø, og augo hans som eldsloge,
15 他的腳相似在烈窯中燒煉的光銅;他的聲音有如大水的響聲;
og føterne hans var liksom skinande kopar, som dei var glødde i ein omn, og røysti hans var som ljod av mange vatn.
16 他的右手持有七顆星;從他的口中發出一把雙刃的利劍;他的面容有如發光正烈的太陽。
Og han hadde sju stjernor i si høgre hand, og eit tvieggja kvast sverd gjekk ut or munnen hans, og hans åsyn var som soli når ho skin i si kraft.
17 我一看見他,就跌倒在他腳前,有如死人,他遂把右手按在我身上說:「不要害怕!我是元始,我是終末,
Og då eg såg honom, fall eg ned for føterne hans som ein daud; og han lagde si høgre hand på meg og sagde:
18 我是生活的;我曾死過,可是,看,我如今卻活著,一直到萬世萬代;我持有死亡和陰府的鑰匙, (aiōn g165, Hadēs g86)
«Ottast ikkje! eg er den fyrste og den siste og den livande; og eg var daud, og sjå, eg er livande i all æva! Og eg hev lyklarne til dauden og til helheimen. (aiōn g165, Hadēs g86)
19 所以你應把你看見的事,現今的,以及這些事以後要發生的事,都寫下來。
Skriv då det du såg, både det som er, og det som skal henda heretter,
20 至於你看見在我右手中的七顆星,和七盞金燈臺的奧義,就是:七顆星是指七個教會的天使,七盞燈臺是指七個教會。」
løyndomen med dei sju stjernorne som du såg i mi høgre hand, og dei sju gull-ljosestakarne! Dei sju stjernorne er englar for dei sju kyrkjelydarne, og dei sju ljosestakarne er dei sju kyrkjelydarne.»

< 啟示錄 1 >